tirsdag 16. juli 2019

"Life: A Shadow and a Dream".

Når ein er ung, kan ein tykkje at dette er verdsfjernt og negativt. Og moderne protestantisk kultur har, ofte med rette, fremja ein slik kritikk.

Men eg ser det annleis ut frå livserfaring. Fyrst var eg ung og naiv, og tok Jesu ord som pålydande, og vart klar for grava då eg var 20 år.

Så trong eg frigjering, og slutta å tenke på døden og framtida. Kanskje skulle det vore slik frå byrjinga.

I dag ser eg at livet er kort, også for meg. Kor langt, kor kort? Kven veit. Men som ein eldre mann sa: "Det går forferdeleg fort, dette livet."

Det set ting i perspektiv. Men eg har trua på å finne det evige i det kvardagslege.

To see a world in a grain of sand. And a heaven in a wild flower, Hold infinity in the palm of your hand. And eternity in an hour.

Som Blake seier det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar