torsdag 13. juni 2019

Ein kunne seie: "Vi skal vere vitskaplege i våre liv, våre røyndomsforståingar" Ikkje dumt. Kva er vitskap, anna enn erfaring, refleksjon, meditasjon? Novel, så enkelt er det ikkje. Men kanskje - ideelt sett.

I vesten vil ein fort då tenke at ein kan ende opp med eit puslespel, eit bilete. Det er ein tanke som berre kan haldast oppe med makt og vald. Ved å få brikker til å passe i det ein skjer dei til. Ved å la masse brikker liggje att i boksen.

Kva er "puslespel" no i det heile for ein metafor? Eit bilete. Biletet er mogleg å finne. Det er enkelt, som med eit barn. Vi har avskorne brikker å forholde oss til. Alt passar. Det er ein "ting", ikkje noko levande og dynamisk.

Etc. etc.

Nei - vitskap må vi ha. Kva liv vi har, kva vi trur, kva spiritualitet vi har. Det er noko ganske anna og langt meir fyldig (men ein gjer lurt i å lytte til vitskap der den er relevant).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar