tirsdag 9. juli 2019

Constant rebellion.

Må livet vere slik? He.

Eg gler meg til Poznan. Eg vil bruke tid på å lese. Og vere med familie og vener.

Eg må lese Mackey, den katolsk-keltiske teologen, for å finne djupare analyse av inkarnasjon og treeiningslære i ljos av moderne innsiktar.

Eg vil lese Stephen H Buhner nøyare, for å finne ut kva rolle hjarta mitt - eg talar ikkje metaforisk! - skal spele i spiritualiteten min. Hjarta, som har nerveceller, og som føler seg fram, og som "tunar" seg inn på bylgjelengder frå alt levande. Bibelen seier at det er slik. Moderne metafysikk og kroppsforståing avviste det som "mytologiske og utdaterte forestillingar. Eg mistenker at sanninga ligg nærare den bibelske.

Eg vil lese Human Odyssey, Thomas Armstrong. Om stadier i livet, korleis navigere dei. Når eg ikkje får til nokre sentrale steg i menneskeutviklinga, eller i det minste slit med dei - få familie, ha stabil og solid inntekt, ha status - kva gjer ein så? Det lurar farar i eit slikt farvatn, men også rike moglegheiter, til å konstruere eit liv utanfor normalkultur, som er rikare enn normalkulturen, men også farleg, fordi det å gå utanfor allfarveg er knytt til risiko for å skade seg, gå seg vill etc.

Eg ville ha lese Bermans Wandering God, sjølv om eg er mildt sagt usikker på tesen hans om at pre-aksial religion og spiritualitet er meir egalitær og harmonisk. Men eg trur uansett han ER inne på noko, som Mackey: Religion må jordfestast, rotfestast i sjølve skaparverket. I kropp, skog, kjensler, hav, brød og vin, det heilt nære.  Det bør ikkje vere så stor veg frå å seie "naturen er min katedral" til "kyrkja er min katedral". Kanskje INGEN veg (prinsippet i ortodoks spiritualitet er at liturgien og kyrkjerommet er mikrokosmos - slik også menneskesinnet er det. Gud og det skapte møtast. I Natur, i Mennsket, i Liturgi.


Når eg berre spelar med kjensle, den musikken eg vil, den eg trekkast mot, den som gjev mest ENERGI, så er det "rebellion". Det er overraskande for meg. Eg er som U2; set meg sjølv i rolla som Judas eller Satan. Ikkje som at vil gjere "vondt", men som at eg blir ein opprørsfigur, ikkje sant. Som i Dante. Overraskande for meg, men slik er det. Eg er ikkje så redd for det, for å seie det slik. Det er også noko sunt i det. Det må vere skisma hjå dykk, så det reine skal kome fram. Også skisma inni meg.


Men skal det alltid vere slik? Om eg skal finne ro og harmoni i livet - i den grad det er mogleg - så trengst ein slags spiritualitet for det. Som ikkje lashar ut og skadar meg, og som samstundes har vett og visdom nok til å skape gode rytmar som er harmoniske. Som fører inn i djupet i eksistensen. Altså må eg kanskje undersøke klostertradisjonar. Og gjere det beste ut av det, med lokalsamfunn, vener, familie, arbeid, vanar, mat og urter.

Vi får sjå om det er mogleg. Det nyttar ikkje å stampe mot brodden, seiast det i Bibelen. Det er sant. Å stampe mot røyndomen, å gå imot vett og visdom og natur og livskjensler og lengslar, det vil ha sin pris. Men sterke samfunnskrefter driv oss til det, og eg klarer neppe å hanskast med dei kreftene åleine. Retting: Eg klarer det def. ikkje.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar