tirsdag 2. juli 2019

Veganarar vil ikkje ete dyr. He. Som alltid kan ein ha forståing for det. Det gjevast grunnar. Jfr. grisedokumentaren. Nokre grunnar er ikkje så gode, men.

Vi skal ikkje ete dyr fordi dei døyr av det.

He.

Eg meiner.

Veganisme er også "slow suicide", for kroppen treng mykje næring som kun gjevast i kjøt, fortrinnsvis lever, nyre, tunge, hjarta, bein, blod, sener.

I urkulturar tenker ein ofte at ein får krafta frå den kroppsdelen ein et, og frå dyret. Eg likar den tanken.

Men eg meiner. Vi er i konstant interaksjon med omgjevnadene våre uansett. Lufta og sola og vatnet, ja. Framfor alt bakteriar, men også ei mengd andre mikroorganismar. Dei ET oss. Vi ET dei. (Fortrinnsvis i fermentert mat).

Planter er også levande, og har sine kjensler og tankar. Vi må også ete dei. Tough luck.

Eliade skriv om at offertanken har å gjere med ei slags "forsoning" med skaparverket som ein bryt inn i når ein drep og et og haustar.

Crazy, ikkje sant??? Crazy, I tell you!!

Ja - men når ein ser grisedokumentaren kan ein saktens lure på kven som er mest crazy. Eg veit kven eg ville sagt.

Eg tenkte på dette, for helseproblem er også variantar av det same. At mikroorganismar ser sitt snitt til å bruke oss menneske - og vi må kjempe mot dei, og drepe dei.

Men betre: Finne ein måte å leve i harmoni med omgjevnadene våre - inkludert mikroorganismar. Det krev ein slags heilskapleg innfallsvinkel til livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar