torsdag 18. juni 2020

Jo, eg skjønar nok ein god del. Eg har lese mi historie, min teologi, min filosofi, min naturvitskap. Joda. Problemet er ikkje å sjå problemstillingane, eller "sidene", eller argumenta, eller presspunkta. Problemet er heller å vurdere heilskapen og så finne ein vis veg vidare. For mitt liv, for kyrkjelyden, for bygdefellesskapet. Ja - der ligg utfordringa. For å halde på min forstand, må eg vere bunden til jorda, "bunden med sterke røter til menneske og til ting".

søndag 7. juni 2020

Snakka med ei dame i dag. Ho vaks opp på gard for lenge sidan. Eg spurte henne: Korleis var barndomen din? Ho sa: Å...ja, når vi slapp kyrne ut på beite, det var fantastisk. Ja, og sauene. Eg kunne sitje der og stelle med dei i timar. Fantastisk. Og vi hadde høns, og då vi fekk kyllingar...fantastisk.

mandag 1. juni 2020


Frå Smørklepp i kveld. 

Vi er menneske. Med sjel, liv, ande, kropp. Alt er ein einskap, som også reflekterer den mysteriøse einskapen i skaparverket som heilskap, og dets union med Gud, trur eg vi bør seie. (Noko i den retningen er vel lurt mtp. på mind/body-metafysikk).

Vi har kommunion med luft og stein og jord og dyr og planter. Vi tek inn sol i kroppen, luft i lungene, mineral og næringsstoff og fiber og mykje anna frå dyr og planter. Det er berre "utdrag". Vi tek inn så mykje anna mysteriøst, og er også ein del av det i kommunion med andre.

Men også dyr og planter har sjel, "nefesh". Det står jamvel i Bibelen. Og kanskje bør vi også seie at steinar og vatn og luft har sjel - og at jorda som heilskap også er ei sjel, ein organisme. Eg mistenker at det er sakssvarande, sjølv om alle våre ord og bilete er utilstrekkelege, og eg berre kan ane retningar og spor. (Naturlegvis ganske uvante tenkemåtar, dette her. Det er utprøvande tankar).

Skal vi då seie at jorda som heilskap også har vilje? Er ein person? Har handlekraft? Analytiske evner? Kanskje vi må det. Men jorda er også ein "contingent thing", som avhenger av Gud sjølv, Skaparen, for sin eksistens. (Klassisk teologi her, d. e. syntesen mellom hellenisme og seinjødedom/tidlegkristendom).

Mekanistisk materialisme, som har vore rådande i vestleg modernitet, kan eg i alle fall rimeleg sikkert seie at er veldig ikkje-sakssvarande. Det er også rett, som Bulgakov seier: Kristendom ligg faktisk nærare opp til klassisk, antikk mysteriereligion, polyteisme, metafysikk o. a. enn moderne mekanistisk metafysikk.

 - Dog, dette siste er (likevel) er ein modell som kan hjelpe oss å avdekke ein del samanhengar og leggje grunnen for ein del teknologiske innovasjonar. Noko er det i materialismen, men det fungerer ikkje som heilskapsmetafysikk. (+ at det medfører øydeleggjing av naturen).