lørdag 15. juni 2019

"Vere på bylgjelengde"

Kva betyr det? At dine bylgjer har same lengd og frekvens som andres.

Ein svaiar med same rytme, litt som tre i skogen. Når vinden blæs.

Eller som bylgjer som slår inn mot stranda.

Det er også noko seksuelt i det. Eller også sensuelt, som ein dans.

Det er også å hengje seg til noko ein ikkje nett kan forklare - "rommet" mellom menneske. Som i ein mystisk, musikalsk dans, ja. Eller også ein open hjarteopen samtale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar