mandag 15. juli 2019

Det byrjar å likne på noko, Mackeys teologi. Ja, det byrjar å gje meining til treeiningslæra og inkarnasjonen. Vi får sjå korleis det ender opp, og eg treng tid på å fordøye desse tinga.

Det er ekstremt tankevekkande for meg - ekstremt - at Mackey tek fram perspektiv frå Bibel - inkl. apokryfane frå GT - gresk filosofi, før-kristen religion etc. som gjev mykje meining OG som var essensielt viktig for dei fyrste kristne då dei utforma treeiningslære og inkarnasjonslære. Det har å gjere med forståinga av ord, ande, sjel, eld, visdom, som skapande sider hjå Gud.

Hengel understrekar at det aldri fanst eit punkt då kristendom var "ikkje-hellenistisk". Den var frå dag éin eit utspring frå hellenistisk jødedom. (Også apokalyptisk, fariseistisk etc.)

Og kristne i Noreg reflekterer diverre lite om desse tinga. Særleg ikkje bedehuskristne. Eg kan på ein måte lite om det også, men hadde lese nok kyrkjehistorie til å kjenne tinga att. Men det er sjeldan eg les nokon som set desse tinga fram i systematisk teologi, for notida.

Det blir klart at vi er få kristne i Noreg, og vi har kutta av kontakten med den globale kyrkja og dei djupe tradisjonane, på mange vis. (Og tenk: Vi er på ein del vis "åleine" som kristne, men dei store marknadskreftene er globale, og utøver global makt).

Vi er for moderne, inkludert dei kristne. Vi er moderne protestantar, heile hurven. Gud er langt borte, naturen er demystifisert, religion og sekulært liv er adskilte, kristendom har vorte ein bokreligion og kunnskapsreligion.

Kvar går ein veg vidare frå dette? Eg har verdfulle innsiktar som gjev meining for meg, og dersom eg tek dei fram for mange kristne, vil dei seie: "Interessant, men merkeleg" (i beste fall) eller "Heidenskap og satan!" i verste fall. Hm. Men nei, så "mørkt" er det heller ikkje. Eg har berre masse vanskelege kjensler for måten eg vart oppdregen som kristen på.

Og ofte er eg også glad for modernitetens dreiing i det moderne vesten. Det var ei indrekristeleg dreiing, kan ein seie. Det var ikkje "ateisme" mot "kristendom". Mange "grievances" var legitime. Det er også godt å ha frirom, og lov til å kritisere og diskutere.

HM.

Kanskje eg må til og lese Gro Steinsland att, men fyrst har eg ei rekke andre bøker eg må gjennom. Meditere meg gjennom. Vi får sjå, vi får sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar