fredag 14. juni 2019

Las om Japanese Knotweed. Skal vere bra for borreliose og visse kroniske infeksjonar. Kjøpte på ebay, tørka planter. Laga tinktur.

Eg lukta på det. "Det der har eg lukta før". Det lukta godt. Det lukta som på feriestaden i Larvik, der eg var kvar sumar frå eg var barn.

"Har vi verkeleg denne planta i Noreg?"

Eg googla den. Den heiter "Parkslirekne" i Noreg. Eg såg på bileta. "Den stengelen har eg sett før! Og ikkje langt unna heller."

Eg gjekk ein liten tur utanfor bustaden min, langs grusvegen. Nokre hundre meter oppi vegen såg eg den plutseleg, in all its glory. Ein stor og frisk busk: Japanese knotweed. Ein av dei sterkaste plantemedisinane vi har.

Det er ikkje fyrste gong dette skjer - altså. Sei, 70% av plantene eg ser er anten sunne å ete, eller medisinelle på ein eller annan måte. Eg trudde dei fleste planter var uetandes eller giftige. Slik er det ikkje (nokre er det).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar