tirsdag 2. juli 2019

Eg lærer og ser alltid noko nytt når eg er i skogen. Eg går i skogfarga klede. Vil blend in. "Og kjenna at vi er i slekt med jorda, med vinden og kvite sky." Det fungerer! Fuglar kjem, ganske nær. I går stod eg stille med hunden slentra og åt gras. Fuglar kom, mange også. Ein av dei kom på ei grein berre ein meter unna meg, og var ikkje redd.

Eg lærer mykje av naturen, må eg seie. Eg forstår ikkje heilt kvifor eg ikkje såg nøyare før. Men det har nok noko med rammeverket å gjere. Eg har lært i alle fall noko biologi og naturfilosofi. Vil også lære meir. Skal sjå Miyazaki og lese Buhner, så skal vi sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar