søndag 23. juni 2019

Det er noko eg tenker på med hundar. Hundar har psykologi som ein kan lære mykje av. Dyr generelt, meiner eg. Vi kan sjå oss sjølv i dyra. Lære om korleis vi "eigentleg" er, naturleg sett, på ein måte. Det at vi ser dyr som veldig annleis, som "dyriske" etc., har jo noko å gjere med den kulturelle perioden som vi lever i. Mennesket er eit særskilt dyr, naturlegvis, eit "rasjonelt" dyr. Men instinkta, kjenslene, nervesystemet, biologien - også mykje av tankane - har vi jo.

Det er interessant med ein hund. Ein hund som er sosial, ynskjer å vere trygg, vil vere i midten av folka han har rundt seg. Vil vere nær. Søker kontakt. Det er interessant.

Særleg tenker eg på dette med truskap. Ein hund likar IKKJE når nokon i gruppa forlet han. Han likar IKKJE å vere åleine. Han likar IKKJE å bli teke ut av rommet. Stundom er det naudsynt, naturlegvis.

Noko av dette har å gjere med tryggleik, forutsigbarheit. Eg meiner, hm. Ein kan snakke om verda på metafysisk og naturvitskapleg vis etc. Det er vanleg i moderne kultur. Men oftast blir det oversett at "verda for meg" også raskt blir "den metafysiske verda". For eit barn som gjennomgår eit vanskeleg familiebrot, dvs. at foreldra skiljer seg på vondt vis, blir SJØLVE VERDA ei ganske anna. Ikkje berre: "Åja, verda er god, dette er berre noko eg personleg opplever."

Stundom føler eg at moderne, sekulære, kapitalistiske protestantiske samfunn er spirituelle og kjenslemessige analfabetar (for å sitere I Bergman). (Dei kristne miljøa er ikkje unnatekne, diverre). "Idiotæs", for vi talar ikkje vårt eige språk, vi kjenner ofte ikkje ein gong orda og grammatikken for kjensler, det indre livet. Ja! Det tenker eg. Vi må til dyra og til karmelittar og urinnvånar-befolkningar for å lære å bli kjent med oss sjølve att, på ein måte. Eller til sunt bondevett hjå menneske som lever heile liv.


Og eg tenker på dette med tryggleik og truskap. Kor mykje godt som opnast når eg seier: "Eg blir her. Eg forlet ikkje denne staden, dette fellesskapet, desse venene." Det er som det seier "klikk!", og så snuast ein nykjel om, og dører opnast.

"at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –"

Eg tenker på det når eg går på tur:

Kor ubehageleg det er når eg må stoppe og knyte skoa. Og dersom dei eg går på tur med, seier: "Vi går berre vidare, vi." Det er faktisk nesten smertefullt. Men om dei seier: "Vi har god tid. Vi blir her og tek litt og drikke, og ventar på deg, for vi vil vere eit fellesskap" så er det godt.

Eller små nyansar eg kan spore i energien og andletet og kjenslelivet hjå menneske eg kjenner berre litt. Når eg seier: "Eg flyttar no, til ein annan stad." "Åh...ja vel, ja...ja, du må ha lukke til... :-( :-(" Eg tenkte: "Huh, kva skjer her - har det noko å seie for DENNE personen kva EG gjer?"

Så kjenner eg att den same kjensla inni meg, når nokon som eg kanskje berre kjenner litt, seier det same. "Eg skal ikkje bli her." ("Kvifor kjenner eg ei lita sorg inni meg for dette? Har EG noko band med denne personen?")

I miniatyr skjer det same når ein møtast, har eg tenkt. Den flyktige merksemda og livsstilen skaper uro. "Blir eg forlatt?" Blomar vil ikkje opna seg, kroppar vil ikkje opna seg, hjarta vil ikkje opna seg. Ein blir sårbar, og kan bli såra, når ein opnar seg. "Vil også de gå bort?"

Men å ha god tid, å gje god merksemd - er lækjande. Då kan ein våge å vise kven ein er, våge å bli avvist - for ein blir ikkje forlatt.

Men eg funderer på dette. At eg har vore, og framleis er, ganske unskilled i desse tinga. Det er vel slik det er å leve.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar