fredag 19. juli 2019

Mackey er sterkt kritisk til Moltmanns treenighetslære. Det er fascinerande. Moltmann er "all the rage" i protestantismen. Vil tippe han er noko på linje med C Gunton også, men skal ikkje seie det heilt sikkert. Det er "social theory of the trinity." Litt som Rublevs ikon.

Ja - mon om dette er den rette måten. I oldkyrkja var det ein heresi som heitte modalisme - at Gud berre framstod i ulike "modi", "måtar." Mackey heller mot dette, men vil fasthalde den klassiske gresk-ortodokse "ein ousia, tre hypostasei". Det springande punktet er kva "hypostasis" er. I vesten vart dette raskt til "person".

Odd S Hove hadde nyleg ein lang artikkel i Dagen der han insisterte på at dei tre verkeleg er "personar". Men alle kyrkjefedre visste jo at "person" måtte seiast ikkje univokalt - altså: Gud er ikkje ein "person" slik som vi er "person." Då er Gud lik ein skapning, men "Gud bur i eit ljos som ingen kan sjå" ikkje sant. Novel, Hoves innspel har sin verdi, men det er eit symptom på manglande band i vestleg protestantisme, til djupare metafysisk teologi.

Mackey meiner at "hypostasis" heller er den éine Guds "underliggjande verksemd" i det skapte - på ulikt vis. At Gud skaper liv, struktur, kreativitet. "Logos", "Ande" - men ein kunne også personifisere andre sider ved Gud, som "Visdom". I prinsippet kunne ein ha "firenighet" eller "toenighet", meiner Mackey. Kva skal ein tenke om det, tru?

Men det er fascinerande - Mackey peikar på at "treenighetar" i Gud finst i mange religionar, og at ein i polyteismen generelt vil seie at det til sjuande og sist finst berre ein Gud, d. e. "den eine" som ingen kan sjå og kjenne, og som er bortanfor alt. (Jfr. DB Harts Experience of God).




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar