torsdag 13. juni 2019

Noko fascinerande med å bli eldre.

Ein ser kva livet dreier seg om. Dei viktigste livssfærene, dei viktigste livshendingane. Ulike måtar å vere menneske på. Til dels, då. Og til dels ulike kulturar.

Så ser eg meir kva som verkeleg er viktig i livet. Kva livsmønster som gjev visse konsekvenser. Kva som er vise levemåtar, kva som ikkje er det.

Det er godt å vere vaksen, må eg seie. Eg ser lettare gjennom ideologien, og ser kva som er ekte.

Det krev dog mykje i vår tid - den liberale ideologi, som jo har mange gode grunnar for seg, vil ikkje favorisere visse verdiar, livsmønster etc. Marknaden set profitt høgast, og tek veldig gjerne i bruk lygn og manipulasjon for å selje meir. Ein må ha nokre gode kjelder som er i kontakt med røyndomen, liksom. Sunn kultur.

Og freiste å halde seg i denne kulturen. Det er for mykje å halde alt inni hovudet som eit system. "Hugs på dette. Ja, og hugs det." etc. Det gjeld å få leve det ut, å leve i røyndomen, så å seie.

 

Før tykte eg denne songen var kjip. Eg var prest, og spela den for eldre menneske. "Jaja, om dei vil synge den, så kan vi godt det." No likar eg den mykje betre, for eg har levd den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar