torsdag 6. juni 2019

Ein kan gå inn i kulturen. Bli ein del av den. La kulturen lære ein korleis ein skal leve, og kome i harmoni med andre menneske. Det er nok det beste.

Men om ein vil endre kulturen? Vil søke sanning? Vil bli ein profet? Eller ein som freistar å finne ut kva som er sunt? Ikkje alle har eit val. Ein må bli ein trailblazer, skal ein overleve.

Men ein kan bli ståande i spenning til andre menneske då. I strid. Det er ei sentral konflikt i livet, på ein måte.

Ei vis dame i Vrådal sa: "Slik er det av og til. Du må trekke deg attende, og så finne styrke, finne deg sjølv. Så kome attende til fellesskapet."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar