torsdag 20. juni 2019

Ja, det er eit spørsmål om korleis ein skal forholde seg til kristendom og religion. Få seier dette - men dei fleste tek ting med ei stor klype salt, utan dermed å gje avkall på trua. Ein kunne seie at Vest-telemarkingar, til dømes, eigentleg er teologar. Det finst ein "sensus fidei" i V-T. Men den er skjult, uuttala. Ein må lytte nøye for å forstå den. Og eg undrast på dette. Om ikkje eg bør vere meir open for å la meg forme av denne delen av økumenet. "På fruktene skal de kjenne dei", sa Jesus. Og det er mange gode frukter i V-T. Slett ikkje berre på bedehuset eller i kyrkja. Der det er gode frukter - kjærleik, truskap, glede, skikk og bruk, offervilje, arbeid, familie etc. - der er det lurt å leite nøyare, trur eg. Uansett kvar i V-T det er. Der kan også kristendomen påverkast, for der vil det nok vere sunn spiritualitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar