mandag 29. juli 2019

Vi lever i eit scenario, ikkje som observatørar.

"Life will pass you by"

"Deltakar, ikkje tilskodar"

Ikkje stå på sidelina i livet.



Det går djupare.


Ein kan tenke at verda kan forståast ut frå modellar, logikk, proposisjonar, lover, setningar. Det er ein typisk moderne modell. For å gripe verda, for å få kontroll.

Men kva om det langt på veg er ein illusjon, og at det som i større grad gjeld, er visdom, og at visdomen kjem ved å leve i kultur, i tradisjon, og i sjølve livet? Å ta del. Å delta.

"Ta del". "Ta del".

"Ta". Ei aktiv handling. Gripe.

"Del". I noko som er større. Vere med. Del av eit heile.


Når ein har ærlege og vise vener og medmenneske og familie som ein kan dele dette med, og få hjelp til å leve og TA DEL, så er det meir verdt enn gull. Meir verdt enn gull.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar