fredag 7. juni 2019

Eg set meg inn i planter, urter, medisin etc.

Eg har eit fint lite jordfelt nedanfor der eg bur.

Eg rydda det tidleg i vår. Det var masse greiner og stash her.

Det eksploderte med flotte planter, gras, buskar.

I dag tok eg kantklypparen og "desimerte" det. Medan eg gjorde det, tenkte eg "men i helvete, kva driv eg med? Vil dei kunne tilgje meg for det her?"

Jaja - kva verd er det vi lever i? I går sat eg på Rokk cafe og kosa meg storleg. Eg snakka med nokre der, fekk god kaffi og te, og las bøker.

M. a. Bellahs Religion in human evolution. Der blir religion definert som symbol som fører oss inn i ei ny verd, så å seie. Kva verd lever vi i? Vel, denne, obviously. Men kva verd er det? Sjå, det er eit stort mysterium. Nokre seier: "Vitenskapen fortel oss", men det er naivt. Andre vil seie: "Vi har berre vitskapen til å fortelje oss", men det er nok også naivt.

Kva er planter? Ja, sei det.

Neida, ein må kunne rydde planter, men eg er betenkt. Plantene er der av ei årsak, økosystemet ser at det er godt. Menneskesinnet vil ha det reint og feia og fjelga (for å gje ein allusjon). Rein plen utan løvetann. Men kvar plante spelar ei rolle, mistenker eg.

Rart med det. Eg les om kva planter som er godt for meg når eg har svak helse. Dei fleste av dei er rett utanfor døra mi! Meir enn dette: Før trudde eg at få planter var etelege, og at det blant dei ikkje-etelege var mange giftige. Det er omvendt. Nokre få er giftige, og dei fleste er etelege.

Ein kan prise og vende seg til ei plante - og samstundes seie at Gud er Gud. Dvs. dette er innanfor ortodoksi. (Les Newman om Arius)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar