torsdag 13. juni 2019

Livet i Kviteseid er godt, meiner eg.

Her er fin natur og venlege menneske. Her er rimeleg sunn kristendom. Masse lag og foreiningar. Her er festivalar og arrangement. Her er masse moglegheiter for å utfalde seg. Her er ikkje så mykje marknadspress og drit. Her er ikkje så mykje statusjag og drit. Her er rimeleg tradisjonelle verdiar, men likevel rom for å skilje seg ut (eller?)

Det er mykje å vere takknemleg for. Når ein fyrst ser etter, og fyrst er viljug til å jenke seg litt etter kulturen, ser ein at det er veldig mykje moglegheiter også. For å delta, utfalde seg, oppleve. Anten i Kviteseid, eller Seljord eller Bø, eller Rauland. Jo, her er godt.

Mørke ting også, kanskje. Alkoholisme og einsemd. Sår frå barndom og ungdom. Spenning knytt til tru og kristendom. Litt for snever kultur, stundom? Festekultur som kan gå over stokk og stein. Ting eg ikkje kjenner så godt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar