tirsdag 30. juli 2019

Vil gjerne seie at livet i Poznan var interessant, fordi det var hardt.

Eg fekk litt second thoughts om katolisisme. Katolisismen er solid og god. Men kan den inspirere til folkeleg engasjement og kreativitet? Litt usikker. Det er problem med alt, liksom. Men kommunismen er jo den store ulven her.

I Poznan var det antisemittisme og høgreekstremisme. Arven frå Prøyssen? Synagogen var mislikt og forfalt, og det jødiske fellesskapet hadde etter alt å døme gått under jorda.

I Poznan var det ei ung jente på kjøpesenteret som forklara oss om klatreparken. Ho hadde sjølvkuttingsmerker oppetter armane, mange også. Ho var vakker og venleg og sårbar.

I Poznan hadde nær sagt alle unge menneske store tatoveringar. Hovudskallar, løver, monster o. a. "Don't tread on me!!!!!" Kultur og mentalitet skrive på kroppen.

I Poznan har trikken frå fotballkamp politieskorte med blåljos for å unngå slagsmål. Fansen slo i trikken så metallet smalt. Bomber gjekk av utanfor stadion.

I Poznan såg eg ein ung mann som var sint på dama si og nesten tok kvelartak på henne. Han hadde to vener som var store som oksar.

I Poznan var alle reale mot oss, om enn ikkje alltid høflege (ofte direkte uhøflege, utan å forstå det sjølv). Men reale og alltid ordentlege når vi tala med dei. Eg har respekt for det, altså. Og eit smil var ektefølt.

I Poznan var det også trygt å vere, kjentest det som. Ingen ubehagelege hendingar for oss, i praksis. Ikkje søppel på gatene, og det verka som folk hadde eit slags skjebnefellesskap. Dei var kua, men stod saman, på ein måte.

I Poznan veit dei unge folka kva det vil seie å vere mann og kva det vil seie å vere kvinne. No kidding heller. Veldig tankevekkande. Dei kunne lære meg viktige ting om livet, som ikkje kyrkja kan lære meg. Eg forstod så mykje meir no.

I Poznan er det mange katolske kyrkjer, men berre ei evangelisk kyrkje og ei ortodoks kyrkje (og der var eg på gudsteneste).

I Poznan var det lite musikk og kultur, berre DJ- og housekonsertar. Og ein cubansk konsert som mest var til for å trekke folk til å drikke alkohol. Volumet var altfor høgt. (Så idiotisk).

I Poznan var det 500000 innbyggjarar, men nesten ikkje mogleg å få kjøpt fisk. Og innmat? Fuggedaboutit. Ikkje fisk - kva et folk? Det fanst nesten ingen matbutikkar, berre kioskar. Mange såg slitne ut, mange eldre var veldig tjukke.

I Poznan var det mange som ynskte noko rikare å leve for, og heile min norske kultur, og VT-kulturen kom i nytt ljos. Bondekulturen, meiner eg. Og bygdekulturen. Hoiameg, ja. Så mykje godt det skjer i Kviteseid.

I Poznan skilte vi oss ut. Litt som "bøndar i byen", litt som "venlege og mjuke" menneske, litt som fargerike menneske, litt som vellukka menneske med sjølvtillit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar