søndag 21. juli 2019

Tankar:

Traff ein mann som var interessert i teseremoniar og zen. Fin samtale. Han sa at i kvardagen kunne ein tenke at ein hang i ein trapes, med fart. Det gjaldt å sleppe taket når ein var i fart - då var ein fri, og alt kunne skje. Så ta tak i noko nytt som dukka opp. Eg lika den tanken. Det er ein metafor som skaper eit sug i magen.

Det er klart at NLM står i akutt fare for sekterisme, men kvifor bryr eg meg? Ei årsak: Dei som hadde ansvar for teologien, var min andelege "far," og hadde enorm innflytelse på meg i ein alder der mykje legg seg, av verdiar, relasjonar, oppfatningar og anna. Kjenslene mine fortel at eg kjenner meg grovt svikta av dei - og dei ser ikkje alvoret i det dei gjorde, og tek ikkje på seg eit ansvar dei faktisk hadde.

Å vere i NLM kan vere veldig godt og sunt - med fellesskap, meining, utvikling. Å ta (den fundamentalistiske) teologien seriøst, er som å drikke gift, eller som å få ein alvorleg infeksjon i kroppen. Oh boy. Og det er sånn - så lenge dei som spreier denne teologien, ikkje er villige til å lytte til kritikk, trur eg det rett og slett er viktig å åtvare menneske direkte mot både den og det leiarskapet som spreier den. Dei er ikkje ansvarlege - og heller ikkje kompetente, og når det gjeld teologi og spiritualitet, er det fullt av moralske bristar ute og går. Men klart - det finst årsaker til at dei kjenner seg forplikta til dette forkvakla systemet. Og det dreier seg om komplekse og vanskelege konfliktar. Det dreier seg ikkje om vond vilje. (Trur eg).

Dette handlar også om å vekse opp, ikkje sant. Har ein lov å vekse opp, som kristen? Spørsmålet er klassisk i moderniteten. Nietszche drøfta det mykje, ikkje sant. Har ein fridom til å konstruere teologi? Fridom til genuin kreativitet? Fridom til å utøve makt og autoritet? Fridom til å velje, tenke, føle? Fridom til å "let things go"? Fridom til å bruke kropp? Fridom til å vere tøff og karsleg? ETC.

Jo - men ikkje heilt utan røyndomsgjeve struktur og rammer. Det er berre å ha ei slags erkjenning av kva desse rammene er. Der slit norsk protestantisme, og norsk samfunn, veldig mykje. Ein oscillerer mellom sterk konservatisme (sterk kontroll, snevre rom) og sterk liberalisme (for lite rammer, fridom som opnar for maktmisbruk og skade). Det er ein vanskeleg situasjon å vere i - veldig krevjande. Mange vel anten å droppe kristendomen heilt, eller å bli superkonservative. Eller også å bli rundleg folkekyrkjelege (antakeleg den beste løysinga, men eg har naturlegvis forståing for andre).

Jeje. Som David Hume sa det så godt. Når han blir sliten i hovudet av filosofi, og køyrer seg fast, så går han ut ein tur og tek eit slag kort med gode vener. Når han er ferdig med det, har han heilt gløymt kva det var han tenkte på, og problemet er borte. Let go of the trapeze, right.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar