tirsdag 16. juli 2019

Kanskje ein kunne seie at kristendom må ha ein metafysikk av gresk type, fordi kristendom alltid har hatt det. Fyrst og fremst ein jødisk "metafysikk", men brubyggjinga her var altså allereie i gang. Den hadde vore det i fleire hundre år, pga. Aleksander den stores hellenisering, okkupasjonen av Israel etc.

Det er som med konservative kristne i dag. Ein kan godt seie at ein vil ha rein kristendom, men ein kan likevel ikkje unngå å bli sterkt forma av samtida, av problemstillingar, av kultur og samfunn etc. Anten ein vil eller ei. Anten ein veit det eller ikkje.

Det er godt for meg å endeleg sjå noko meir av kva filosofiske straumar som prega kyrkja teologisk sett. Stoisismens gudsbilete var veldig viktig - og dette vart så utvikla vidare i mellomplatonismen og nyplatonismen. Dette gjeld både tru og moral og gudsbilete, så å seie. Kvar av desse epokane, som prega kyrkja, hadde sine sider, så å seie, som fekk konsekvenser for gudsbilete og moral.

Veldig fascinerande, også mtp. at vi i dag treng å finne attende til brubyggjinga her, mellom det greske og det moderne - skal vi seie: Mystiske, metafysiske, økologiske.

Det er godt for meg å finne ein "viable way" reint kyrkjeleg som aksepterer Aquinas og hans arv, men ikkje er bunde til det som ein amerikansk fundamentalist a la Feser og co. Det systemet skaper for mykje angst og band, sjølv om eg jo forstår godt kvifor det oppstod. (dvs. i moderne tid).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar