torsdag 13. juni 2019

Det er lett å hoppe på ein trend. Anten det er evangelikalisme, PRIDE, høgrepopulisme eller whatnot. Det er lett å la seg rive med, og gå heilt inn for noko. No har eg levd lenge nok - eg har hoppa på fleire slike trendar sjølv. Eg veit at eg kan ta feil. Og vil måtte revidere ting. Eg veit i alle fall noko om korleis også vitskap og forskning og bøker er vevd inn i større rørsler, større trendar. Så kva gjer ein - for å leve vist?

Klostertradisjonen seier at ein bør trekke seg noko unna. Det er visdom der. Å finne det som verkeleg betyr noko, det som er verdifullt, det som er nært. I fellesskap. Leve sakte, leve over tid. Forutsigbart og stabilt. Men i fellesskap. Kloster kan også bli kvelande, undertrykkande, ufrie. Men noko er det å lære der for alle, vil eg meine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar