lørdag 30. mai 2020

Eit dyr i skogen har det det treng i seg sjølv - i samarbeid med andre dyr, og med "naturen", breitt forstått. Skaparverket. Dyret treng ikkje iphones eller gravemaskiner eller grændis. "Teknologiar" er det flust av i skaparverket, men sjølve kroppen og "sjølvet" er liksom ein integrert del av prosessane. (Anten vi talar om dyr eller planter eller whatnot). Det er noko viktig her. I vår tid er det mogleg å la elektronikk, maskinar, mekanikk, industri bli ein "second body". Som i matrix, så å seie. "Brain in a vat". Eller som Homer Simpson i sofastolen foran tven. Og, "what's not to like" med eit slikt liv??? Det er spørsmålet. Kva tapar ein med slik teknologi? Enormt blindfelt i vestleg sivilisasjon om dagen. Men det finst motkulturar og understraumar, så å seie.

Elluls Technological Society

fredag 29. mai 2020

Møte. Kan vere effektive eller ikkje. Det er godt å også ha tid for det som ikkje er effektivt - kaffi, samtale, song, latter. Paradoksalt nok kan det vere der verkeleg framsteg vert gjort. At ein finn ut kva som er viktig, kva løysingar ein skal gå for.

15 min før møtet byrjar, møtast folk. "Settling in". Dei er ikkje ein offisiell del av møtet, men er likevel veldig viktige. Både sosialt og for innhaldet i møtet. Dei 15 minutta står ikkje på sakslista, men er "skjult viktige", så å seie.

Førebuing til møtet. Lese gjennom sakspapir, undersøke trådar, avklare ting. Kan vere like viktig som det skjer under møtet. Berre viktig at ting går rett for seg, naturlegvis.

torsdag 28. mai 2020

Byråkratiske og elektroniske system veks enormt. Mange arbeider med det, og dei vil vel helst "get by" så godt dei kan. Men fenomenet som heilskap er likevel veldig problematisk. (Diplomatisk sagt). Det gjeld å halde det enkelt, skjønar eg. Halde seg unna så mykje som ein kjenner ein kan, for det er ikkje der livet er å finne.

mandag 25. mai 2020



Vi har det moro hjå Thomas.

søndag 24. mai 2020

Emosjonar. Kjenner vi inni oss. Men dei er ikkje avgrensa til oss. Dei er kommunikasjon, trur eg. Frå planter og dyr og bygningar og bilar. "Korleis kjennest du? Korleis kjennest dette?" Opne hjarta.

Greni, gitaristen, seier at han trong mykje ro for å få kreativitet. Han reiste til eit anna land, budde på eit loft, med berre gitar og poesibøker. "Ein einskild ubehageleg telefon kan øydeleggje heile kreativiteten min." Det er som meditasjon, det er meditasjon.

Altså, å opne slusene, portane, å kome på djupet. Alt saman veldig interessante metaforar. Det tek tid. Ein må vere "i tune" med menneske og natur og whatnot. Sundfør skriv musikk når det er mørkt, og ho pregast av stemninga i naturen og det underlege ljoset. Preus reiste åleine til ein framand by og tok inn inntrykk. Etc.

Emosjonar. Interessant med det. Naturen hjelper meg å opne portane. Men eg kan også opne dei dersom eg er medviten om det, og kjenner på kjenslene mine. Internett og elektronikk stenger portane. Ofte kan emosjonar vere langt nede, så eg er borte frå meg sjølv.
Eg les Stephan Hardings Animate Earth. Gjev meg mykje glede. Han viser til prest Thomas Berry.



Kan bli spennande. Også denne:

Animism av Graham Harvey (Heftet) - Religion | Tanum nettbokhandel






Elles funderer eg på teologi. Den som seier at ein "ikkje trur", har likevel eit, skal vi seie, poetisk datamateriale å forholde seg til. Tekstar, riter, liturgi, historie etc. Alt dette er meiningsfullt, på veldig mange ulike plan. Dei moderne religionskritikarane, d. e. Feuerbach, Marx, Freud, Nietzsche mm., visste dette, men tolka det slik at "dette er falskt medvit, og handlar eigentleg om noko anna" (klassekamp, Mennesket, indre drifter, whatnot). Desse kritikkane hadde ofte mykje for seg, og var viktige. Men kunne likevel naturlegvis ikkje vere "fyllestgjerande". Likevel - dei freistar å "sjå bak", freistar å finne meining. Det tenker eg at det norske samfunnet også kunne gjere, d. e. dei som ikkje er "trygt" inni kyrkjefellesskapet. Javel - ein trur kanskje ikkje slik som "bedehuset", eller "seinmoderne protestantisme" el. l. Men kva er eigentleg fenomenet ein har med å gjere? Kva er røyndomen bak? Kvar er det pilene peikar? Då er ein over i mystikken, symbolikken, analogien, metaforikken - altså, som klassisk teologi, kunne ein også seie.

fredag 22. mai 2020

Ein refleksjon. Biotek-lov. Det eg tenker på, er som fylgjer. Lova er eit uttrykk for utvikling som allereie i sterk grad har funne stad i samfunnet. Lova manifesterer, konsoliderer, uttrykker etc. Ofte har ein i våre dagar sagt: "Verda går framover." "Vi lever i 2020". "Mørke gufs frå fortida." "Middelaldersk." Dette er sekularisert eskjatologi, dvs. det er uttrykk for apokalyptikken som vart arva frå jødedom og kristendom (og andre straumar i antikken). I nyliberal ideologi er då Guds rike å forstå som det marknadskapitalistiske og liberale samfunn, til dømes a la John Rawls eller Milton Friedman. Det finst gode sider ved denne ideologien, forståelege sider. Men også mange djupt problematiske sider. Alliansen mellom nyliberal ideologi og marknadskapitalisme og statsbyråkrati kjem til uttrykk på mange vis, men det er familieområdet som blir relevant for biotek-lova. D. e. kvinner (og for så vidt menn) skal ha utdanning og fast jobb med status, og i tillegg ha familie og born, og i tillegg ha seksuell fridom, samt også leve under kontinuerleg press frå marknadsstyrte behov og begjær, og i tillegg mangle støtte frå tradisjon og kultur og storfamilie og kyrkjefellesskap. Men alt dette er ikkje lett å omsetje i røyndom og levd liv. Biotek-lova er eit uttrykk for dette presset, slik eg tolkar ho. D. e. det er viktig å vere merksam om dette større "komplekset", dersom ein vil gå inn i tematikken, men det krev nok djupare tradisjonar og breiare fellesskap. På eit djupare plan kan ein også spørje om "vår natur" som menneske eigentleg er eit kompass vi kan lære av, og fylgje etter, for å finne "det gode liv". Kanskje vi heller bør seie: Skaparverket sin natur, så å seie.

torsdag 21. mai 2020

Eg er eit barn av bedehuset. Bedehuset, med si kulturelle historie, si situering. Komplekst. Kva skal overta for bedehuslivet, bedehusspiritualiteten framover? Vi er i limbo. Liberal ideologi demonterer felleskulturar, skikkar, institusjonar etc. Inn kjem marknad, teknologi og byråkrati. Det drivast av eit race etter kontinuerleg økonomisk vekst. Prosessen må bryte saman etter kvart, det er sikkert. (Vil eg og mange hevde). Ingenting kan vekse inn i himmelen, det er poenget i heile Gen 1-11. Mennesket er av natur eit fellesskapsvesen, kreativt, arbeidande, tenkande, lengtande. Dette kan undertrykkast og motarbeidast (som i mangt skjer no), men vi mistar ikkje vår natur. Men kva skal vekse fram? Kva type spiritualitet? Eg trur mykje av det gode i bedehustradisjonane kan førast vidare. Noko må "døy", noko må tilførast. Det skjer for så vidt kontinuerleg. Men brytningane er sterke no.

tirsdag 19. mai 2020

Mange dyr ute no, veldig også. Dei er ikkje redde. I går, gjekk på tur i skogen ved Kviteseidkleivane, retning Fjågesund. Kom til ei opning i skogen, hogstfelt. Såg eit rådyr, stort. Eg sneik meg sakte nedover i granskogen, nærmare. Det klarte ikkje å sjå meg, sjølv om det merka eg at var der.

Det bjeffa høgt, og sprang unna. Men så laga eg lokkelyd, slik som hjorten har. Eg veit ikkje heilt om det var truverdig, rådyret var også skeptisk. Men, det snudde, og kom attende. Eg sneik meg nærmare og nærmare, og vi dreiv på slik og inspiserte og såg, i kanskje 10-15 minutt. Veldig spennande.

Seinare, på Bergland, eg gjekk til skogopning der, og høyrde eit stort dyr, må nok ha vore elg. Eg køyrde vidare. Såg stor elgokse rett i vegen, mot Skafså (nedanfor der ordføraren bur). Eg ville snike meg etter og ta bilete, men hadde ikkje stad å parkere bilen. 500 m. lenger borte, eit jorde. Eg ser to elg stå roleg på jordet. Eg parkerer, går ut. Dei står roleg. Lenger oppe på jordet: To elg til! OG eit rådyr, nesten i hagen til eit hus der.

Eg snakka med sekretæren på kontoret, ho hadde opplevd det same. Masse elg, og dei er skikkeleg tame no for tida. Eg trur det har å gjere med koronatiltaka, mindre folkeliv og støy, mindre køyring og tungtransport. Og kanskje sunnare "helse" i naturen pga. mindre forureining. Kva veit vel eg. I alle fall er det ganske enkelt å oppleve dyr på nært hald no, det er gøy.

søndag 17. mai 2020

Tale på 17. mai. Eit lite drypp, ein liten dytt, ein liten tanke, ei lita kjensle. Å la Gud vere bygningsmann. Vi er søner av Adam, døtre av Eva. At vi er skapte av Gud. Vi skal forvalte, ikkje vere herre, over skaparverket. Vi kan nok vere sterke og ha mange rike evner. Men, vi er små og sårbare - i den store samanhengen - og treng å behandle kvarandre deretter.

"Det nye normal". "Vi treng ein ny normal". Vi gjer det. Men vegen dit er det ikkje så lett å finne. Mest gjeld det, trur eg, å gjere merksam om det. "Lær oss å ta vare på skaparverket, og dela dine gåver rett." Gud "mettar dei svoltne," men "støyter stormenn ned frå trona". Han "sender dei rike tomhendte bort."

fredag 15. mai 2020

Eg ser på musikk-instrument. Underleg. Eg les og vurderer og tenker. Kva merke er best? Kva modell? Opp og ned, venstre og høgre. Og ender til slutt opp med: Yamaha. El-piano? Mange gode. Men, yamaha. PA? Mykje bra, men...Yamaha. Trommer, då. Masse bra! Men, yamaha. Godt å ha solide musikkinstrument. Gjev mykje glede. 


Jo meir eg tenker på det, jo meir skjønar eg. Ingen kan bere seg sjølv, ingen kan konstruere seg sjølv, ingen kan lære seg sjølv å leve, ingen kan leve for seg sjølv. Livet er ekstremt komplekst. Ein lærer ved imitasjon, ved å "vere", ved å observere, ved å la seg forme, ved å gå med straumen. Det føreset at ein høyrer til eit sunt fellesskap, eller, fleire sunne fellesskap. Ein kan seie: "Eg skal bryte ut av fellesskapet, og bestemme sjølv, og forme meg sjølv." Det er ikkje mogleg. Overalt i kultur og natur er det ekstrem kompleksitet og ekstrem djubde - faktisk eit mysterium. Fridom må ein ha. Men absolutt fridom er umogleg.

Um å bera

Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.
Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.
Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm
er den glede
som du vil ha åleine.
Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.
Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn –
Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.
Jan-Magnus Bruheim

torsdag 14. mai 2020

NT og Jesus er radikalt. Profetisk. Reform. Innanfor ein tradisjon. Mange i den tidlege kyrkja ville føre reformen til endepunkt, så å seie, og bryte av den jødiske bakgrunnen. Men kyrkja heldt fast på denne bakgrunnen, dette jordsmonnet, dette fundamentet. Protestantiske lågkyrkjelege rørsler må passe seg for å gløyme den GT-lege bakgrunnen. Der er det visdomslitteratur, der er det skapingsteologi, der er det mytologi, der er det uvisse og diskusjon (Job), der er det utvikling etc. Det er ein essensiell ressurs for kristendomen.

onsdag 13. mai 2020

Ein kan ha mange analysar, mange kritikkar, av det moderne samfunn, det er klart. Og dei ville ofte vere sakssvarande. Men spørsmålet er: Kva så? Kva gjer ein? Kva grep?

tirsdag 12. mai 2020

Stokes Guide to Animal Tracking and Behavior by Donald Stokes ...

What the Robin Knows: How Birds Reveal the Secrets of the Natural ...

Går i dette no. Om eg klarer å observere rev på nært hald, då har eg kome langt. Har noko att der, kan du seie. Elles vurderte eg å få tak i denne lua XD

Badger mounted fur hats men women * mountain man black powder ...






mandag 11. mai 2020

Ja. Var vel best. Å fylgje sola. Leggje seg 2100, stå opp rundt 0530. Då må ein forsake elektronikk og elektrisk ljos. Dvs. det krev aktiv effort. Kanskje også å bu borte frå område med gateljos og støy.

søndag 10. mai 2020

Ja, som eg sa til nokon i dag - eg var heldig i dag, for eg gjekk ved Granlien, retning frå Haukom. No kler eg meg stort sett i jordfargar og plantefargar, grønt og brunt, i ulike nyansar. Eg får inspirasjon frå Brian Mertins, og har også lese i og bestilt bøker av hans mentorar, Jon Young og Tom Brown Jr. Artig. Så eg har lært noko om å kome nær på dyr. Eg sneik meg inn i skogen, der det er grønt og mose og fuktig og gran. Veldig god stemning der, så å seie.

Eg fann ein dyrestig, og fylgte den. Eg kom heilt nært innpå eit ekorn, og det var nokre duer der. Men så høyrde eg noko som braka og knakk kvistar oppi skogen. Eg stod bak eit tre, heilt stille, og ganske rett, der kom ein elg gåande. Langs stigen eg gjekk på før, som går heilt parallelt med grusvegen. Elgen kom gåande, var berre 10 m unna meg. Men la ikkje merke til meg i det heile teke. Godt, for då skremmer eg ikkje dyra bort, og kan kome attende og sjå etter dyr på nytt. Eg trur denne elgen vart litt skaka av ei skur med hagl som var på veg. Eg fekk ikkje teke bilete av den, kameraet låg pakka ned i sekken, og eg ville nok skremt elgen. Shoot.

Artig å sjå dyr i naturen, og ut og observere og få inntrykk. Godt for kropp og sjel når eg er sliten. Og ganske så gøy også, kvar tur blir eit eventyr, eg ser noko nytt nesten kvar gong. Eg har bestilt ei jegerprøvebok, så vi får sjå om det blir noko av det på sikt. Mest gøy å setje meg inn i det, i fyrste omgang.

fredag 8. mai 2020

Korona er éin epidemi. Men i røyndomen er det nok flust av epidemiar på gang i moderne samfunn. Dei manifesterer seg i ulike typar av sjukdomar, ubalansar av mange artar. Vi badar i mikrobar, og mange av dei er nok påverka av tiår med overforbruk av antibiotika og nedbryting av komplekse økosystem. Løysinga er ikkje å utslette mikrobane, men å spele på lag med dei, i det mikrobielle økosystemet. Det handlar om "holistisk"/"integrativ" helse. Eller, om bondevit og sunn livsstil eller whatnot. Eller, å leve i tråd med sin natur, og den samanhengen som vår natur høyrer til i. Alle steg mot dette, alle små innsiktar, alle stønader, tek eg imot med glede.



Sorg er sånn: Det gjer at det blir vanskeleg eller umogleg å vere ute av kontakt med sitt indre liv. Ting som då har vorte neglisjert, halde nede, vore ubearbeidde etc., vil då også kome fram. Men vår sjel er ikkje ein avsondra ting inni oss. Den er også ei side av vår kropp, og ein del av omgjevnadene våre. Sjel er i oss, og rundt oss.

torsdag 7. mai 2020

I kveld var eg attende i området der eg såg så masse dyr. I dag var det annleis. Stille og roleg...bortsett frå orrfugl og storfugl, eg kom HEILT inntil, faktisk, omtrent berre ein halvmeter unna. Såg den ikkje, høyrde berre nokre små lydar, og plutseleg flaug den opp. Skjedde to gonger. Men andre dyr...nei. Så då lærer eg, det er vel fordi dyra har vit nok no til å skjøne at eg vil vere i området. Men, eg høyrde mange fuglealarmar rundt i området, så eg reknar med at det er mange fleire dyr der ute. Får prøve eit litt nytt område neste gong, tenker eg.

onsdag 6. mai 2020

Trendar og paradigme og bylgjer kjem - og går. Dei kan vere intense når dei står på, verke totale, uovertrufne, heile. Så blir dei borte. Best å ikkje la seg rive med. Men noko må vere stabilt - liggje under.


tirsdag 5. mai 2020

I dag gjekk eg ein kveldstur det fyrste stykke av Lårdalsstigen. Naturen her er gamalskog. Det er mykje her som er veldig rart og forunderleg. Eg forstår kvifor norske eventyr og segner har "tuss og troll". Det er eit liv som er veldig underleg, så å seie.

Men noko rart eg tenkte mykje på i dag. Som barn leikar ein sisten, gje eit lite vink, titten på hjørnet, "rødt lys" o. a. Dyra gjer nesten nøyaktig det same, faktisk.

Eg går, kledd i grønt, så stille eg kan. Eg snik meg fram. Blir ikkje heilt stealth, for det var ljost, og eg går på ein sti, og har sko på. Men, så stille eg kan. Eg lyttar, så nøye eg kan. Det eg merkar då, er at det er fullt av lydar.

Eg går på stien, og høyrer brått noko som rører seg, nokre meter framom, i buskane. Eg stansar. Det er stille. No veit eg - dersom eg set meg ned, og er stille ei god stund, så vil dyret etter kvart dukke opp. Men, eg går forsiktig vidare, nokre meter. Brått kjem det ein ny lyd, dyret bevegar seg litt.

Når eg lyttar slik, merkar eg at det er fullt av små dyr rundt meg, både til venstre og høgre. Ganske fascinerande. Eg såg to små mus i dag, mange fuglar, storfugl, og tre-fire små jasar. Dei siste var veldig artig å sjå, og det var i skumringen. Det er tidleg morgon og sein kveld det er lettast å sjå dyr, har eg forstått.

Leikane som eg tenkte på, reflekterer noko veldig djupt i oss, som også finst i naturen. Evne til å skjule seg, lytte, sanse, flykte - men også evne til å spore, jakte, angripe.
Eg har nok sove i timen, og ikkje nett sett tilstanden i VT for det den er. At folketalet stupar og bygdene døyr ut, éi etter éi. Årsak? Mangefasettert, komplekst. Går ein inn i det, vil ein kome i kontakt med veldig sterke krefter. Men det er mogleg å bli medviten og snu trenden, trur eg. Berre - sterke krefter.
The Nature Fix: Why Nature Makes Us Happier, Healthier, and More ...

Jo nærare ein er til "green space", jo betre psykisk og fysisk helse har ein.

mandag 4. mai 2020

I dag var eg i skogen opp mot Vråliosen. Det er artig å kle seg heilt grønt, og sjå etter dyr. Eg sat stille i 20 minutt. Etter ei stund kom ei lita brun mus ut. Og svarttrost såg eg på nært hald, før den såg meg. Og raudstrupe - og mange andre fuglar. Eg går heilt stille og roleg. Merkar kva fuglar som sender alarm. Nokre har høg alarm. Andre har heilt stille, nesten umerkeleg. "Silent alarm". Fuglen reagerer når eg bevegar meg, eller når eg lyfter hender. Men når eg er heilt stille, så høyrer eg faktisk dyra. Ei anna skogmus som var der, vart til slutt så trygg på meg at den ikkje brydde seg så mykje, og berre loffa litt rundt. Eg høyrer bittesmå lydar og rørsler, og så står eg heilt stille. Så, etter kvart, dukkar dyra opp. Eg må øve meg meir på å finne dei større dyra, som elg og rådyr. Men hjort kan eg kalle på. Skal prøve elg no også.

Interessant - ved Heia går det ei turløype, frå skytebanen, så til Høybakkmyr, Langemyr, Stemmyr, like nedanfor Presttjønn. Det eg no har funne ut, er at det går eit dyretråkk rundt 50 m oppi skogen, ganske parallelt med den vanlege turløypa. Interessant å tenke på. Det er masse dyr som går der.

søndag 3. mai 2020

Noko eg har tenkt på. Krakow er ein middelalderby. Den har murar rundt, og ei lang vollgrav. I midten er det eit stort torg, med store kyrkjer. Også i dag fungerer torget som eit sentrum der folk kjem saman. Det yrer av liv på kveldane, og folk kjenner seg trygge.

Ein liten landsby som er bygd opp rundt ein bilveg. Bygningar på kvar side. Bilane køyrer fort, tungt, med støy. Kva gjer det med mentalitet og psyke og kultur? Shudder to think.