onsdag 12. juni 2019

Lese så mykje som mogleg på kortast mogleg tid. Kartleggje, lære. Puslespelet må fyllast ut for at eg skal få tryggleik, og ingen skal overfalle meg frå ein mørk stad. Civ, få bort dei mørke flekkane for å få eksistensiell tryggleik.

Kanskje var det naudsynt, kanskje var det godt.

Men no forstår eg meir og meir kva ein "classic" er. For. Røyndomen er ikkje språk, er ikkje fyrst og fremst logikk. Kanskje er røyndomen på botnen logisk, kva veit eg, men eg tvilar. Logikk er abstraksjon av språk, og er "fattigsleg", vil eg meine. Røyndomen er fyldig, mysteriøs, botnlaus, svimlande. "Vesle vitet strekk ikkje til - ei tru lyt stydja under." Vit og vitskap er bra. Men.

Ein klassiker. Noko ein kan kome attende til, attende til. Eg forstod det ikkje før. Eg gjer det meir no. At eg kan finne likesåmykje røyndom i ein liten patch i Kviteseid, eller i nokre få bøker, eller i eit lite fellesskap av vener og familie - som om eg las titusen bøker og reiste verda rundt og snakka med nye menneske kvar dag. Ja - det er meir enn dette. Det nære kan gje MEIR innsikt i røyndomen.

Eg har skjøna dette, med musikk, til dømes. Med natur. At det er viktig å vere heilt nær dei minste tinga. Skal eg bli ein god musiker, så må eg verkeleg lytte, med hjarta. Til små nyansar, til små rørsler. Eg har nok tid, meir enn nok tid - dersom eg prioriterer det som er verkeleg viktig.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar