torsdag 27. februar 2020

tirsdag 25. februar 2020

Jo lenger ein lever, jo viktigare blir det å ha ein "expansive" spiritualitet som på same tid held fast ved det enkle. Altså - vere open for verda, tradisjonar, religionar, innsiktar, erfaringar. Men ha eit tydeleg og mystisk sentrum. (Ikkje motsetningar, for eitkvart fenomen er, rett forstått, mystisk, med uendelege djubder).

mandag 24. februar 2020

19:30-24:30.


Suppose at Longue Durée har rett. At historia går i lange drag, og at små hendingar her i tida kan gjere lite frå eller til. (Men "lite" er då noko). Kvar er då historia no på veg? Ein kan spekulere i at vi går mot større kinesisk dominans, meir nasjonalisme og autoritær styring, og at kyrkja vil samle seg meir rundt det romersk-katolske.


Shores soundtrack til Ringenes Herre er eit verkeleg meisterverk, forstår eg meir og meir. Fullt av djup symbolikk, fullt av avanserte harmoniar som utdjupar mytologien.

søndag 23. februar 2020



Og dette er veldig hjelpsomt - ein profesjonell pianist på høgt nivå viser korleis ho arbeider med eit veldig krevjande pianostykke. Det er multi-modalt, kan ein seie, og involverer altså "full kontakt" med stoffet, både med analyse av teori og harmoni, bruk av hender og teknikk, involvering av emosjonar for å kome på innsida av musikken etc. Mykje interessant her, og som alltid forgreinast fenomenet (d. e. pianospeling) raskt inn på mystiske/guddomelege djubder av røyndomen, så framt ein ikkje seier "stopp", eller "det er nok", eller "vi held oss med dette området for no."


Eg såg denne dokumentaren, den er på Netflix. Kjempebra og interessant.  Altså - klatrarane lever eit spesielt liv, må ein seie. Men det er kva det er. I alle fall - dei klatrar her ein del av ruta som er ekstremt vanskeleg, og det var uvisst om det var mogleg å klare denne ruta. Ingen hadde gjort det før, ingen hadde tenkt at det var mogleg. Og dei bruka enormt med tid og krefter på å klare denne delen. Det er interessant korleis ein "lærer seg" å klatre ruta. Ein må prøve og feile. Og så vere engasjert med heile seg, for å freiste å finne løysingar, bruke kroppen rett, fokusere rett osb. Steg for steg blir "sjølvet" (med heile kroppen) assimilert til "røyndomen" (d. e. veggen), og ein let seg forme til å finne ein veg. Det liknar på livet, eller, det er livet.




Bono syng om å navigere forventningar, roller, mål, identitet, tradisjon. Han bruka bibelske rollemodellar som utgangspunkt for refleksjon og kunst. Han var som Jesus, eller Johannes, eller Judas, eller Den Heilage Ande, eller satan. (Inspirert av CS Lewis). Det er dette tekstane og musikken handlar om, ein type mystikk.

lørdag 22. februar 2020

I dag gjekk eg på tur i skogen. Det var slik vind. Litt mindre utover dagen. Men eg tenkte eg skulle prøve å gå til Roholtsfjell. Rett så langt kom eg ikkje, for eg prøvar no å gå utanfor løypa så mykje eg kan, for å undersøke nye stader. Veldig spennande, det. Eg kan sjå dyr og nye område eg aldri har vore i. Nokre av dei er veldig vakre også.




























Ti minutt etterpå:


"Have some continuity in your life, man!" Ein kan fylgje vener. Familie. Naturen. Utvikle sine evner og horisontar. Halde seg unna elektronikk og marknadskapitalisme. 

fredag 21. februar 2020



Hetfield måtte "open myself". Det var nykjelen til lækjing og fornying. Men det var ein kriseprega og langvarig prosess.




Halldorf seier det same. Altså: Det same. "Kjærleiken si merksemd. Opne oss for Guds kjærleik."

Spørsmålet er korleis ein gjer det.

torsdag 20. februar 2020

Edvard Hoem intervjua på Torp. Her. Vel verdt å sjå, Hoem er ein vis mann med stor innflytelse i Noreg. Hans ord har verkeleg tyngd.
J Milbank skriv grundig og vist om vesten sitt forhold til islam, her. Eit godt teologisk innspel som unngår både liberale og høgreorienterte grøfter.
Til sundag er det "kjærleik" som er temaet i gudstenesta. Kjærleik er vel ei mystisk øving. Fordi det er noko ein kan opne seg opp for, som gjer at ein verkeleg kjem på djubda i røyndomen. Huh. Dette skal eg seie noko om. (Får gjere mitt beste. Synge ein song :-) ).
























































onsdag 19. februar 2020

I dag har vi på godt og vondt tilgang til det meste. Alle musikkbøker, all utgjeven musikk, alle slags instrument. 

Men kva er musikken til for? O Nordstoga skriv veldig godt om dette her

Eg beit meg merke i det han skreiv om venleik. Eg merkar at når eg øver på piano, så blir eg også flinkare og tryggare og friare på gitar. Eg kan lytte meir til musikken, forstå meir, kjenne meir att, sleppe meg meir laus, bli meir ei slags bylgje. Og når eg spelar med andre, syng dei også meir med. 

Kva skal eg spele? Kva tradisjon? 

Eg likar bossa nova, eg likar blues, eg likar klassisk, eg likar metal, eg likar funk, eg likar rnb, eg likar soul, eg likar 70-rock, eg likar progrock. No sense. Eg likar det meste av interessant og vakker og fengande musikk. 

Men kva skal eg utøve, kva tradisjon skal eg øve på? Verkeleg eit spørsmål. Og det har jo med kultur og fellesskap og "situering" å gjere, ikkje sant. Novel. Eg får bli ein jack of all trades, og øve på å bli betre og betre på det, tenker eg. 

Og når menneske treng meg og min musikk, kan eg stille opp, og la meg leie av det også. 
Eg tala med ei gamal og vis dame. Vi sat rundt eit kaffibord, i samband med andakt og song. Vi tala om veret i nord. Midnattssol, mørketid. Eg sa at eg hadde eit godt inntrykk av folkesjela i nord. Ein kan tenke på Bremnes-musikken, Halvdan Sivertsen, Trygve Hoff. Ho sa: "Ja, det er mykje fordi dei lever i pakt med naturen, og i kontakt med den." Det er noko å fundere på.
Frå bakerste rad. Ein analyse av spenningane i USA. Frå ein kar med PhD i fysikk, som lenge arbeidde som aksjemeklar i NY, men så heller ville fotografere fattige rundt om i USA. Veldig interessant, også for europeisk - og norsk - situasjon. Vel verdt å lese. Mange intervju med han på YT også. Arnade. Jo, eg har mange tankar om korleis kyrkja skulle respondere på situasjonen. Det kjem til uttrykk i forkynninga og presterolla mi.






tirsdag 18. februar 2020

Mark Fisher om "capitalism realism". Her. Men eg tenker som Berman. Dette er ein juggernaut. Det let seg neppe stoppe, og vil ende deretter. Altså - gå av vegen. Og inn til landsbyen i skogen.

mandag 17. februar 2020

I dag var eg på Heia. Det var mykje vind, sein ettermiddag. Eg tenkte eg skulle gå ein tur og kjenne på vinden. Eg gjekk der snoen var smelta. Inn i skogen. Kledd i svart og grått. "Jaja, eg liknar på stein no." Jo meir eg går i skogen, jo meir vil eg likne på den, bli eitt med den, eg kjenner det er noko lækjande ved det, og når folk ser fargane, likar dei det også. Men grått og svart i dag.

Eg gjekk opp til vass-skiljet, aust mot vest, mot Vrådal eller Kviteseid. Det går ein sti på toppen av den, med utsikt til både Vrådal og Brokefjell. Det er ein herleg sti, med stemningsfull furuskog og lyng. Eg gjekk vidare, og stansa opp litt. Masse fuglekvitter og fuglar. Eg tenkte: Eg får gå rett nedover mot skogsbilvegen. Inn i tett skog.

Vi gjekk der tidlegare i vinter. Det var masse storfugl der. Eg ville sjå om eg kunne snike meg til å sjå nokon. Eg høyrde dei flaksa. Men det var masse småfugl der. Dei kvitra. Eg kvitra attende. Fleire av dei kom nærare, ganske tett, og kvitra, dei også. Eg sneik meg litt vidare, stille. Der - 20 m. borte i skogen, var det ein stor elg, som traska tungt forbi. Den hadde lagt merke til meg, og gjekk forbi meg. Eg freista å fylgje etter, men den var borte.

Men eg visste at det var eit område med mykje elg, eg har sett veldig mykje spor og ekskrement der oppe. Det er masse dyreliv i området der, altså - masse. Neste langsiktige plan. Lære meg spor, ekskrement etc. så eg veit kva dyr det er. Setje opp observasjonspost som fotobonden. Overnatte og og observere. Anna langsiktig mål. Få meir klede som liknar på dyr og skog.
Kan ein vere musikalsk geni som barn? På éin måte. Eit barn kan plukke opp ting fort, og imitere, og la seg forme. Men eit verkeleg kreativt musikalsk geni, som barn? Nei, eg trur ikkje det.

Ta det norske stjerneskotet Angelina. Ho er flink til å synge, og har nok musikalitet i kroppen. Men det er heilt klart at songstilen og stemmebruken hennar har ei tydeleg kulturhistorie (jazz, 30-40-talet, rock og pop etc.)

Jo meir eg les og lærer og spelar musikk, så skjønar eg jo at eit vestleg musikkuttrykk har ei spesifikk kulturell historie, så å seie. Og einkvar som høyrer musikk i vesten i dag, inkorporerer denne, på ekstremt komplekst vis. Utan å nødvendigvis vere klar over det.

Nokon vil seie: Bach er tidlaus, perfekt, objektiv musikk, som reflekterer Guds skaparverk. Mja, sant på nokre vis. Ein kan seie at det er noko platonsk og pytagoreisk over Bachs musikk, liksom den også loddar djubder i psyke og kristen tradisjon.

Men Bach står også i ein kontekst, ein kontekst som det tok meg veldig mange år å i det heile teke få eit glimt av. Han kopierer musikkstilar, som spring ut av visse kulturar, han opererer med skalaar og harmoniar og intervall og stemmingar som har ei kulturhistorie, han reflekterer ein særskilt kulturell epoke og mentalitet, på komplekst vis.

Ingen kan gå ut av si eiga tid og heve seg over den. Eit barn har nok også sin musikalitet inni seg, i naturen, slik også til dømes fuglar eller hundar kan ha det. Men å utøve og komponere musikk er også i stort mon basert på kulturell læring. Sann kreativitet blir då, som Greenberg poengterer, å lære, imitere, ha førebilete. Så gjere små endringar sjølv.

Ta anna døme: Ved kvart vegskilje i ein harmonisk progresjon er det eigentleg ei enorm mengd med "val" ein kan ta. Den som kjenner musikk godt, og har transkribert, spela, komponert, lese, lytta, lært, veit dette. "Melodien gjekk den vegen, med den tonen, med den harmonien og den kadensen" etc. Men den kunne gått tusen andre vegar.

V7 vil gå mot I, men kan også gå mot noko anna, ikkje sant.

Ved kvar krossveg kan ein stanse opp, tenke seg veldig nøye om, og sjå havet av moglegheiter. Dersom nokon "berre spelar noko", så stenger ein alle desse vala, og veljer noko. Kvifor nett *dette*? Ein har plukka det opp ein stad, lytta, høyrt, og gjev det ein personleg twist. Det ein ikkje gjer, er å rekapitulere 2000 år med musikkhistorie, tenke gjennom utviklingsfasane og dei enorme valmoglegheitene, og så velje: "Dette", fordi det lét genialt eller vakkert.

Sann og djup kreativitet krev at ein "inhabits a tradition", som legg fram moglege vegar. Har ein ingen tradisjon, eller har ein aldri høyrt musikk før, er vegvalet svært avgrensa, i alle fall reint harmonisk. Det er noko å lære her. Altså, at musikalsk tradisjon blir veldig viktig. Og også å ha læremeisterar. (Alle dei store i historia hadde det).

søndag 16. februar 2020

QSI blir det kalla, i nyare forskning. Stoff som kan påverke bakterielle kommunikasjonsliner via m. a. kjemikalier. Altså - som kan påverke og løyse opp biofilmar, som er instrumentelle i kroniske tilstandar. Og som også på mange vis forklarar kvifor tilstandar blir kroniske. Desse stoffa? Surprise, surprise - det gjeld særleg grønsaker, bær, og framfor alt urter. (Kvifor rotnar ikkje planter i naturen? Lufta er overfylt av opportunistiske bakteriar. Jo - fordi også desse plantene har ekstremt komplekse immunforsvar. Lufta i naturen er elles også fylt av komplekse immunmodulerande og kommuniserande kjemikalier frå tre og planter. Det er ikkje science fiction heller.) Så at the end of the day vil medisinen måtte inkludere urter att, som er enormt mykje meir komplekse enn kjemisk framstilte antibiotika. Det kan imidlertid ta lang tid for Noreg sin del, som er ein del av det mekanistiske vesten. Må berre sjå positivt på det og gjere det beste ut av ting.
Men. Dersom den førre posten er "spot on", har det enorme implikasjonar for vurderinga av samfunnet som vi lever i. Ting som er vanskelege. Éin ting er å erkjenne dei. Ein anna er kva ein gjer med dei.
Kva er det gode livet?

Ikkje smarttlf.,
ikkje elektronikk,
ikkje nett,
ikkje det største huset,
ikkje den finaste bilen,
ikkje dei mest eksotiske reisene,
ikkje den dyraste hytta,
ikkje dei kulaste kleda,
ikkje den best løna jobben,
ikkje det stressa livet,
ikkje halvfabrikata-mat,
ikkje TV-seriar på Netflix,
ikkje den nyaste kinofilmen,
ikkje det stadige nyhetsjaget,
ikkje kjendiseri,
ikkje tinder,
ikkje byråkratisk statistikk,
ikkje endelause transportetappar,
ikkje teknologibaserte velferdssystem,
ikkje meiningstap,
ikkje nyting som øvste mål,
ikkje sosiale medier,
ikkje å vere ein vinnar,
ikkje å bli sett av millionar,
ikkje reklamar,
ikkje utstyrsgaloppen,
ikkje evig vekst,
ikkje stadig meir informasjon,
ikkje stadig fleire moglegheiter,
ikkje urban elitisme,
ikkje stadig raskare forflytning,
ikkje stadig fleire ting,
ikkje det effektive livet,
ikkje multitasking,

Ein annan stad.

Bilderesultater for how to listen and understand great music

48-del lektyre om musikk, av Greenberg. Fekk eg bestilt på CD. Kosta berre 300 kr., ca. Så no har eg noko å høyre på i bilen. I tillegg har eg no ei god stund arbeidd steg for steg med desse bøkene:

Elementær harmonilære


The Berklee Book of Jazz Harmony


Bilderesultater for piston harmony





Så får vi sjå kor langt eg kjem. Utfordringa er nok mest det å arbeide grundig og godt med stoffet, og praktisere det på instrumentet så det blir naturleg. Samt det å balansere mellom bruk av piano og gitar.


lørdag 15. februar 2020





Topp musikarar, innanfor pop/rock-segmentet. Mykje interessant musikk hjå Paul Simon.
Ta vare på hjarta, for livet går ut frå det. 
Ta vare på tarmen, for helsa går ut frå den. 

Kan ein seie. 

fredag 14. februar 2020

Eg ser på ein del videoar på YT om musikk, piano, gitar, korleis lære seg teori og harmoni og teknikk etc. Litt etter litt ser eg at dei fleste har kyrkjeleg bakgrunn. Éin etter ein. Dei seier det ikkje, men det kjem fram innimellom.

torsdag 13. februar 2020

Problemet for ein ulærd, som skal øve, er ikkje så mykje å ikkje ha "put in the hours".

Problemet er å vite kvar ein skal setje inn kreftene, kva ein skal øve på, og korleis 
- ja, i det heile å vere klar over at dette ER eit problem ein må hanskast med!
Bilderesultater for jordens barn thore johnsen
"Den måten vi i vest spiller dogmer og mystikk ut mot hverandre, er utenkelig og fullstendig fremmed i ortodoks liturgisk tradisjon. Dogmet er en kortfattet og presis måte å sette ord på innholdet i den kristne troen, altså trosmysteriet, men ikke som noe forsøk på å forklare det.

Mysteriet er ufattelig og uuttømmelig.

Alle forsøk på å forklare mysteriet fører til at det blir borte for oss.

Det er derfor dogmene blir steiner for brød når de skilles fra lovsangen og tilbedelsen i Kirkens gudstjeneste.

Hvilken oppgave har dogmet? Den ortodokse teologen Olivier Clement svarer: "Dogmet tvinger tanken til å bevege seg ut over seg selv og gi seg hen i ren tilbedelse". I den liturgiske feiringen av mysteriene reagerer vi med undring, faller på kne i tilbedelse, trer ut av oss selv for å gå den andre i møte.

Dette er ekstasen, en konsekvens av det åpenbarte mysteriet - det greske ordet ekstasis betyr å 'gå ut av'. Det mysteriet vi feirer, som forvandler oss, bekjenner vi så sammen i kirkens felles credo. I trosbekjennelsen blir dogmet gjenstand for lovsang. Lære og liv forenes til ett i liturgien."


P Halldorf, "Hellig år". Halldorf er apologet så det held, men det er ei god og interessant bok med mykje å ta med seg.

onsdag 12. februar 2020

Alle er kunstnarar, alle er kreative. For alle drøymer.

Det er underleg dette. Draumen. Å opne opp for "the imagination", biletgjeringa.
La seg ta over av det, som i draumen, men i vaken tilstand. Kva er det.

På ein måte kan ein kanskje seie at levande natur er, uhm, ei slags levandegjering og "tilsynegjering" av sinn og tanke og draum. Det høyrest sikkert "far out" ut. Men eg er ikkje så sikker.

Materialismen og mekanikken er no uansett tilbakelagt i mi bok. Det er intelligens "all the way down" i naturen, like til "Gud". Spørst då om ein ikkje bevegar seg i ei slags platonsk retning.

Eg stenger inne min kreativitet mykje. Også underleg. Eg har prøvd stille retreat over lengre tid. Eg veit at når ein går til pc og internett, er det som å la ei tåke sige inn i sinnet. Det skjer raskt, swoosh, så er tåka der, klårsynet er borte.

Det tek anten lang tid, eller meditativt medvit, å få attende klårsynet. For meg hjelper naturen mykje i så måte.

tirsdag 11. februar 2020

Min Gud, som eg gler meg til våren.
Bacteria can grow across nonsolid surfaces, too, as this B. subtilis culture shows by forming a pellicle, or floating biofilm, across the air-liquid interface in a beaker.
As this Pseudomonas biofilm expands, it develops a more complex internal structure. Bacteria in different parts of its mass may also develop more specialized functions.

                                        Bilderesultater for notre dame stained glass

mandag 10. februar 2020

Ingefær er kongebra mat. Medisinell urt som styrker immunforsvaret og motarbeider infeksjonar.

Så det er skikkeleg godt å lage ingefær og lime te. Evt. med litt honning og kokosmjølk. Det gjer eg ofte.

Og så har eg masse ingefær i supper og stuingar, det er veldig enkelt, og smakar veldig godt.

Men her om dagen laga eg thai-suppe, og så då prøva eg å kutte ingefær og steike det i lag med lauk, eple, karri, chili. Og stekt ingefær er jammen yummy!! Dvs. ein kan ha det i lag med alt mogleg som ein steiker og wokar.

søndag 9. februar 2020



Dette var VELDIG høg kvalitet. Greenberg, musikkhistoriker, ekspert på både jazz og klassisk, ausar av sin djupe visdom og kunnskap.

Han peikar m. a. på at det er svært viktig å vere i kontakt med det musikalske kulturelle reservoaret, d. e. vestleg musikkhistorie. Han peikar m. a. på at ein må rekne med at unge menneske ikkje vil kunne forstå eller vil kunne verdsetje mykje klassisk musikk - men med tid og mognad vil dei kunne gjere det.

Han peikar på kor viktig det er å øve mykje, for den som vil bli god. Han har ikkje trua på "geni", som automatisk er betre enn andre.

Han talar om korleis ein kan komponere - om kor viktig det er å ha inne "grunnarbeidet" i forståinga av den klassiske musikken, harmonimessig og formmessig - og så at ein vil måtte gjere masse arbeid før det blir noko bra ut av det.

Han seier noko om kven hans favorittar er, musikalsk sett.

+++ Ja, dette var eit veldig interessant og inspirerande intervju.
Religion er verkeleg hjarta av kulturen, og det på måtar som vi ofte ikkje kan forstå, og på måtar som tek veldig mange uventa vendingar. Det gjeld verdiar, økonomi, kunst og kultur, vanar og skikkar og levemåtar o. a. Kristendom talar vi ofte ikkje ope om i Noreg. Ofte forståeleg, og ofte med bakgrunn i liberalistisk ideologi. Men folk går i kyrkjene, og dei påverkast (liksom folket også pdas. påverkar kyrkja, på mangfaldig vis).

Det er på mange vis "the bind" som vesten er inne i. Renessanse og fornying og omvending krev kontakt med, og bruk av, dei religiøse ressursane. Men korleis, på kva måte? Utfordringa er, som Pannenberg også har poengtert på det intellektuelle området, å ikkje gjere dei same feil om att, så å seie. Vaticanum II var eit veldig stort steg framover i så måte.

lørdag 8. februar 2020







McCarraher er ingen smågut i akademia.
Liturgy is the mysterious fusion of natural cycles with historical time.

fredag 7. februar 2020

“Every year hundreds of billions of dollars, which should be paid in taxes to fund health care and education, accumulate in tax haven accounts,” the pontiff told participants in a Vatican seminar, “thus impeding the possibility of the dignified and sustained development of all social agents.”
“Today’s structures of sin include repeated tax cuts for the richest people, often justified in the name of investment and development,” Francis told the meeting organized by the Pontifical Academy for Social Sciences.


No skin sola jamvel på Dalen. Då er det godt.

torsdag 6. februar 2020

Bakteriar er veldig intelligente vesen. Mange av dei er "på vår side", våre...ja, kva skal vi kalle dei. Dei er ein del av oss, vi er utvikla frå dei. Andre bakteriar er ikkje nett våre vener. Men alle er på lag med jorda og naturen som heilskap.

Vi menneske, som vesen, er også ekstremt intelligente. Men eg meiner ikkje her: I medvitet vårt. Eg meiner i intelligensen som strøymer gjennom oss og verkar i oss. Kroppen er kontinuerleg i ein heilt enormt kompleks aktivitet. Vi forstår minimalt av det. Planter er også ekstremt intelligente på dette viset, og det er dei vi treng for å samarbeide best med bakteriane og kroppen. Verda er eit stort mysterium, og det er best å finne vår plass i mysteriet på sunt vis.

(Referansane mine har eg mykje frå SH Buhner, og dei er solide).

onsdag 5. februar 2020

B og F Eilish laga albumet heime, på eit soverom. Korleis fekk dei det til? Utan musikalsk utdanning? Jo - dei var med i eit barnekor i mange år, eit kor med svært høgt nivå. "We can figure out any harmony, because we where in a choir". Som gjer at måten ho syng på her, vel. Ja. Det er verkeleg noko djupt som skjer her.




tirsdag 4. februar 2020

Eg såg ein svartspett medan eg var ute og vandra i ei fjellside. Eg gjekk eit stykke unna. Den hakka. Så stansa den og song. Eg tenkte: "Den er redd for meg, og varslar om fare." Eg stansa opp litt. Den byrja å hakke att. Eg gjekk forbi, gjekk vidare. Då song den om att. "Rart", tenkte eg. Eg stansa opp att. Den hakka. Eg gjekk vidare, litt lenger unna. Då song den på nytt.

"Kan det tenkast at den likar mitt selskap?" Det var berre oss som lagde lyd der. Eg byrja å etterlikne den, synge attende til den. Den svara. Mange gonger. Fram og attende. Eg såg på meg sjølv. Svart jakke. Eg likna no vel eigentleg litt på den også. Den hakka hardt. Eg gjekk vidare.

søndag 2. februar 2020


Tokke er også eit natur-eldorado - og fjell-eldorado. Berre å finne tida til å klatre, og så få litt meir sol så snoen blir litt meir borte!!

lørdag 1. februar 2020



Kjenner ikkje desse folka, men likar veret.
Så B Eilish vinn Grammies, og Joker vinn Golden Globes. Kunst reflekterer kultur. Og ein svært tankevekkande kunst er det. Eg får seie som Jesus: Den som har øyra etc.

"we need to take a radical communitarian, postliberal, green and fair-trading direction. We have to now work for that." (J. Milbank)

"Laudato si" (pave Frans)