tirsdag 16. juli 2019

Eg bestilte ein biografi i dag, om John Tavener. Eg skjønar at det er ein veg inn. Musikk er ein veg inn for meg, så eg må bruke det for alt det er verdt. Veg inn i røyndomen, inn i kjenslene, inn i mysteriet. Eg må utsetje meg for god musikk som har djubde, og Tavener og Pärt er jo i den kategorien. I popmusikkens kanon har eg gjort nok arbeid, og må heller konsentrere meg om fordjuping i klassikarane. Eg meiner, U2, Pink Floyd o. a. Men eg likar også å spele Bach når eg øvar piano. Det er ei forunderleg ro, noko ganske opplyftande i den musikken. Ein ven sa at den musikken var inspirert. Nei, trur ikkje det. Eller, kanskje eg eigentleg trur det, dersom eg tenker at inspirasjon ikkje er noko som eksisterer inni eit vasstett skott, men noko som er ubiquitous. Då, SJØLVSAGT er Bach inspirert musikk. "Inspiratio". "Innpusta". "Innanda". Den heilage Ande, ikkje sant.

Det er dette som er Mackey sitt poeng. Ut frå GT-leg syn på Guds ande, må ein då seie at Guds ande verkar overalt i skaparverket. Moderne protestantar vil lese NT og seie "neinei, Anden er berre i kyrkja" eller whatnot. Men NT-forfattarane bruka jo dei "universalistiske" GT-tekstane då dei reflekterte teologisk om Anden! Bach er inspirert, men det er vel også Pink Floyd, på sitt vis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar