fredag 7. juni 2019

"Hugsar du den vesle dvergen i Grimms eventyr, Rumleskaft, han som kunne spinne strå så det vart til gull? Det er det vi er her på jorda for å gjere, meiner eg. Igjen, når alt kjem til alt, så dreier dette seg om kva du ynskjer at livet ditt skal handle om.

Livet ditt kan ikkje handle om å trakte etter makt *og* på same tid å lækje sjela di, samfunnet ditt, kulturen din, eller verda (på hebraisk: Tikkun Olam). Desse to tinga er gjensidig utelukkande.

Det same gjeld det å nære, eller det å konkurrere. Det er ikkje berre to ulike måtar å oppføre seg på. Dei to er også ulike slags sinnelag, to motstridande måtar å vere i verda på. Den sistnemnde vil til sjuande og sist gjere at sjela di rotnar, den vil øydeleggje deg innanfrå.

Det gjeld å kjenne ditt eige, løyndomsfulle ord, det ordet som gjer det mogleg å gjere strå til gull. Nøyaktig kva dette ordet, og gullet, er for kvar einskild av oss, er ikkje så viktig. Det som betyr noko, er at du har gullet inni deg."

Morris Berman, Spinning straw into gold. Straight talk for troubled times.



Bilderesultat for rumpelstiltskin


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar