mandag 15. juli 2019

Teologi og makt.

Kyrkja har makt. Moderne tid er skeptisk til dette. Med god grunn, kan ein seie. Men kyrkja har vore "på sitt verste" i maktbruk når den har stått imot endå større maktmisbruk. Nokre gonger har også kyrkja stått for reint maktmisbruk. Jamvel i beste meining.

I Noreg, og i mitt liv, er det sosiale liv "cushioned". I kyrkja er det VELDIG sånn. Vi er varsame, vi tek hint, vi uttrykker ikkje aggresjon. Det fungerer ofte bra. Ein kan hinte, og folk tek hintet.

Det kan også utvikle seg til dobbeltkommunikasjon, naturlegvis. Eg seier noko, men kroppen og kjenslene avslører at eg meiner noko anna. Det er jo eit klassisk problem i mange kulturar. Eit vanleg problem i mitt liv.

På sundag talar Jesus om å påtale synd i kyrkjelyden. Eg tenkte mykje på denne teksten. Den er prega av Jesu frykt for at synd (som kan seiast å vere "satan") vil føre menneske til hælvette. Men også frykt for at synda kan ramme dei svakaste. Jesus formanar til bruk av makt for å ta oppgjer med synda.

Ein vanskeleg tekst, dels fordi Jesu apokalyptiske domsforståing ikkje delast av meg. Men også fordi teksten involverer makt og konfrontasjon. Eg sa gode ord, trur eg. Freista å setje teksten i eit godt ljos. Men di meir eg tenkte på det, di meir skjøna eg at "synd" faktisk kan vere ein ekte faktor.

Opplagt: Tenk på nazistane som ville bruke kyrkjemakta for å drepe jødar, psykisk utviklingshemma og andre. Yessir. Då kom Jesu ord til sin rett.

Men maktutøving som ikkje er av det gode, kan også vere skjult. Som når "cushioning" og "hint" ikkje fungerer, dvs. nokon utnyttar at situasjonar dobbeltkommuniserer og at folk er milde (for milde, antakeleg). Eller: Når makt utøvast i namnet til Gud, Jesus, kristendom etc. etc.


Eit vesentleg poeng som eg understreka i preika, er at Jesus er ein visdomslærar. Dei kristne ville seie at han er "Visdomen", d. e. Guds skapande "energi" i verda. Jesus seier dermed visdomsord, som går hit og dit, slik visdom ofte gjer. Nokon ler og seier at ordtak kan vere motsigande. Er det sant at "sterkast er den som står åleine", eller er det heller sant at ein treng nokon å støtte seg på? Etc. Saka er at båe kan vere sanne, og at det krevst visdom å vite når prinsippa "apply".

Av og til vil Visdomen seie: "Døm ikkje!" "Nei, iretteset du no, då er du sanneleg ein hyklar". Av og til Visdomen seie: "Iretteset du ikkje no, så er du dvask, og du tillet det vonde."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar