torsdag 6. juni 2019

Eg gjekk til tarot-lesing hjå ein druide. Han sa at eg hadde to val. Eg kunne gå ut i verda og bli som biletet av ei kreativ dame. Eller eg kunne bli på heimstaden og bli som biletet av den autoritative og mektige far. Underleg. Dame er eg ikkje. Autoritetsbiletet var skremmande for meg - og for andre (?) Ein kunne seie at tarot er bull, og at det leier til usunne band. Men det var noko uncanny med analysen. Han las meg godt.

Jo. Kreativitet er i sjela mi. Kreativitet er også avvæpnande, fritt, emosjonelt styrt. Intellektuelt arbeid, særleg innan tradisjonar, gjev valdsam makt. Det har eg. Det er også ei problemstilling - korleis ein skal forholde seg til autoritet og makt. Bruke det godt og rett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar