mandag 22. juli 2019

Dersom ein seier at kristendom er skapingsteologi, framfor alt. At Gud er éin, at treeininga er Guds veremåtar i verda (er dette ortodokst?) At det vi kan finne i kristendom - og i andre religionar - er tilgjengeleg for oss alle, eigentleg. Eller kanskje det er særleg tilgjengeleg i kyrkja og i Jesus, men eigentleg tilgjengeleg for oss alle.

Så er det livet det dreier seg om. Dette livet. Her og no.

Det er rart. Eg har levd ei stund no. Det har nok også lesarane også. Ad overflatefenomen, så veit vi kva det handlar om.

Fødsel, barndom, ungdomstid, vaksen, ekteskap. Dyr og natur. Kjensler og aktivitetar, leik. Eg har sett 1000 filmar, som skildrar livet.

Men kva ER livet, kva ER røyndomen? Det er det mystiske blikket som må til, på ein måte. Også teknikkar og praksisar, på ein måte.

Det er kanskje ikkje meir "ting", liksom.

Men å vere verkeleg open for det evige. For det guddomelege.

Å finne djubde, på ein måte, og ha meiningsfulle forståingskategoriar, å verkeleg la naturen og røyndomen tale. "Tal, Herre, din tenar høyrer!"

Det er ei årsak til at psykedeliske rusmiddel er så populære i dag, ikkje sant. At hemningane blir borte, og sansane opnast. Forhenget trekkast til side. Og kva talar då?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar