torsdag 20. juni 2019

Moderniteten er noko for seg sjølv. Mykje å seie om den moderne liberale ideologi. Men den vart til for å avgrense seg frå ei felles forståing av det gode, frå ei felles forståing av religion. Målet i moderniteten er for ein stor del at kvart menneske skal vere eit sjølvstendig individ. Det som fyller livet, er teknologi og marknadsoppfyllingar av oppdikta behov.

Men sunne menneskelege og naturlege behov blir motarbeidd. Behov for natur, for fellesskap, for ro og meditasjon, for mystikk, for tradisjon og kultur, for å høyre heime. Difor er det noko ganske "sjukt" over moderniteten, og den kjem ganske sikkert ikkje til å vare. "Sjukt", sjølv om det også er mange gode intensjonar bak den, og mange gode verdiar som bør vere med i eit større og sunnare rammeverk.

Med tanke på kristendomen, er det også grunn til å poengtere at kristendomen automatisk har dårlege odds i moderniteten. Det er heilt sant at moderne vitskap har funne ut mykje som set kristendomen i eit ganske anna ljos, og gjer visse ting ikkje moglege å tru lenger. Men det er også sant at den moderne mekanistiske røyndomsforståinga, som utelukkar kristendom, ikkje held mål. Verda er og blir "enchanted", sjølv om moderniteten fornektar det.

Så det er forvirrande tider. Best å halde seg til det som ein kjenner er ekte, meiner eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar