onsdag 31. juli 2019

Litt som at dei fyrste 30 åra var eit godstog utan bremser, som rasa i full fart og gjekk hit og dit, og kven veit kva som skjer.

Og som at ein hogg i bremsene og det tok veldig lang tid før toget stogga, veldig lang tid.

Og når toget til slutt stoggar, kan ein take stock. Kva er det som har skjedd? Kva moglegheiter har eg no? Kvar er eg?

Og kanskje ein skal stå der ei stund.

Indianarane meinte visst at det var farleg å ta tog, har eg lese. Kanskje berre ein myte. Men at sjela kunne bli hengande etter ved stasjonen, om kroppen for av stad. Om det er ein myte, er det ein god myte, med sanning i seg.

2 kommentarer:

  1. Mange spennende tanker Hallvard, om enn smertefulle. håper vi finner en veg.

    SvarSlett
  2. Takk for det. Ja, vi skal finne ein veg!!

    SvarSlett