onsdag 29. april 2020

I går gjekk eg i ei fjellside som litt mot sør, over Skafsåberget. Det var kjempeflott natur. Men det mest spennande var: Eg var kledd i naturfargar. Eg gjekk roleg oppover. Eg sette meg roleg ned. Tenkte å drikke kaffi. Eg høyrde ein lyd. Sat heilt stille. Høyrde ein lyd til. Tenkte: "No sit eg stille til dyret avslører seg sjølv". Eg sat ei stund musestille. Eg stirra intenst på området der lyden kom frå, men såg ingenting.

Så skjedde det noko. Nett der eg stirra, såg noko lite og svart som rørte seg, rundt 20-30 m. unna, bortanfor ei lita kløft. "...kva er det for noko...?" Plutseleg ser eg det: Eg har site og stirra på ein stor elg som stod stille, men utan å leggje merke til det. No bevega heile elgen på seg, og då steig den ut av landskapet, så å seie. Den stirra rett på meg. Eg stirra attende. Det var nokre greiner mellom oss. Så byrja den å ete litt. Eg prøva å kome nærare. Plutseleg ser eg ein elg til, litt lenger bak. Eg sat og såg på dei, kanskje 3-4 minutt. Så gjekk dei nedover fjellsida.

Noko av det eg skjøna:

Elgen laga også lyd. Den var ikkje 100% stille.

Elgen stansa opp når den var usikker, og stod stille.

Elgen såg seg rundt for å orientere seg.

Elgen bevega seg roleg og grasiøst, utan stress.



Eg gjekk vidare nedover fjellsida. Roleg. Eg har lese om dette med "animal tracking", at det er viktig å gå sakte og roleg. Det gav avkastning. Litt lenger nede var det ein brun og kvit hare foran meg, den sprang fort unna, men eg fekk eit lite blikk av han. Eg prøva å fylgje den, slik seg hør og bør, men fann ikkje the rabbit hole.



I dag gjekk eg eit stykke på lårdalsstigen. Har vore der oppe tre gonger før i vår, men har vore for mykje snø kvar gong. No er det meste smelta. Eg kom forbi dei forferdelege (men kanskje nødvendige) straummastene, og inn i skogen. Spennande husmannsplassar ligg der. Det var nok eit hardt liv, skjønt, avlingane var gode, og dei kunne ha mykje dyr. Eg kunne godt ha tenkt meg å bu der, om det var mogleg. Kanskje ha ei hytte der.

Uansett. Dette er gamalskog, for det er svært ulendt og vilt terreng. Eg har aldri opplevd så mysteriøs og spennande skog før. Her var enormt med rotne og brotne tre. Masse teikn etter dyr som har grave og gnaga og laga hol og gått stiar og lagt att spor. Det rare med trea var, både at det var så mange rare og knekte tre - men også at sjølv dei mest øydelagte av dei var fulle av liv og friske skot og grøne blad. Merkeleg å sjå.

Oppi lia såg eg eit ekorn, og på veg ned såg eg to menneskedyr, som eg også kunne kommunisere godt og meiningsfullt med, og som gav meg trøyst og glede. Men skogen der oppe er verkeleg underleg, må eg altså seie. Det skal bli spennande å reise attende dit.

Noko anna underleg. Når eg står i høgda, ser eg Bandak som strekker seg austover. Eg ser vegen som snor seg mot Bandaksli. Eg ser Roan, eg ser Hægefjell, eg ser inn mot Lårdal, eg ser Skafså og fjella ved Hallbjønnsekken, og Visåskyrkja. Eg ser ryggen som strekker seg mot Krossli og Vråliosen - og vidare inn mot Dale og Ljosvatn og Roholtsfjell. Det er heimskleg, det er min kultur, det er min heimstad, det er kyrkjeleg og det er tradisjon og det er generasjonar som har gått føre. Og no kviler også min bror her, ved sida av sine forfedre, i vigsla jord.


Zuboff har vore prof på Harvard i ei årrekke.

Meininga med livet er å ta del i Guds skaparverk med visdom.


tirsdag 28. april 2020

Rart å tenke på mine besteforeldre. Som levde på ein gard. "Det var eit godt liv". Arbeid frå morgon til kveld. I harmoni med rytmane i døgnet og året. Gras, skog, grønsaker, kyr, høns, sauer, handarbeid, handverk, matlaging. Mykje knowhow som ikkje har vorte ført vidare til min generasjon. Men kan hentast opp att.

mandag 27. april 2020



Ja. Det er nok ein komande apokalypse, og verda vil sjå veldig annleis ut om nokre tiår. Vegen vidare må vere - attende til natur, attende til det stadbunde, attende til djup og tradisjonsbunde kultur/religion. Vi skulle ha hatt ein profetisk biskop med miljø, berekraft, kultur, spiritualitet som særleg interesseområde. Ikkje "MDG"-biskop. Meir...heilskapleg, a la Frans' encyclika.

Surviving the Future - A Celebration of the Work of David Fleming ...

lørdag 25. april 2020

For 150 år sidan. Kva åt bøndene? Jordeplegraut fleire gonger til dagen, bygg-graut, rugkaker stundom. Flesk. Smør. Innmatskjøt i slaktetida. Grønsaker ein måtte dyrke. Bær ein sanka. Egg. Og boatloads med surmjokk. Det ein kanskje kunne ha trengt meir av, var feit fisk og kvit fisk for omega-3 og mineral. Elles ein på mange vis framifrå diett, må eg seie.


fredag 24. april 2020

Animate Earth: Science, Intuition, And Gaia: Stephan Harding, Lynn ...


Alt kjem frå Gud - og alt vender attende til Gud. Det er ein grunntanke i antikken, i hellenismen - både platonisme, kristendom, jødedom. Livet - ein skugge og ein draum.


torsdag 23. april 2020






Twin Peaks var bra av mange grunnar. Det "tappar" inn på djupet i personlegdomen. Og kva finn det der? Mysterium, ljose og mørke.

tirsdag 21. april 2020



Denne er interessant. "Mother nature is a serial killer". Eller: "A bitch". Ein "kreativ mordar". Ein "brotsmann". Som vi skal "fange". Vi går på skulen for å "avsløre veikskapane i rustningen", altså, slik at vi kan drepe naturen. Slik talar og tenker vestlege kulturarbeidarar. Det er ein tenkemåte som går attende i alle fall til opplysningstida - meistring av, og herredøme over, naturen.

mandag 20. april 2020



Eg søkte etter "positive filmar på HBO". Det er verkeleg mykje dystopi ute og går for tida (diverre med god grunn). Eg kom over denne. Om ei autistisk dame som slit med mykje. Men ho finn ein veg når ho kan vere i lag med dyr, og hjelpe dei til eit betre liv. Ein veldig oppmuntrande film var det.

søndag 19. april 2020

Eg ser på ekorna som leikar. Dei lagar morosame lydar og hoppar frå tre til tre og leikar sisten. Opp og ned trestammene, opp og ned. Eg ser hakkespetten som hakkar, og flyg frå tre til tre. Eg ser svartmeisen som flyg og let alarmsignalet lyde, for å verne reiret sitt. Eg ser storfuglane som flyg frå trea. Tre og lyng og mose. Vi er i slekt med alt saman, deler mykje DNA med det, jamvel. Har mykje til felles. Men som menneske høyrer vi fyrst og fremst i lag med andre menneske, i vår økologiske nisje i den store samanhengen.

lørdag 18. april 2020

The Universe as Symbols and Signs: An Essay on Mysticism in the Eastern Church by [St. Nikolai Velimirovic, Sergei Arhipov]

Verdsbilete. Kva er verda, eigentleg? Moderne kultur. Basert på fransk-engelsk moderne metafysikk, utvikla frå middelalderen. Du ser det du trur. Du finn det du trur. Det du ikkje kan eller vil tru på, kan du ikkje sjå, kan du ikkje finne. Metafysisk materialisme framstår meir og meir som eit tilbakelagt kapittel. Kva er eigentleg verda? Kva er vi - når vi er ein del av alt dette? Vi må ikkje svare for raskt. Men vere audmjuke og ha god vilje og søke ljoset.

søndag 12. april 2020

Det finst "klassikarar". Sett av kunstverk, bøker, filmar. Bra. Eit menneske kan også ha sine personlege "klassikarar" - som var med på å forme livet. Som kan vere verdt å kome attende til, igjen og igjen. For å vurdere, revurdere, la seg forme, kritisere, føle, dele.