onsdag 3. juli 2019

Nordmenn er på mange vis lukka, litt som automatar. Dvs. når dei ikkje er fulle.

Bilderesultat for social guidebook to norway

Eg kan forstå noko av dette. At ein må lukke seg for å beskytte seg. Dersom ein ikkje delar kultur og tradisjon og fellesskap!

For dersom ein opnar seg, og ikkje veit kva som vil kome i retur, kva som vil bli sagt, påstått, formana, påtala - så kan det vere farleg og smertefullt.

Slik er det jo også dels med religion i Noreg. Vi manglar breie tradisjonar for høgtider, livsval, livsmønster, spiritualitet, kjensler, samliv etc. etc. Ikkje det - mykje må kvar og ein finne ut sjølv. Men så mykje? Utan rammer, tradisjonar, symbol, liturgiar, forteljingar, tradisjonar? Jo, vi må jo ha det.


Eg tenker på dette. At sjølv-vern også er nødvendig. Men korleis, på kva nivå? På kva måte?


Når eg møter på teologiske og mroalske problemstillingar, tenker eg at eg bør vere sannferdig og ærleg, og søke å gjere og tru det rette. Det er lettare sagt enn gjort. Kanskje er det UMOGLEG. At ein berre må bevare og beskytte sin kjerne. Sleppe berre nokre heilt inn. Og elles la verda sigle sin eigen sjø. Er det sånn?

Men NOKON må våge å gå inn i kulturens "irrgangar", å våge seg inn i den djupe skogen, å gå inn i hola for så å kome ut att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar