fredag 19. juli 2019

Sosial atomisme. J Mayer syng om livet sitt: "Am I living it right?" Eller "Who says I can't... [do this or that]." Grunn til å spørje. For min del har eg skjøna at det har verkeleg verdi å etterlikne andre, når andre lever i ein sunn kultur. Ingen grunn til å bryte normer og skikkar og kultur om ein ikkje må. Heller grunn til respektere og vidareføre og "blend in" - til beste for fellesskapet og andre menneske. Det blir meir smertefritt då. Eg veit ikkje om eg klarer det. Ein som ikkje har eigen familie, er allereie sårbar og i ein slags faresone. For meg er det godt med Vest-Telemark og familie og nære vener.

Før trudde eg at eg berre kunne lese Bibelen og fylgje den etc., og at dette ville vere eit godt nok fundament for livet mitt. Det vart jamvel polemisert eksplisitt imot det å vere "kulturkristen" og å forme livet sitt etter kultur. Nok eit døme på... aaggghh, no blir eg frustrert igjen, trur eg får stoppe der. Men om ei kyrkje eller andre seier det, så er det verkeleg uvettig og uansvarleg. Men desse tinga har teologiske røter, så å seie. Så noko anna må seiast, i staden - noko som verdset betre kulturen og det skapte og det kvardagslege. Og ser Gud i det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar