fredag 19. juli 2019

Kreativitet.

Mackey skriv veldig mykje om kreativitet. Det har å gjere med hans irske og katolske bakgrunn. I førkristen religion er poeten og kunstnaren i kontakten med det guddomelege, og det finst gudar for det kreative. I katolisismen har helgenar overteke mykje av dette. I protestantisk fundamentalisme?

Eg forstår det no.

Menneskets kreativitet vert sett på med sterk mistanke, slik som også i islamsk fundamentalisme. Sanninga er gjeve, og ein må halde seg på plass, så å seie. Eg forstår meir og meir korleis dette også har forma min eigen mentalitet. At genuin kreativitet har vore veldig fjernt for meg, og vanskeleg. Det krev ein slags indre fridom i sinnet.

Men sånn er det - når eg/ein er klar over det, kan ting endrast. Det er godt. Det krev også mykje teologisk endring. Som å tenke at vår kreativitet som menneske, er å ta del i Guds kreativitet. Som å løyse opp i fundamentalismen og openberringsforståinga, og endre epistemologi. D. e. som at verda er eit mysterium å utforske, og å uttrykke, og etterlikne.

Her er også ein tankekross for meg:

Alle religionar dreier seg om det metafysiske, så å seie. Fair enough - religionar meiner å setje oss i kontakt med røyndomen, og røyndomen rår vi ikkje over, på eit vis. På den andre sida: Alle religionar er feilbare, og alle religionar er produkt av kultur og historie. Nokon måtte ein gong stå fram og seie: "Så seier Herren", eller "Slik vart verda skapt" eller "Dette er visdomen" eller "Slik skal vi gjere rituale som reflekterer røyndomen".

Nokon måtte gjere det! Og det var slett ikkje fordi dei fekk ei klår og tydeleg og ufeilbar og ordleg openberring frå Gud. Men kva mentalitet måtte ein ha for å vere ein slik "creator of beliefs"? Den kreativt-eksistensielle mentalitet, som ein også finn hjå kunstnarar og poetar, ikkje sant. Sikkert også hjå bygningsmenn og forskarar og andre. Jammen om eg veit. Og også: Ein stod i tradisjon, i fellesskap. "Structures of belief and plausibility," som Peter Berger talar om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar