mandag 24. juni 2019

I dag var ein god dag.

Fyrst i Brunkeberg i samband med noko musikkengasjement. Eg fekk omvisning på ein verkeleg rikhaldig gard der det bur veldig trivelege folk. Det var høner der. Eg var med og henta egg. Eg høyrde hanen gol. Ein hund var der, som var kjempe-imøtekomande. Ein katt som sneik seg rundt.

Eg såg det største og mest imponerande furutreet eg nokonsinne har sett. Eg vart heilt slege av det.

Etterpå såg eg eit tre som var meir fylt av usnea, "gubbeskjegg", enn eg nokonsinne har sett. Det var veldig spesielt å sjå det. Det spela på djupe strengar. Det var daudt, men nesten som...det var kledd i spøkelsesklede. Det likna på det kvite treet i Gondor.

Relatert bilde

Vidare til Vrådal - ut og besøke kunstgalleriet til Straumsnes i Vrådal i lag med born i familien. Vi såg på Louis Moes merkelege og mørke bilete, som har symbolikk og mytologi og natur frå Vrådal. Dei er verkeleg merkelege.

Vidare ut og fiske ved kanalen i Vrådal. Fullt av liv der. Oter. Fuglar. Eg bada. Lukter og lydar, og borna elska å fiske.

Så til kor i kyrkja, vere i lag med menneske. Synge.

Heile dagen hadde eg verken nett-tilgang eller mobiltilgang.

Det var ein magisk dag. Eg forstår ikkje kva som skjer med meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar