torsdag 18. juni 2020

Jo, eg skjønar nok ein god del. Eg har lese mi historie, min teologi, min filosofi, min naturvitskap. Joda. Problemet er ikkje å sjå problemstillingane, eller "sidene", eller argumenta, eller presspunkta. Problemet er heller å vurdere heilskapen og så finne ein vis veg vidare. For mitt liv, for kyrkjelyden, for bygdefellesskapet. Ja - der ligg utfordringa. For å halde på min forstand, må eg vere bunden til jorda, "bunden med sterke røter til menneske og til ting".

søndag 7. juni 2020

Snakka med ei dame i dag. Ho vaks opp på gard for lenge sidan. Eg spurte henne: Korleis var barndomen din? Ho sa: Å...ja, når vi slapp kyrne ut på beite, det var fantastisk. Ja, og sauene. Eg kunne sitje der og stelle med dei i timar. Fantastisk. Og vi hadde høns, og då vi fekk kyllingar...fantastisk.

mandag 1. juni 2020


Frå Smørklepp i kveld. 

Vi er menneske. Med sjel, liv, ande, kropp. Alt er ein einskap, som også reflekterer den mysteriøse einskapen i skaparverket som heilskap, og dets union med Gud, trur eg vi bør seie. (Noko i den retningen er vel lurt mtp. på mind/body-metafysikk).

Vi har kommunion med luft og stein og jord og dyr og planter. Vi tek inn sol i kroppen, luft i lungene, mineral og næringsstoff og fiber og mykje anna frå dyr og planter. Det er berre "utdrag". Vi tek inn så mykje anna mysteriøst, og er også ein del av det i kommunion med andre.

Men også dyr og planter har sjel, "nefesh". Det står jamvel i Bibelen. Og kanskje bør vi også seie at steinar og vatn og luft har sjel - og at jorda som heilskap også er ei sjel, ein organisme. Eg mistenker at det er sakssvarande, sjølv om alle våre ord og bilete er utilstrekkelege, og eg berre kan ane retningar og spor. (Naturlegvis ganske uvante tenkemåtar, dette her. Det er utprøvande tankar).

Skal vi då seie at jorda som heilskap også har vilje? Er ein person? Har handlekraft? Analytiske evner? Kanskje vi må det. Men jorda er også ein "contingent thing", som avhenger av Gud sjølv, Skaparen, for sin eksistens. (Klassisk teologi her, d. e. syntesen mellom hellenisme og seinjødedom/tidlegkristendom).

Mekanistisk materialisme, som har vore rådande i vestleg modernitet, kan eg i alle fall rimeleg sikkert seie at er veldig ikkje-sakssvarande. Det er også rett, som Bulgakov seier: Kristendom ligg faktisk nærare opp til klassisk, antikk mysteriereligion, polyteisme, metafysikk o. a. enn moderne mekanistisk metafysikk.

 - Dog, dette siste er (likevel) er ein modell som kan hjelpe oss å avdekke ein del samanhengar og leggje grunnen for ein del teknologiske innovasjonar. Noko er det i materialismen, men det fungerer ikkje som heilskapsmetafysikk. (+ at det medfører øydeleggjing av naturen).

lørdag 30. mai 2020

Eit dyr i skogen har det det treng i seg sjølv - i samarbeid med andre dyr, og med "naturen", breitt forstått. Skaparverket. Dyret treng ikkje iphones eller gravemaskiner eller grændis. "Teknologiar" er det flust av i skaparverket, men sjølve kroppen og "sjølvet" er liksom ein integrert del av prosessane. (Anten vi talar om dyr eller planter eller whatnot). Det er noko viktig her. I vår tid er det mogleg å la elektronikk, maskinar, mekanikk, industri bli ein "second body". Som i matrix, så å seie. "Brain in a vat". Eller som Homer Simpson i sofastolen foran tven. Og, "what's not to like" med eit slikt liv??? Det er spørsmålet. Kva tapar ein med slik teknologi? Enormt blindfelt i vestleg sivilisasjon om dagen. Men det finst motkulturar og understraumar, så å seie.

Elluls Technological Society

fredag 29. mai 2020

Møte. Kan vere effektive eller ikkje. Det er godt å også ha tid for det som ikkje er effektivt - kaffi, samtale, song, latter. Paradoksalt nok kan det vere der verkeleg framsteg vert gjort. At ein finn ut kva som er viktig, kva løysingar ein skal gå for.

15 min før møtet byrjar, møtast folk. "Settling in". Dei er ikkje ein offisiell del av møtet, men er likevel veldig viktige. Både sosialt og for innhaldet i møtet. Dei 15 minutta står ikkje på sakslista, men er "skjult viktige", så å seie.

Førebuing til møtet. Lese gjennom sakspapir, undersøke trådar, avklare ting. Kan vere like viktig som det skjer under møtet. Berre viktig at ting går rett for seg, naturlegvis.

torsdag 28. mai 2020

Byråkratiske og elektroniske system veks enormt. Mange arbeider med det, og dei vil vel helst "get by" så godt dei kan. Men fenomenet som heilskap er likevel veldig problematisk. (Diplomatisk sagt). Det gjeld å halde det enkelt, skjønar eg. Halde seg unna så mykje som ein kjenner ein kan, for det er ikkje der livet er å finne.

mandag 25. mai 2020



Vi har det moro hjå Thomas.

søndag 24. mai 2020

Emosjonar. Kjenner vi inni oss. Men dei er ikkje avgrensa til oss. Dei er kommunikasjon, trur eg. Frå planter og dyr og bygningar og bilar. "Korleis kjennest du? Korleis kjennest dette?" Opne hjarta.

Greni, gitaristen, seier at han trong mykje ro for å få kreativitet. Han reiste til eit anna land, budde på eit loft, med berre gitar og poesibøker. "Ein einskild ubehageleg telefon kan øydeleggje heile kreativiteten min." Det er som meditasjon, det er meditasjon.

Altså, å opne slusene, portane, å kome på djupet. Alt saman veldig interessante metaforar. Det tek tid. Ein må vere "i tune" med menneske og natur og whatnot. Sundfør skriv musikk når det er mørkt, og ho pregast av stemninga i naturen og det underlege ljoset. Preus reiste åleine til ein framand by og tok inn inntrykk. Etc.

Emosjonar. Interessant med det. Naturen hjelper meg å opne portane. Men eg kan også opne dei dersom eg er medviten om det, og kjenner på kjenslene mine. Internett og elektronikk stenger portane. Ofte kan emosjonar vere langt nede, så eg er borte frå meg sjølv.
Eg les Stephan Hardings Animate Earth. Gjev meg mykje glede. Han viser til prest Thomas Berry.



Kan bli spennande. Også denne:

Animism av Graham Harvey (Heftet) - Religion | Tanum nettbokhandel






Elles funderer eg på teologi. Den som seier at ein "ikkje trur", har likevel eit, skal vi seie, poetisk datamateriale å forholde seg til. Tekstar, riter, liturgi, historie etc. Alt dette er meiningsfullt, på veldig mange ulike plan. Dei moderne religionskritikarane, d. e. Feuerbach, Marx, Freud, Nietzsche mm., visste dette, men tolka det slik at "dette er falskt medvit, og handlar eigentleg om noko anna" (klassekamp, Mennesket, indre drifter, whatnot). Desse kritikkane hadde ofte mykje for seg, og var viktige. Men kunne likevel naturlegvis ikkje vere "fyllestgjerande". Likevel - dei freistar å "sjå bak", freistar å finne meining. Det tenker eg at det norske samfunnet også kunne gjere, d. e. dei som ikkje er "trygt" inni kyrkjefellesskapet. Javel - ein trur kanskje ikkje slik som "bedehuset", eller "seinmoderne protestantisme" el. l. Men kva er eigentleg fenomenet ein har med å gjere? Kva er røyndomen bak? Kvar er det pilene peikar? Då er ein over i mystikken, symbolikken, analogien, metaforikken - altså, som klassisk teologi, kunne ein også seie.

fredag 22. mai 2020

Ein refleksjon. Biotek-lov. Det eg tenker på, er som fylgjer. Lova er eit uttrykk for utvikling som allereie i sterk grad har funne stad i samfunnet. Lova manifesterer, konsoliderer, uttrykker etc. Ofte har ein i våre dagar sagt: "Verda går framover." "Vi lever i 2020". "Mørke gufs frå fortida." "Middelaldersk." Dette er sekularisert eskjatologi, dvs. det er uttrykk for apokalyptikken som vart arva frå jødedom og kristendom (og andre straumar i antikken). I nyliberal ideologi er då Guds rike å forstå som det marknadskapitalistiske og liberale samfunn, til dømes a la John Rawls eller Milton Friedman. Det finst gode sider ved denne ideologien, forståelege sider. Men også mange djupt problematiske sider. Alliansen mellom nyliberal ideologi og marknadskapitalisme og statsbyråkrati kjem til uttrykk på mange vis, men det er familieområdet som blir relevant for biotek-lova. D. e. kvinner (og for så vidt menn) skal ha utdanning og fast jobb med status, og i tillegg ha familie og born, og i tillegg ha seksuell fridom, samt også leve under kontinuerleg press frå marknadsstyrte behov og begjær, og i tillegg mangle støtte frå tradisjon og kultur og storfamilie og kyrkjefellesskap. Men alt dette er ikkje lett å omsetje i røyndom og levd liv. Biotek-lova er eit uttrykk for dette presset, slik eg tolkar ho. D. e. det er viktig å vere merksam om dette større "komplekset", dersom ein vil gå inn i tematikken, men det krev nok djupare tradisjonar og breiare fellesskap. På eit djupare plan kan ein også spørje om "vår natur" som menneske eigentleg er eit kompass vi kan lære av, og fylgje etter, for å finne "det gode liv". Kanskje vi heller bør seie: Skaparverket sin natur, så å seie.

torsdag 21. mai 2020

Eg er eit barn av bedehuset. Bedehuset, med si kulturelle historie, si situering. Komplekst. Kva skal overta for bedehuslivet, bedehusspiritualiteten framover? Vi er i limbo. Liberal ideologi demonterer felleskulturar, skikkar, institusjonar etc. Inn kjem marknad, teknologi og byråkrati. Det drivast av eit race etter kontinuerleg økonomisk vekst. Prosessen må bryte saman etter kvart, det er sikkert. (Vil eg og mange hevde). Ingenting kan vekse inn i himmelen, det er poenget i heile Gen 1-11. Mennesket er av natur eit fellesskapsvesen, kreativt, arbeidande, tenkande, lengtande. Dette kan undertrykkast og motarbeidast (som i mangt skjer no), men vi mistar ikkje vår natur. Men kva skal vekse fram? Kva type spiritualitet? Eg trur mykje av det gode i bedehustradisjonane kan førast vidare. Noko må "døy", noko må tilførast. Det skjer for så vidt kontinuerleg. Men brytningane er sterke no.

tirsdag 19. mai 2020

Mange dyr ute no, veldig også. Dei er ikkje redde. I går, gjekk på tur i skogen ved Kviteseidkleivane, retning Fjågesund. Kom til ei opning i skogen, hogstfelt. Såg eit rådyr, stort. Eg sneik meg sakte nedover i granskogen, nærmare. Det klarte ikkje å sjå meg, sjølv om det merka eg at var der.

Det bjeffa høgt, og sprang unna. Men så laga eg lokkelyd, slik som hjorten har. Eg veit ikkje heilt om det var truverdig, rådyret var også skeptisk. Men, det snudde, og kom attende. Eg sneik meg nærmare og nærmare, og vi dreiv på slik og inspiserte og såg, i kanskje 10-15 minutt. Veldig spennande.

Seinare, på Bergland, eg gjekk til skogopning der, og høyrde eit stort dyr, må nok ha vore elg. Eg køyrde vidare. Såg stor elgokse rett i vegen, mot Skafså (nedanfor der ordføraren bur). Eg ville snike meg etter og ta bilete, men hadde ikkje stad å parkere bilen. 500 m. lenger borte, eit jorde. Eg ser to elg stå roleg på jordet. Eg parkerer, går ut. Dei står roleg. Lenger oppe på jordet: To elg til! OG eit rådyr, nesten i hagen til eit hus der.

Eg snakka med sekretæren på kontoret, ho hadde opplevd det same. Masse elg, og dei er skikkeleg tame no for tida. Eg trur det har å gjere med koronatiltaka, mindre folkeliv og støy, mindre køyring og tungtransport. Og kanskje sunnare "helse" i naturen pga. mindre forureining. Kva veit vel eg. I alle fall er det ganske enkelt å oppleve dyr på nært hald no, det er gøy.

søndag 17. mai 2020

Tale på 17. mai. Eit lite drypp, ein liten dytt, ein liten tanke, ei lita kjensle. Å la Gud vere bygningsmann. Vi er søner av Adam, døtre av Eva. At vi er skapte av Gud. Vi skal forvalte, ikkje vere herre, over skaparverket. Vi kan nok vere sterke og ha mange rike evner. Men, vi er små og sårbare - i den store samanhengen - og treng å behandle kvarandre deretter.

"Det nye normal". "Vi treng ein ny normal". Vi gjer det. Men vegen dit er det ikkje så lett å finne. Mest gjeld det, trur eg, å gjere merksam om det. "Lær oss å ta vare på skaparverket, og dela dine gåver rett." Gud "mettar dei svoltne," men "støyter stormenn ned frå trona". Han "sender dei rike tomhendte bort."

fredag 15. mai 2020

Eg ser på musikk-instrument. Underleg. Eg les og vurderer og tenker. Kva merke er best? Kva modell? Opp og ned, venstre og høgre. Og ender til slutt opp med: Yamaha. El-piano? Mange gode. Men, yamaha. PA? Mykje bra, men...Yamaha. Trommer, då. Masse bra! Men, yamaha. Godt å ha solide musikkinstrument. Gjev mykje glede. 


Jo meir eg tenker på det, jo meir skjønar eg. Ingen kan bere seg sjølv, ingen kan konstruere seg sjølv, ingen kan lære seg sjølv å leve, ingen kan leve for seg sjølv. Livet er ekstremt komplekst. Ein lærer ved imitasjon, ved å "vere", ved å observere, ved å la seg forme, ved å gå med straumen. Det føreset at ein høyrer til eit sunt fellesskap, eller, fleire sunne fellesskap. Ein kan seie: "Eg skal bryte ut av fellesskapet, og bestemme sjølv, og forme meg sjølv." Det er ikkje mogleg. Overalt i kultur og natur er det ekstrem kompleksitet og ekstrem djubde - faktisk eit mysterium. Fridom må ein ha. Men absolutt fridom er umogleg.

Um å bera

Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.
Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.
Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm
er den glede
som du vil ha åleine.
Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.
Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn –
Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.
Jan-Magnus Bruheim

torsdag 14. mai 2020

NT og Jesus er radikalt. Profetisk. Reform. Innanfor ein tradisjon. Mange i den tidlege kyrkja ville føre reformen til endepunkt, så å seie, og bryte av den jødiske bakgrunnen. Men kyrkja heldt fast på denne bakgrunnen, dette jordsmonnet, dette fundamentet. Protestantiske lågkyrkjelege rørsler må passe seg for å gløyme den GT-lege bakgrunnen. Der er det visdomslitteratur, der er det skapingsteologi, der er det mytologi, der er det uvisse og diskusjon (Job), der er det utvikling etc. Det er ein essensiell ressurs for kristendomen.

onsdag 13. mai 2020

Ein kan ha mange analysar, mange kritikkar, av det moderne samfunn, det er klart. Og dei ville ofte vere sakssvarande. Men spørsmålet er: Kva så? Kva gjer ein? Kva grep?

tirsdag 12. mai 2020

Stokes Guide to Animal Tracking and Behavior by Donald Stokes ...

What the Robin Knows: How Birds Reveal the Secrets of the Natural ...

Går i dette no. Om eg klarer å observere rev på nært hald, då har eg kome langt. Har noko att der, kan du seie. Elles vurderte eg å få tak i denne lua XD

Badger mounted fur hats men women * mountain man black powder ...






mandag 11. mai 2020

Ja. Var vel best. Å fylgje sola. Leggje seg 2100, stå opp rundt 0530. Då må ein forsake elektronikk og elektrisk ljos. Dvs. det krev aktiv effort. Kanskje også å bu borte frå område med gateljos og støy.

søndag 10. mai 2020

Ja, som eg sa til nokon i dag - eg var heldig i dag, for eg gjekk ved Granlien, retning frå Haukom. No kler eg meg stort sett i jordfargar og plantefargar, grønt og brunt, i ulike nyansar. Eg får inspirasjon frå Brian Mertins, og har også lese i og bestilt bøker av hans mentorar, Jon Young og Tom Brown Jr. Artig. Så eg har lært noko om å kome nær på dyr. Eg sneik meg inn i skogen, der det er grønt og mose og fuktig og gran. Veldig god stemning der, så å seie.

Eg fann ein dyrestig, og fylgte den. Eg kom heilt nært innpå eit ekorn, og det var nokre duer der. Men så høyrde eg noko som braka og knakk kvistar oppi skogen. Eg stod bak eit tre, heilt stille, og ganske rett, der kom ein elg gåande. Langs stigen eg gjekk på før, som går heilt parallelt med grusvegen. Elgen kom gåande, var berre 10 m unna meg. Men la ikkje merke til meg i det heile teke. Godt, for då skremmer eg ikkje dyra bort, og kan kome attende og sjå etter dyr på nytt. Eg trur denne elgen vart litt skaka av ei skur med hagl som var på veg. Eg fekk ikkje teke bilete av den, kameraet låg pakka ned i sekken, og eg ville nok skremt elgen. Shoot.

Artig å sjå dyr i naturen, og ut og observere og få inntrykk. Godt for kropp og sjel når eg er sliten. Og ganske så gøy også, kvar tur blir eit eventyr, eg ser noko nytt nesten kvar gong. Eg har bestilt ei jegerprøvebok, så vi får sjå om det blir noko av det på sikt. Mest gøy å setje meg inn i det, i fyrste omgang.

fredag 8. mai 2020

Korona er éin epidemi. Men i røyndomen er det nok flust av epidemiar på gang i moderne samfunn. Dei manifesterer seg i ulike typar av sjukdomar, ubalansar av mange artar. Vi badar i mikrobar, og mange av dei er nok påverka av tiår med overforbruk av antibiotika og nedbryting av komplekse økosystem. Løysinga er ikkje å utslette mikrobane, men å spele på lag med dei, i det mikrobielle økosystemet. Det handlar om "holistisk"/"integrativ" helse. Eller, om bondevit og sunn livsstil eller whatnot. Eller, å leve i tråd med sin natur, og den samanhengen som vår natur høyrer til i. Alle steg mot dette, alle små innsiktar, alle stønader, tek eg imot med glede.



Sorg er sånn: Det gjer at det blir vanskeleg eller umogleg å vere ute av kontakt med sitt indre liv. Ting som då har vorte neglisjert, halde nede, vore ubearbeidde etc., vil då også kome fram. Men vår sjel er ikkje ein avsondra ting inni oss. Den er også ei side av vår kropp, og ein del av omgjevnadene våre. Sjel er i oss, og rundt oss.

torsdag 7. mai 2020

I kveld var eg attende i området der eg såg så masse dyr. I dag var det annleis. Stille og roleg...bortsett frå orrfugl og storfugl, eg kom HEILT inntil, faktisk, omtrent berre ein halvmeter unna. Såg den ikkje, høyrde berre nokre små lydar, og plutseleg flaug den opp. Skjedde to gonger. Men andre dyr...nei. Så då lærer eg, det er vel fordi dyra har vit nok no til å skjøne at eg vil vere i området. Men, eg høyrde mange fuglealarmar rundt i området, så eg reknar med at det er mange fleire dyr der ute. Får prøve eit litt nytt område neste gong, tenker eg.

onsdag 6. mai 2020

Trendar og paradigme og bylgjer kjem - og går. Dei kan vere intense når dei står på, verke totale, uovertrufne, heile. Så blir dei borte. Best å ikkje la seg rive med. Men noko må vere stabilt - liggje under.


tirsdag 5. mai 2020

I dag gjekk eg ein kveldstur det fyrste stykke av Lårdalsstigen. Naturen her er gamalskog. Det er mykje her som er veldig rart og forunderleg. Eg forstår kvifor norske eventyr og segner har "tuss og troll". Det er eit liv som er veldig underleg, så å seie.

Men noko rart eg tenkte mykje på i dag. Som barn leikar ein sisten, gje eit lite vink, titten på hjørnet, "rødt lys" o. a. Dyra gjer nesten nøyaktig det same, faktisk.

Eg går, kledd i grønt, så stille eg kan. Eg snik meg fram. Blir ikkje heilt stealth, for det var ljost, og eg går på ein sti, og har sko på. Men, så stille eg kan. Eg lyttar, så nøye eg kan. Det eg merkar då, er at det er fullt av lydar.

Eg går på stien, og høyrer brått noko som rører seg, nokre meter framom, i buskane. Eg stansar. Det er stille. No veit eg - dersom eg set meg ned, og er stille ei god stund, så vil dyret etter kvart dukke opp. Men, eg går forsiktig vidare, nokre meter. Brått kjem det ein ny lyd, dyret bevegar seg litt.

Når eg lyttar slik, merkar eg at det er fullt av små dyr rundt meg, både til venstre og høgre. Ganske fascinerande. Eg såg to små mus i dag, mange fuglar, storfugl, og tre-fire små jasar. Dei siste var veldig artig å sjå, og det var i skumringen. Det er tidleg morgon og sein kveld det er lettast å sjå dyr, har eg forstått.

Leikane som eg tenkte på, reflekterer noko veldig djupt i oss, som også finst i naturen. Evne til å skjule seg, lytte, sanse, flykte - men også evne til å spore, jakte, angripe.
Eg har nok sove i timen, og ikkje nett sett tilstanden i VT for det den er. At folketalet stupar og bygdene døyr ut, éi etter éi. Årsak? Mangefasettert, komplekst. Går ein inn i det, vil ein kome i kontakt med veldig sterke krefter. Men det er mogleg å bli medviten og snu trenden, trur eg. Berre - sterke krefter.
The Nature Fix: Why Nature Makes Us Happier, Healthier, and More ...

Jo nærare ein er til "green space", jo betre psykisk og fysisk helse har ein.

mandag 4. mai 2020

I dag var eg i skogen opp mot Vråliosen. Det er artig å kle seg heilt grønt, og sjå etter dyr. Eg sat stille i 20 minutt. Etter ei stund kom ei lita brun mus ut. Og svarttrost såg eg på nært hald, før den såg meg. Og raudstrupe - og mange andre fuglar. Eg går heilt stille og roleg. Merkar kva fuglar som sender alarm. Nokre har høg alarm. Andre har heilt stille, nesten umerkeleg. "Silent alarm". Fuglen reagerer når eg bevegar meg, eller når eg lyfter hender. Men når eg er heilt stille, så høyrer eg faktisk dyra. Ei anna skogmus som var der, vart til slutt så trygg på meg at den ikkje brydde seg så mykje, og berre loffa litt rundt. Eg høyrer bittesmå lydar og rørsler, og så står eg heilt stille. Så, etter kvart, dukkar dyra opp. Eg må øve meg meir på å finne dei større dyra, som elg og rådyr. Men hjort kan eg kalle på. Skal prøve elg no også.

Interessant - ved Heia går det ei turløype, frå skytebanen, så til Høybakkmyr, Langemyr, Stemmyr, like nedanfor Presttjønn. Det eg no har funne ut, er at det går eit dyretråkk rundt 50 m oppi skogen, ganske parallelt med den vanlege turløypa. Interessant å tenke på. Det er masse dyr som går der.

søndag 3. mai 2020

Noko eg har tenkt på. Krakow er ein middelalderby. Den har murar rundt, og ei lang vollgrav. I midten er det eit stort torg, med store kyrkjer. Også i dag fungerer torget som eit sentrum der folk kjem saman. Det yrer av liv på kveldane, og folk kjenner seg trygge.

Ein liten landsby som er bygd opp rundt ein bilveg. Bygningar på kvar side. Bilane køyrer fort, tungt, med støy. Kva gjer det med mentalitet og psyke og kultur? Shudder to think.

onsdag 29. april 2020

I går gjekk eg i ei fjellside som litt mot sør, over Skafsåberget. Det var kjempeflott natur. Men det mest spennande var: Eg var kledd i naturfargar. Eg gjekk roleg oppover. Eg sette meg roleg ned. Tenkte å drikke kaffi. Eg høyrde ein lyd. Sat heilt stille. Høyrde ein lyd til. Tenkte: "No sit eg stille til dyret avslører seg sjølv". Eg sat ei stund musestille. Eg stirra intenst på området der lyden kom frå, men såg ingenting.

Så skjedde det noko. Nett der eg stirra, såg noko lite og svart som rørte seg, rundt 20-30 m. unna, bortanfor ei lita kløft. "...kva er det for noko...?" Plutseleg ser eg det: Eg har site og stirra på ein stor elg som stod stille, men utan å leggje merke til det. No bevega heile elgen på seg, og då steig den ut av landskapet, så å seie. Den stirra rett på meg. Eg stirra attende. Det var nokre greiner mellom oss. Så byrja den å ete litt. Eg prøva å kome nærare. Plutseleg ser eg ein elg til, litt lenger bak. Eg sat og såg på dei, kanskje 3-4 minutt. Så gjekk dei nedover fjellsida.

Noko av det eg skjøna:

Elgen laga også lyd. Den var ikkje 100% stille.

Elgen stansa opp når den var usikker, og stod stille.

Elgen såg seg rundt for å orientere seg.

Elgen bevega seg roleg og grasiøst, utan stress.



Eg gjekk vidare nedover fjellsida. Roleg. Eg har lese om dette med "animal tracking", at det er viktig å gå sakte og roleg. Det gav avkastning. Litt lenger nede var det ein brun og kvit hare foran meg, den sprang fort unna, men eg fekk eit lite blikk av han. Eg prøva å fylgje den, slik seg hør og bør, men fann ikkje the rabbit hole.



I dag gjekk eg eit stykke på lårdalsstigen. Har vore der oppe tre gonger før i vår, men har vore for mykje snø kvar gong. No er det meste smelta. Eg kom forbi dei forferdelege (men kanskje nødvendige) straummastene, og inn i skogen. Spennande husmannsplassar ligg der. Det var nok eit hardt liv, skjønt, avlingane var gode, og dei kunne ha mykje dyr. Eg kunne godt ha tenkt meg å bu der, om det var mogleg. Kanskje ha ei hytte der.

Uansett. Dette er gamalskog, for det er svært ulendt og vilt terreng. Eg har aldri opplevd så mysteriøs og spennande skog før. Her var enormt med rotne og brotne tre. Masse teikn etter dyr som har grave og gnaga og laga hol og gått stiar og lagt att spor. Det rare med trea var, både at det var så mange rare og knekte tre - men også at sjølv dei mest øydelagte av dei var fulle av liv og friske skot og grøne blad. Merkeleg å sjå.

Oppi lia såg eg eit ekorn, og på veg ned såg eg to menneskedyr, som eg også kunne kommunisere godt og meiningsfullt med, og som gav meg trøyst og glede. Men skogen der oppe er verkeleg underleg, må eg altså seie. Det skal bli spennande å reise attende dit.

Noko anna underleg. Når eg står i høgda, ser eg Bandak som strekker seg austover. Eg ser vegen som snor seg mot Bandaksli. Eg ser Roan, eg ser Hægefjell, eg ser inn mot Lårdal, eg ser Skafså og fjella ved Hallbjønnsekken, og Visåskyrkja. Eg ser ryggen som strekker seg mot Krossli og Vråliosen - og vidare inn mot Dale og Ljosvatn og Roholtsfjell. Det er heimskleg, det er min kultur, det er min heimstad, det er kyrkjeleg og det er tradisjon og det er generasjonar som har gått føre. Og no kviler også min bror her, ved sida av sine forfedre, i vigsla jord.


Zuboff har vore prof på Harvard i ei årrekke.

Meininga med livet er å ta del i Guds skaparverk med visdom.


tirsdag 28. april 2020

Rart å tenke på mine besteforeldre. Som levde på ein gard. "Det var eit godt liv". Arbeid frå morgon til kveld. I harmoni med rytmane i døgnet og året. Gras, skog, grønsaker, kyr, høns, sauer, handarbeid, handverk, matlaging. Mykje knowhow som ikkje har vorte ført vidare til min generasjon. Men kan hentast opp att.

mandag 27. april 2020



Ja. Det er nok ein komande apokalypse, og verda vil sjå veldig annleis ut om nokre tiår. Vegen vidare må vere - attende til natur, attende til det stadbunde, attende til djup og tradisjonsbunde kultur/religion. Vi skulle ha hatt ein profetisk biskop med miljø, berekraft, kultur, spiritualitet som særleg interesseområde. Ikkje "MDG"-biskop. Meir...heilskapleg, a la Frans' encyclika.

Surviving the Future - A Celebration of the Work of David Fleming ...

lørdag 25. april 2020

For 150 år sidan. Kva åt bøndene? Jordeplegraut fleire gonger til dagen, bygg-graut, rugkaker stundom. Flesk. Smør. Innmatskjøt i slaktetida. Grønsaker ein måtte dyrke. Bær ein sanka. Egg. Og boatloads med surmjokk. Det ein kanskje kunne ha trengt meir av, var feit fisk og kvit fisk for omega-3 og mineral. Elles ein på mange vis framifrå diett, må eg seie.


fredag 24. april 2020

Animate Earth: Science, Intuition, And Gaia: Stephan Harding, Lynn ...


Alt kjem frå Gud - og alt vender attende til Gud. Det er ein grunntanke i antikken, i hellenismen - både platonisme, kristendom, jødedom. Livet - ein skugge og ein draum.


torsdag 23. april 2020






Twin Peaks var bra av mange grunnar. Det "tappar" inn på djupet i personlegdomen. Og kva finn det der? Mysterium, ljose og mørke.

tirsdag 21. april 2020



Denne er interessant. "Mother nature is a serial killer". Eller: "A bitch". Ein "kreativ mordar". Ein "brotsmann". Som vi skal "fange". Vi går på skulen for å "avsløre veikskapane i rustningen", altså, slik at vi kan drepe naturen. Slik talar og tenker vestlege kulturarbeidarar. Det er ein tenkemåte som går attende i alle fall til opplysningstida - meistring av, og herredøme over, naturen.

mandag 20. april 2020



Eg søkte etter "positive filmar på HBO". Det er verkeleg mykje dystopi ute og går for tida (diverre med god grunn). Eg kom over denne. Om ei autistisk dame som slit med mykje. Men ho finn ein veg når ho kan vere i lag med dyr, og hjelpe dei til eit betre liv. Ein veldig oppmuntrande film var det.

søndag 19. april 2020

Eg ser på ekorna som leikar. Dei lagar morosame lydar og hoppar frå tre til tre og leikar sisten. Opp og ned trestammene, opp og ned. Eg ser hakkespetten som hakkar, og flyg frå tre til tre. Eg ser svartmeisen som flyg og let alarmsignalet lyde, for å verne reiret sitt. Eg ser storfuglane som flyg frå trea. Tre og lyng og mose. Vi er i slekt med alt saman, deler mykje DNA med det, jamvel. Har mykje til felles. Men som menneske høyrer vi fyrst og fremst i lag med andre menneske, i vår økologiske nisje i den store samanhengen.

lørdag 18. april 2020

The Universe as Symbols and Signs: An Essay on Mysticism in the Eastern Church by [St. Nikolai Velimirovic, Sergei Arhipov]

Verdsbilete. Kva er verda, eigentleg? Moderne kultur. Basert på fransk-engelsk moderne metafysikk, utvikla frå middelalderen. Du ser det du trur. Du finn det du trur. Det du ikkje kan eller vil tru på, kan du ikkje sjå, kan du ikkje finne. Metafysisk materialisme framstår meir og meir som eit tilbakelagt kapittel. Kva er eigentleg verda? Kva er vi - når vi er ein del av alt dette? Vi må ikkje svare for raskt. Men vere audmjuke og ha god vilje og søke ljoset.

søndag 12. april 2020

Det finst "klassikarar". Sett av kunstverk, bøker, filmar. Bra. Eit menneske kan også ha sine personlege "klassikarar" - som var med på å forme livet. Som kan vere verdt å kome attende til, igjen og igjen. For å vurdere, revurdere, la seg forme, kritisere, føle, dele.

lørdag 21. mars 2020
















Dette er like ovanfor Krossli, i retning Åmdals verk. Her ser ein mot Fyresdal og Roan. Fjellområdet mellom Fyresdal og Vrådal, altså. Her vil eg gå i sumar. 


torsdag 19. mars 2020

Informasjonseksplosjon, er det noko som heiter. Lengre rekkevidde - dette er eit dogme i moderniteten. Meir og betre tilgang. Raskare. (H Rosa Social Acceleration)

Eit gode, blir det sagt.

Eg veit betre i dag.

Og det får meg til å tenke.

Kva er eigentleg eit gode, i informasjonseksplosjonen? Kva fører oss nærare Gud - altså...djubde, meining, håp, kjærleik.

Kva er berre "filler"??????

"Vi har heimekontor, men vi held fram med å skrive kronikkar, bøker og nettpresentasjonar!" Javel - gjer du verda og menneskelivet betre eller ikkje?


Bilderesultater for silence meditation zen monk




Eg tenker på dette i våre dagar. Internett kokar. Og vil sluke oss. Kyrkja skal også vere der. Hm. Jaja. I verda, ikkje av verda. Er det i det heile teke mogleg, på teknologiske premiss? Svart-kvitt er det ikkje, men...



Lokalt er viktig. Nært.

Kvalitet er viktig, noko ekte.

Eg kjøpte ei bok om ein biolog som fylgjer eit 1x1m skog-stykke gjennom eit år. Eit univers, eit mysterium, med uendelege djubder. Rett under føtene våre.

Menneske er også mysterium. Gud er overalt.

onsdag 18. mars 2020


Og her eit bilete av den gode hunden. Eit ope og tillitsfullt og undrande uttrykk her.

tirsdag 17. mars 2020

Om de er klar for det, sjå siste "Debatten" på NRK. Sterke saker.










Ok, kva "sjel", kva "uttrykk", kva "personlegdom" har dette treet??? Kva kjensle gjev det?

fredag 13. mars 2020

Det er vanskelege tider. Eg vil søke trøyst og stønad hjå familie og vener og skogen.

Og så må eg prøve å gjere ein trufast og ansvarleg jobb der eg er sett.



fredag 6. mars 2020


Det er eit tre som ligg "off the beaten track" på vegen mot Roholtsfjell. 
Eg kjenner lukke når eg er der. 
Treet er gamalt og vist og sterkt. 


torsdag 27. februar 2020

tirsdag 25. februar 2020

Jo lenger ein lever, jo viktigare blir det å ha ein "expansive" spiritualitet som på same tid held fast ved det enkle. Altså - vere open for verda, tradisjonar, religionar, innsiktar, erfaringar. Men ha eit tydeleg og mystisk sentrum. (Ikkje motsetningar, for eitkvart fenomen er, rett forstått, mystisk, med uendelege djubder).

mandag 24. februar 2020

19:30-24:30.


Suppose at Longue Durée har rett. At historia går i lange drag, og at små hendingar her i tida kan gjere lite frå eller til. (Men "lite" er då noko). Kvar er då historia no på veg? Ein kan spekulere i at vi går mot større kinesisk dominans, meir nasjonalisme og autoritær styring, og at kyrkja vil samle seg meir rundt det romersk-katolske.


Shores soundtrack til Ringenes Herre er eit verkeleg meisterverk, forstår eg meir og meir. Fullt av djup symbolikk, fullt av avanserte harmoniar som utdjupar mytologien.

søndag 23. februar 2020



Og dette er veldig hjelpsomt - ein profesjonell pianist på høgt nivå viser korleis ho arbeider med eit veldig krevjande pianostykke. Det er multi-modalt, kan ein seie, og involverer altså "full kontakt" med stoffet, både med analyse av teori og harmoni, bruk av hender og teknikk, involvering av emosjonar for å kome på innsida av musikken etc. Mykje interessant her, og som alltid forgreinast fenomenet (d. e. pianospeling) raskt inn på mystiske/guddomelege djubder av røyndomen, så framt ein ikkje seier "stopp", eller "det er nok", eller "vi held oss med dette området for no."


Eg såg denne dokumentaren, den er på Netflix. Kjempebra og interessant.  Altså - klatrarane lever eit spesielt liv, må ein seie. Men det er kva det er. I alle fall - dei klatrar her ein del av ruta som er ekstremt vanskeleg, og det var uvisst om det var mogleg å klare denne ruta. Ingen hadde gjort det før, ingen hadde tenkt at det var mogleg. Og dei bruka enormt med tid og krefter på å klare denne delen. Det er interessant korleis ein "lærer seg" å klatre ruta. Ein må prøve og feile. Og så vere engasjert med heile seg, for å freiste å finne løysingar, bruke kroppen rett, fokusere rett osb. Steg for steg blir "sjølvet" (med heile kroppen) assimilert til "røyndomen" (d. e. veggen), og ein let seg forme til å finne ein veg. Det liknar på livet, eller, det er livet.




Bono syng om å navigere forventningar, roller, mål, identitet, tradisjon. Han bruka bibelske rollemodellar som utgangspunkt for refleksjon og kunst. Han var som Jesus, eller Johannes, eller Judas, eller Den Heilage Ande, eller satan. (Inspirert av CS Lewis). Det er dette tekstane og musikken handlar om, ein type mystikk.

lørdag 22. februar 2020

I dag gjekk eg på tur i skogen. Det var slik vind. Litt mindre utover dagen. Men eg tenkte eg skulle prøve å gå til Roholtsfjell. Rett så langt kom eg ikkje, for eg prøvar no å gå utanfor løypa så mykje eg kan, for å undersøke nye stader. Veldig spennande, det. Eg kan sjå dyr og nye område eg aldri har vore i. Nokre av dei er veldig vakre også.




























Ti minutt etterpå:


"Have some continuity in your life, man!" Ein kan fylgje vener. Familie. Naturen. Utvikle sine evner og horisontar. Halde seg unna elektronikk og marknadskapitalisme. 

fredag 21. februar 2020



Hetfield måtte "open myself". Det var nykjelen til lækjing og fornying. Men det var ein kriseprega og langvarig prosess.




Halldorf seier det same. Altså: Det same. "Kjærleiken si merksemd. Opne oss for Guds kjærleik."

Spørsmålet er korleis ein gjer det.

torsdag 20. februar 2020

Edvard Hoem intervjua på Torp. Her. Vel verdt å sjå, Hoem er ein vis mann med stor innflytelse i Noreg. Hans ord har verkeleg tyngd.
J Milbank skriv grundig og vist om vesten sitt forhold til islam, her. Eit godt teologisk innspel som unngår både liberale og høgreorienterte grøfter.
Til sundag er det "kjærleik" som er temaet i gudstenesta. Kjærleik er vel ei mystisk øving. Fordi det er noko ein kan opne seg opp for, som gjer at ein verkeleg kjem på djubda i røyndomen. Huh. Dette skal eg seie noko om. (Får gjere mitt beste. Synge ein song :-) ).
























































onsdag 19. februar 2020

I dag har vi på godt og vondt tilgang til det meste. Alle musikkbøker, all utgjeven musikk, alle slags instrument. 

Men kva er musikken til for? O Nordstoga skriv veldig godt om dette her

Eg beit meg merke i det han skreiv om venleik. Eg merkar at når eg øver på piano, så blir eg også flinkare og tryggare og friare på gitar. Eg kan lytte meir til musikken, forstå meir, kjenne meir att, sleppe meg meir laus, bli meir ei slags bylgje. Og når eg spelar med andre, syng dei også meir med. 

Kva skal eg spele? Kva tradisjon? 

Eg likar bossa nova, eg likar blues, eg likar klassisk, eg likar metal, eg likar funk, eg likar rnb, eg likar soul, eg likar 70-rock, eg likar progrock. No sense. Eg likar det meste av interessant og vakker og fengande musikk. 

Men kva skal eg utøve, kva tradisjon skal eg øve på? Verkeleg eit spørsmål. Og det har jo med kultur og fellesskap og "situering" å gjere, ikkje sant. Novel. Eg får bli ein jack of all trades, og øve på å bli betre og betre på det, tenker eg. 

Og når menneske treng meg og min musikk, kan eg stille opp, og la meg leie av det også. 
Eg tala med ei gamal og vis dame. Vi sat rundt eit kaffibord, i samband med andakt og song. Vi tala om veret i nord. Midnattssol, mørketid. Eg sa at eg hadde eit godt inntrykk av folkesjela i nord. Ein kan tenke på Bremnes-musikken, Halvdan Sivertsen, Trygve Hoff. Ho sa: "Ja, det er mykje fordi dei lever i pakt med naturen, og i kontakt med den." Det er noko å fundere på.
Frå bakerste rad. Ein analyse av spenningane i USA. Frå ein kar med PhD i fysikk, som lenge arbeidde som aksjemeklar i NY, men så heller ville fotografere fattige rundt om i USA. Veldig interessant, også for europeisk - og norsk - situasjon. Vel verdt å lese. Mange intervju med han på YT også. Arnade. Jo, eg har mange tankar om korleis kyrkja skulle respondere på situasjonen. Det kjem til uttrykk i forkynninga og presterolla mi.






tirsdag 18. februar 2020

Mark Fisher om "capitalism realism". Her. Men eg tenker som Berman. Dette er ein juggernaut. Det let seg neppe stoppe, og vil ende deretter. Altså - gå av vegen. Og inn til landsbyen i skogen.

mandag 17. februar 2020

I dag var eg på Heia. Det var mykje vind, sein ettermiddag. Eg tenkte eg skulle gå ein tur og kjenne på vinden. Eg gjekk der snoen var smelta. Inn i skogen. Kledd i svart og grått. "Jaja, eg liknar på stein no." Jo meir eg går i skogen, jo meir vil eg likne på den, bli eitt med den, eg kjenner det er noko lækjande ved det, og når folk ser fargane, likar dei det også. Men grått og svart i dag.

Eg gjekk opp til vass-skiljet, aust mot vest, mot Vrådal eller Kviteseid. Det går ein sti på toppen av den, med utsikt til både Vrådal og Brokefjell. Det er ein herleg sti, med stemningsfull furuskog og lyng. Eg gjekk vidare, og stansa opp litt. Masse fuglekvitter og fuglar. Eg tenkte: Eg får gå rett nedover mot skogsbilvegen. Inn i tett skog.

Vi gjekk der tidlegare i vinter. Det var masse storfugl der. Eg ville sjå om eg kunne snike meg til å sjå nokon. Eg høyrde dei flaksa. Men det var masse småfugl der. Dei kvitra. Eg kvitra attende. Fleire av dei kom nærare, ganske tett, og kvitra, dei også. Eg sneik meg litt vidare, stille. Der - 20 m. borte i skogen, var det ein stor elg, som traska tungt forbi. Den hadde lagt merke til meg, og gjekk forbi meg. Eg freista å fylgje etter, men den var borte.

Men eg visste at det var eit område med mykje elg, eg har sett veldig mykje spor og ekskrement der oppe. Det er masse dyreliv i området der, altså - masse. Neste langsiktige plan. Lære meg spor, ekskrement etc. så eg veit kva dyr det er. Setje opp observasjonspost som fotobonden. Overnatte og og observere. Anna langsiktig mål. Få meir klede som liknar på dyr og skog.
Kan ein vere musikalsk geni som barn? På éin måte. Eit barn kan plukke opp ting fort, og imitere, og la seg forme. Men eit verkeleg kreativt musikalsk geni, som barn? Nei, eg trur ikkje det.

Ta det norske stjerneskotet Angelina. Ho er flink til å synge, og har nok musikalitet i kroppen. Men det er heilt klart at songstilen og stemmebruken hennar har ei tydeleg kulturhistorie (jazz, 30-40-talet, rock og pop etc.)

Jo meir eg les og lærer og spelar musikk, så skjønar eg jo at eit vestleg musikkuttrykk har ei spesifikk kulturell historie, så å seie. Og einkvar som høyrer musikk i vesten i dag, inkorporerer denne, på ekstremt komplekst vis. Utan å nødvendigvis vere klar over det.

Nokon vil seie: Bach er tidlaus, perfekt, objektiv musikk, som reflekterer Guds skaparverk. Mja, sant på nokre vis. Ein kan seie at det er noko platonsk og pytagoreisk over Bachs musikk, liksom den også loddar djubder i psyke og kristen tradisjon.

Men Bach står også i ein kontekst, ein kontekst som det tok meg veldig mange år å i det heile teke få eit glimt av. Han kopierer musikkstilar, som spring ut av visse kulturar, han opererer med skalaar og harmoniar og intervall og stemmingar som har ei kulturhistorie, han reflekterer ein særskilt kulturell epoke og mentalitet, på komplekst vis.

Ingen kan gå ut av si eiga tid og heve seg over den. Eit barn har nok også sin musikalitet inni seg, i naturen, slik også til dømes fuglar eller hundar kan ha det. Men å utøve og komponere musikk er også i stort mon basert på kulturell læring. Sann kreativitet blir då, som Greenberg poengterer, å lære, imitere, ha førebilete. Så gjere små endringar sjølv.

Ta anna døme: Ved kvart vegskilje i ein harmonisk progresjon er det eigentleg ei enorm mengd med "val" ein kan ta. Den som kjenner musikk godt, og har transkribert, spela, komponert, lese, lytta, lært, veit dette. "Melodien gjekk den vegen, med den tonen, med den harmonien og den kadensen" etc. Men den kunne gått tusen andre vegar.

V7 vil gå mot I, men kan også gå mot noko anna, ikkje sant.

Ved kvar krossveg kan ein stanse opp, tenke seg veldig nøye om, og sjå havet av moglegheiter. Dersom nokon "berre spelar noko", så stenger ein alle desse vala, og veljer noko. Kvifor nett *dette*? Ein har plukka det opp ein stad, lytta, høyrt, og gjev det ein personleg twist. Det ein ikkje gjer, er å rekapitulere 2000 år med musikkhistorie, tenke gjennom utviklingsfasane og dei enorme valmoglegheitene, og så velje: "Dette", fordi det lét genialt eller vakkert.

Sann og djup kreativitet krev at ein "inhabits a tradition", som legg fram moglege vegar. Har ein ingen tradisjon, eller har ein aldri høyrt musikk før, er vegvalet svært avgrensa, i alle fall reint harmonisk. Det er noko å lære her. Altså, at musikalsk tradisjon blir veldig viktig. Og også å ha læremeisterar. (Alle dei store i historia hadde det).

søndag 16. februar 2020

QSI blir det kalla, i nyare forskning. Stoff som kan påverke bakterielle kommunikasjonsliner via m. a. kjemikalier. Altså - som kan påverke og løyse opp biofilmar, som er instrumentelle i kroniske tilstandar. Og som også på mange vis forklarar kvifor tilstandar blir kroniske. Desse stoffa? Surprise, surprise - det gjeld særleg grønsaker, bær, og framfor alt urter. (Kvifor rotnar ikkje planter i naturen? Lufta er overfylt av opportunistiske bakteriar. Jo - fordi også desse plantene har ekstremt komplekse immunforsvar. Lufta i naturen er elles også fylt av komplekse immunmodulerande og kommuniserande kjemikalier frå tre og planter. Det er ikkje science fiction heller.) Så at the end of the day vil medisinen måtte inkludere urter att, som er enormt mykje meir komplekse enn kjemisk framstilte antibiotika. Det kan imidlertid ta lang tid for Noreg sin del, som er ein del av det mekanistiske vesten. Må berre sjå positivt på det og gjere det beste ut av ting.
Men. Dersom den førre posten er "spot on", har det enorme implikasjonar for vurderinga av samfunnet som vi lever i. Ting som er vanskelege. Éin ting er å erkjenne dei. Ein anna er kva ein gjer med dei.
Kva er det gode livet?

Ikkje smarttlf.,
ikkje elektronikk,
ikkje nett,
ikkje det største huset,
ikkje den finaste bilen,
ikkje dei mest eksotiske reisene,
ikkje den dyraste hytta,
ikkje dei kulaste kleda,
ikkje den best løna jobben,
ikkje det stressa livet,
ikkje halvfabrikata-mat,
ikkje TV-seriar på Netflix,
ikkje den nyaste kinofilmen,
ikkje det stadige nyhetsjaget,
ikkje kjendiseri,
ikkje tinder,
ikkje byråkratisk statistikk,
ikkje endelause transportetappar,
ikkje teknologibaserte velferdssystem,
ikkje meiningstap,
ikkje nyting som øvste mål,
ikkje sosiale medier,
ikkje å vere ein vinnar,
ikkje å bli sett av millionar,
ikkje reklamar,
ikkje utstyrsgaloppen,
ikkje evig vekst,
ikkje stadig meir informasjon,
ikkje stadig fleire moglegheiter,
ikkje urban elitisme,
ikkje stadig raskare forflytning,
ikkje stadig fleire ting,
ikkje det effektive livet,
ikkje multitasking,

Ein annan stad.

Bilderesultater for how to listen and understand great music

48-del lektyre om musikk, av Greenberg. Fekk eg bestilt på CD. Kosta berre 300 kr., ca. Så no har eg noko å høyre på i bilen. I tillegg har eg no ei god stund arbeidd steg for steg med desse bøkene:

Elementær harmonilære


The Berklee Book of Jazz Harmony


Bilderesultater for piston harmony





Så får vi sjå kor langt eg kjem. Utfordringa er nok mest det å arbeide grundig og godt med stoffet, og praktisere det på instrumentet så det blir naturleg. Samt det å balansere mellom bruk av piano og gitar.


lørdag 15. februar 2020





Topp musikarar, innanfor pop/rock-segmentet. Mykje interessant musikk hjå Paul Simon.
Ta vare på hjarta, for livet går ut frå det. 
Ta vare på tarmen, for helsa går ut frå den. 

Kan ein seie. 

fredag 14. februar 2020

Eg ser på ein del videoar på YT om musikk, piano, gitar, korleis lære seg teori og harmoni og teknikk etc. Litt etter litt ser eg at dei fleste har kyrkjeleg bakgrunn. Éin etter ein. Dei seier det ikkje, men det kjem fram innimellom.

torsdag 13. februar 2020

Problemet for ein ulærd, som skal øve, er ikkje så mykje å ikkje ha "put in the hours".

Problemet er å vite kvar ein skal setje inn kreftene, kva ein skal øve på, og korleis 
- ja, i det heile å vere klar over at dette ER eit problem ein må hanskast med!
Bilderesultater for jordens barn thore johnsen
"Den måten vi i vest spiller dogmer og mystikk ut mot hverandre, er utenkelig og fullstendig fremmed i ortodoks liturgisk tradisjon. Dogmet er en kortfattet og presis måte å sette ord på innholdet i den kristne troen, altså trosmysteriet, men ikke som noe forsøk på å forklare det.

Mysteriet er ufattelig og uuttømmelig.

Alle forsøk på å forklare mysteriet fører til at det blir borte for oss.

Det er derfor dogmene blir steiner for brød når de skilles fra lovsangen og tilbedelsen i Kirkens gudstjeneste.

Hvilken oppgave har dogmet? Den ortodokse teologen Olivier Clement svarer: "Dogmet tvinger tanken til å bevege seg ut over seg selv og gi seg hen i ren tilbedelse". I den liturgiske feiringen av mysteriene reagerer vi med undring, faller på kne i tilbedelse, trer ut av oss selv for å gå den andre i møte.

Dette er ekstasen, en konsekvens av det åpenbarte mysteriet - det greske ordet ekstasis betyr å 'gå ut av'. Det mysteriet vi feirer, som forvandler oss, bekjenner vi så sammen i kirkens felles credo. I trosbekjennelsen blir dogmet gjenstand for lovsang. Lære og liv forenes til ett i liturgien."


P Halldorf, "Hellig år". Halldorf er apologet så det held, men det er ei god og interessant bok med mykje å ta med seg.

onsdag 12. februar 2020

Alle er kunstnarar, alle er kreative. For alle drøymer.

Det er underleg dette. Draumen. Å opne opp for "the imagination", biletgjeringa.
La seg ta over av det, som i draumen, men i vaken tilstand. Kva er det.

På ein måte kan ein kanskje seie at levande natur er, uhm, ei slags levandegjering og "tilsynegjering" av sinn og tanke og draum. Det høyrest sikkert "far out" ut. Men eg er ikkje så sikker.

Materialismen og mekanikken er no uansett tilbakelagt i mi bok. Det er intelligens "all the way down" i naturen, like til "Gud". Spørst då om ein ikkje bevegar seg i ei slags platonsk retning.

Eg stenger inne min kreativitet mykje. Også underleg. Eg har prøvd stille retreat over lengre tid. Eg veit at når ein går til pc og internett, er det som å la ei tåke sige inn i sinnet. Det skjer raskt, swoosh, så er tåka der, klårsynet er borte.

Det tek anten lang tid, eller meditativt medvit, å få attende klårsynet. For meg hjelper naturen mykje i så måte.

tirsdag 11. februar 2020

Min Gud, som eg gler meg til våren.
Bacteria can grow across nonsolid surfaces, too, as this B. subtilis culture shows by forming a pellicle, or floating biofilm, across the air-liquid interface in a beaker.
As this Pseudomonas biofilm expands, it develops a more complex internal structure. Bacteria in different parts of its mass may also develop more specialized functions.

                                        Bilderesultater for notre dame stained glass

mandag 10. februar 2020

Ingefær er kongebra mat. Medisinell urt som styrker immunforsvaret og motarbeider infeksjonar.

Så det er skikkeleg godt å lage ingefær og lime te. Evt. med litt honning og kokosmjølk. Det gjer eg ofte.

Og så har eg masse ingefær i supper og stuingar, det er veldig enkelt, og smakar veldig godt.

Men her om dagen laga eg thai-suppe, og så då prøva eg å kutte ingefær og steike det i lag med lauk, eple, karri, chili. Og stekt ingefær er jammen yummy!! Dvs. ein kan ha det i lag med alt mogleg som ein steiker og wokar.

søndag 9. februar 2020



Dette var VELDIG høg kvalitet. Greenberg, musikkhistoriker, ekspert på både jazz og klassisk, ausar av sin djupe visdom og kunnskap.

Han peikar m. a. på at det er svært viktig å vere i kontakt med det musikalske kulturelle reservoaret, d. e. vestleg musikkhistorie. Han peikar m. a. på at ein må rekne med at unge menneske ikkje vil kunne forstå eller vil kunne verdsetje mykje klassisk musikk - men med tid og mognad vil dei kunne gjere det.

Han peikar på kor viktig det er å øve mykje, for den som vil bli god. Han har ikkje trua på "geni", som automatisk er betre enn andre.

Han talar om korleis ein kan komponere - om kor viktig det er å ha inne "grunnarbeidet" i forståinga av den klassiske musikken, harmonimessig og formmessig - og så at ein vil måtte gjere masse arbeid før det blir noko bra ut av det.

Han seier noko om kven hans favorittar er, musikalsk sett.

+++ Ja, dette var eit veldig interessant og inspirerande intervju.
Religion er verkeleg hjarta av kulturen, og det på måtar som vi ofte ikkje kan forstå, og på måtar som tek veldig mange uventa vendingar. Det gjeld verdiar, økonomi, kunst og kultur, vanar og skikkar og levemåtar o. a. Kristendom talar vi ofte ikkje ope om i Noreg. Ofte forståeleg, og ofte med bakgrunn i liberalistisk ideologi. Men folk går i kyrkjene, og dei påverkast (liksom folket også pdas. påverkar kyrkja, på mangfaldig vis).

Det er på mange vis "the bind" som vesten er inne i. Renessanse og fornying og omvending krev kontakt med, og bruk av, dei religiøse ressursane. Men korleis, på kva måte? Utfordringa er, som Pannenberg også har poengtert på det intellektuelle området, å ikkje gjere dei same feil om att, så å seie. Vaticanum II var eit veldig stort steg framover i så måte.

lørdag 8. februar 2020







McCarraher er ingen smågut i akademia.
Liturgy is the mysterious fusion of natural cycles with historical time.

fredag 7. februar 2020

“Every year hundreds of billions of dollars, which should be paid in taxes to fund health care and education, accumulate in tax haven accounts,” the pontiff told participants in a Vatican seminar, “thus impeding the possibility of the dignified and sustained development of all social agents.”
“Today’s structures of sin include repeated tax cuts for the richest people, often justified in the name of investment and development,” Francis told the meeting organized by the Pontifical Academy for Social Sciences.


No skin sola jamvel på Dalen. Då er det godt.

torsdag 6. februar 2020

Bakteriar er veldig intelligente vesen. Mange av dei er "på vår side", våre...ja, kva skal vi kalle dei. Dei er ein del av oss, vi er utvikla frå dei. Andre bakteriar er ikkje nett våre vener. Men alle er på lag med jorda og naturen som heilskap.

Vi menneske, som vesen, er også ekstremt intelligente. Men eg meiner ikkje her: I medvitet vårt. Eg meiner i intelligensen som strøymer gjennom oss og verkar i oss. Kroppen er kontinuerleg i ein heilt enormt kompleks aktivitet. Vi forstår minimalt av det. Planter er også ekstremt intelligente på dette viset, og det er dei vi treng for å samarbeide best med bakteriane og kroppen. Verda er eit stort mysterium, og det er best å finne vår plass i mysteriet på sunt vis.

(Referansane mine har eg mykje frå SH Buhner, og dei er solide).

onsdag 5. februar 2020

B og F Eilish laga albumet heime, på eit soverom. Korleis fekk dei det til? Utan musikalsk utdanning? Jo - dei var med i eit barnekor i mange år, eit kor med svært høgt nivå. "We can figure out any harmony, because we where in a choir". Som gjer at måten ho syng på her, vel. Ja. Det er verkeleg noko djupt som skjer her.




tirsdag 4. februar 2020

Eg såg ein svartspett medan eg var ute og vandra i ei fjellside. Eg gjekk eit stykke unna. Den hakka. Så stansa den og song. Eg tenkte: "Den er redd for meg, og varslar om fare." Eg stansa opp litt. Den byrja å hakke att. Eg gjekk forbi, gjekk vidare. Då song den om att. "Rart", tenkte eg. Eg stansa opp att. Den hakka. Eg gjekk vidare, litt lenger unna. Då song den på nytt.

"Kan det tenkast at den likar mitt selskap?" Det var berre oss som lagde lyd der. Eg byrja å etterlikne den, synge attende til den. Den svara. Mange gonger. Fram og attende. Eg såg på meg sjølv. Svart jakke. Eg likna no vel eigentleg litt på den også. Den hakka hardt. Eg gjekk vidare.

søndag 2. februar 2020


Tokke er også eit natur-eldorado - og fjell-eldorado. Berre å finne tida til å klatre, og så få litt meir sol så snoen blir litt meir borte!!

lørdag 1. februar 2020



Kjenner ikkje desse folka, men likar veret.
Så B Eilish vinn Grammies, og Joker vinn Golden Globes. Kunst reflekterer kultur. Og ein svært tankevekkande kunst er det. Eg får seie som Jesus: Den som har øyra etc.

"we need to take a radical communitarian, postliberal, green and fair-trading direction. We have to now work for that." (J. Milbank)

"Laudato si" (pave Frans)

fredag 31. januar 2020

Sol. Natur. Sunn mat (variert, råvarer). Søvn. Døgnrytme. Bruke kroppen. Glede og fred. Fellesskap.

(Sjølvverd. Livsmeining. Arbeid. Kreativitet. Kan også føyast til.)

Skulle eg vere profet, ville eg peike på kor motkulturelt det kan vere å leve i tråd med naturen.





torsdag 30. januar 2020

Å bli eldre inneber også å sjå meir av kva som er ekte og sant. Og å sjå at ein ikkje alltid kan tale ope om dette. Kanskje ein kan leve det likevel. Det er nok uansett viktigare.

onsdag 29. januar 2020

I vår tid er noko av det mest verdifulle ein kan gje - tid, merksemd, ro, trøyst, håp.
Pilegrimstur med konfirmantar. Vi fann ut at det var mest spennande å gå til ein spektakulær stad med namnet: "helveteshylen". Ja, då får vi vere som Dante eller Olav Åsteson, då.

mandag 27. januar 2020

søndag 26. januar 2020

Må innrømme eg vart litt provosert av GT-professorane sitt svar til teologistudenten som kritiserte teologiutdanninga. "Vi gjer ikkje det du seier. Dessutan finst det ikkje noko betre alternativ". Det er the gist of it. Men dei gjer det han seier, og det finst andre alternativ. Og det er professoren sitt ansvar å vite dette og ta seg av det, ikkje studentens. 


lørdag 25. januar 2020

Bildet kan inneholde: 2 personer, inkludert Thomas Bentsen, personer smiler, folk som sitter og innendørs

Bildet kan inneholde: 4 personer, inkludert Monika Bakkan og Thomas Bentsen, personer smiler, utendørs


Eg er takknemleg for at eg fekk lov å reise på hyttetur med desse gode folka. Vi har spela spel og vore ute i snoen, og ete måltid i lag.

fredag 24. januar 2020

"Alt synleg - utan unnatak - strøymer ut frå Gud.

Kva anna skulle ein eigentleg seie?

"Kristus" er er eit ord for den opphavlege grunnmodellen - "Logos" - som alt vart til ved, slik at ingen ting som vart til, vart til utan gjennom han.

Den andre inkarnasjonen strøymer ut av den fyrste - det vil seie Guds sameining med det fysiske skaparverket, i kjærleik.

Når eg veit at verda rundt meg både er Guds gøymestad og Guds openberring, kan eg ikkje lenger skjelne grunnleggjande mellom det naturlege og overnaturlege, eller mellom det heilage og det sekulære.

Gud elskar ting ved å bli dei.

Gud elskar ting ved å sameinast med dei, ikkje ved å skilje seg frå dei.

Anden skjuler seg i vanleg materie, og gjer dette til Guds eigen kropp."


torsdag 23. januar 2020

onsdag 22. januar 2020



Dette er VELDIG gode musikarar. Paul Gilbert er ei slags gitarlegende.



Det er tankevekkande for meg at det meste dei spelar her, er som ei slags open bok for meg no. Meir og meir, jo meir eg les i bøkene mine om klassisk harmoni og jazz-harmoni. Vel, Tony Banks i Genesis har framleis mange gåter for meg.

Men gitaristen her, Miller, har studert musikk akademisk i mange år, og spela med toppmusikarar veldig lenge. Han har på mange vis optimalisert spelinga si. Tysk spelestil, kan ein seie. Flawless, fylgjer oppskriftene, spelar med stil, og spelar komplekst.



Bilderesultat for gulliksen ekteskap

Dette er ei ekstremt interessant bok, må eg seie. Ho gjev eit djupt og ærleg innblikk i eit moderne, norsk ekteskap. Interessant for meg som har lese teologi, filosofi, historie også. Fordi eg kan forstå ein del av, hm, tenkemåtane, levemåtane, veremåtane. Eg kan plassere dei, sjølv om desse plasseringane ikkje gjerast i boka. Eg kan forstå noko om kvifor dynamikken blir som den blir. Det er ei bok som seier mykje om vår samtid også, mao.

tirsdag 21. januar 2020



Så så god er det mogleg å bli, for den som øvar, tek utdanninga, er i det rette miljøet.
Verda vil endrast. Post WWII vestleg sosialdemokratisk liberalisme vil endrast. På nokre vis eit stort tap, og ein stor risiko. På andre vis også naudsynt. Og kven ser klart kva som er den beste retninga, for folk, for samfunn? Det er vanskelegare enn ein skulle tru.


Kva kan eg seie. Eg elskar også denne musikken. Horror-americana-metal.
Var innom NMS Bø, såg på bøker. Kjøpte Karsten Isachsens "Sint, sant, sunt", med foredrag om å livsmeistring og kjensler. Ei veldig interessant bok er det, skrive i 1990. Den er skreddarsydd til norsk kultur anno 1990, kan ein seie. Norsk folkeleg, post-pietistisk kultur. KI talar godt, og loddar djubder om livet. Kven gjer det på denne måten i dag? Veldig få. Litteraturen er innom mykje av problemstillingane, likevel. "Virkelighetslitteraturen", ikkje minst. Men mange av råda og refleksjonane som KI gjev, er eg verkeleg usikker på. Dei verkar sunne og fornuftige, men eg tvilar også. Eg har mange perspektiv i meg, vi lever i ei liberal tid. Og KI talar annleis enn ein type som Jordan P. Trur eg skal skrive litt om KI sine refleksjonar her på bloggen. Kanskje. Vi skal sjå. Interessant og viktig materiale.

mandag 20. januar 2020



Pretty hilarious. Dei kjem frå Kongshaug-miljøet. Ganske interessant. Dei har musikkteorien i orden, for dei brukar mykje 2-5-1 progresjonar og dim-akkordar, og ulike typar av tensions. Slikt kunne eg aldri ha spela då eg var på den alderen, det gjekk i Led Z, Pink F etc. Men, eg får ta det att no.

søndag 19. januar 2020


Ganske utruleg.


Og koz og klemz hjå Thomas. Fotobonden ftw., og så noko UFC. Likar fyrstnemnde betre, men.
Bildet kan inneholde: 1 person, sitter og innendørs

Eg latar som eg tek eit stykke. God stemning på gudstenesta, med kyrkjekaffi etterpå. Mange trivelege folk i kyrkjelyden.

fredag 17. januar 2020

"The current economic model is based on endless growth, consumption & a permanent race for profit. This economic system threatens the ecological balance of our planet & has multiplied inequalities."

torsdag 16. januar 2020

Nokre musikkstilar har med rette gått i gløymeboka. Andre har gått i gløymeboka fordi dei er ukule, så å seie. Eller manglar kulturell backing. Noreg har ei stor jazz-scene, men det var eg ganske vaksen før eg forstod. Same kan ein seie om folkemusikk og kyrkjemusikk. Men så er det slikt som soul og 70-tals rnb, eller også disko. Much maligned, ein del av det. Men ikkje alltid med rette. Vice versa er det også ein god del musikk som vert rekna som "bra" av kritikarar, men som eigentleg er...eh. Ja. Mykje kunne blitt nemnt. All package, no content.

Uansett: Dette er veldig bra. Og rundt denne stilen, funk, soul, disco etc. er det mykje eg ikkje har høyrt enno. Rart med det.


Det er ein kunst å lage fest.
Vi går nok vanskelege tider i møte i vesten. Det er mange teikn i tida, som Jesus sa. Då er det godt å ta vare på tradisjonane, fellesskapa. Ha god vilje, øve seg i dygdene. Skjelne mellom kva som er verkeleg verdifullt i livet, og kva som ikkje er så verdifullt. Leite oss steg mot steg fram mot det som er godt, sant, vakkert, rett.

onsdag 15. januar 2020

Skiltet seier venstre eller høgre. Det er også fint å gå rett fram. Under kraftlina. Fylgje. Og fylgje. Ein finn herlege stader der det er masse sol og utsikt nedover mot Vrådal. Til sumaren vil vi nok gå - og gå. Vidare mot Vråliosen.
Kva er "Ordet" - "Logos"? Det er den store gåta for vår tid, kan ein tenke. For vesten.

tirsdag 14. januar 2020




Shalala-lalala-lala. Eg har de bra, eg e fornøyd og gla

Songbøker. Bra å ha. Varierande kvalitet. Viktig med songar som er slitesterke, så å seie. Som kan tale til menneske i ulike kontekstar, gjennom tidene. Samstundes vere kulturnært, og tale sant om livet. Det seier noko om korleis også kyrkja må vere. Livet er kort. Kvar gudsteneste betyr noko. Livet går fort. Ved kvart møtepunkt må kyrkja gje noko godt, noko verdifullt, noko som varer.

søndag 12. januar 2020

Sundfør talar om Jesu gjenkomst og oppstoda frå dei døde ... ... :-s

lørdag 11. januar 2020

Kvifor kjente ho seg fri i Hellas?

fredag 10. januar 2020



[Verse 1]
Let me go back
To when I was young
Here, I was born
Here, I will die lonesome
Let there be light
Let there be love
Hear the bells
Ringin' our song

[Chorus]
Wake me, wake me, wake me up my darling
When the Lord has descended on us
All the worries that you carried with you
They are lost in a warm embrace

[Verse 2]
Timelessness
Far away
From the land
Where love is shame
And shame is love, a prison
Away from the dark
Snow-covered hearts
Softly, lay your hands on me

[Chorus]
Wake me, wake me, wake me up my darling
When the Lord has descended on us
All the worries that you carried with you
They are lost in a warm embrace
Timelessness

mandag 6. januar 2020

Ein kan godt ha ein god gitarist, men utan rytme og bass, blir det ikkje groove. Det er det som gjer LZ så spesielt. Kombinasjonen. Det tenkte eg på då eg høyrde denne att, frå 03:45. Bass og stortromme er veldig tight, veldig ekstatisk, nesten som jungel-tromme-dans.



Bøker om LZ ber titlar som "Hammer of the gods", "When giants walked the earth". Andre tek utdrag frå tekstane. "Houses of the holy", "All will be revealed". Det er interessant. Det er slik det er i moderne kultur, i alle fall dei siste tiåra. Dvs. at 65-75 er så å seie ei tid for profeti og forming av tradisjon, ei tid då himmelen opna seg og det transcendente kom til syne. Dvs. slik er på mange vis oppfatninga i kulturen.

 For Page og Plant var jo dette også medvite, på ein måte, dei var i alle fall eksplisitt interessert i mystikk, romantikk, fantasy, og religiøse røter til blues og folk. Men det får meg til å tenke, på kva som eigentleg skjer, i overgangen mellom kristendom/religion og musikk. Det er flytande overgangar. Også tankevekkande med "spiritualiteten" i rock-kulturen. Det var mykje moro og mykje destruktivt. Sex, drugs and rocknroll var det, ja. Bonham døydde av det, Page vart heroinmisbrukar, Plant og Jones hadde også sine rough times.

Det var intenst, ekstatisk, opprørsk, destruktivt. Godt og vondt, kan ein seie. Ein leika med elden, på mange vis. Som Rolling Stones, som eplekjekt tala om sympati med djevelen etc., inntil det gjekk over streken ved Altamont, der folk vart drepne og skadde under konserten deira. Harrison fortel at det var ei viktig årsak til at han vendte seg meir mot austleg spiritualitet. Han hadde forhåpningar til Woodstock, men då han kom dit, oppfatta han at det var mest rus og apati.

Så det er ein kompleks periode, må ein vel seie. Veldig interessant også.


Også latterleg bra. Slike konsertar skulle eg gjerne vore meir på. Dette held veldig høgt musikalsk nivå, og Beck spelar med personlegdom.


Beck kan få gitaren til å "synge" som ingen annan eg har høyrt. Det er veldig fascinerande for meg. Gitaren blir som røysta hans, på ein måte.




1:47 og utover.

Ja - Waters driv med eksistensiell refleksjon. Og samfunnskritikk. Svært relevant også i dag.

fredag 3. januar 2020

Behn er død. Ein tragedie. Sjølv tenker eg på at han ikkje berre var psykisk sjuk, men også fysisk. Kropp og sjel og omgjevnader heng saman, det er sikkert. Men vår kultur ser ofte ikkje samanhengane. Veldig tankevekkande for meg å observere dette. Eg forstår jo også ein del av kvifor det er sånn. Men lite eg kan gjere med det, i den store samanhengen. Dog, litt eg kan gjere med det, i den ganske vesle samanhengen, vil eg tru. Forstå, i det minste, freiste å lækje det eg kan i mitt eige liv, og i mine omgjevnader, der det er opningar for det. (Og kvar er dei?)

På det store hav me siglar, ja.

torsdag 2. januar 2020



Dette er kult.




Dette er...

onsdag 1. januar 2020

JP Jones i Led Zep. Ingen kvensomhelst, sånn musikalsk-teoretisk. Han hadde det i blodet frå barndomen av. Også kyrkjelege røter, som også reflekterast i musikken til LZ på mykje vis. Page var nok hovudhjernen i LZ, men. Han hadde masse bakgrunn frå sessionmusikk, som også JPJ. 

John Baldwin was born in Sidcup, Kent.[3] He started playing piano at age six,[4] learning from his father, Joe Baldwin, a pianist and arranger for big bands in the 1940s and 1950s, notably with Ambrose and his Orchestra. His mother was also in the music business which allowed the family to often perform together touring around England as a vaudeville comedy act.[5] His influences ranged from the blues of Big Bill Broonzy, the jazz of Charles Mingus, to the classical piano of Sergei Rachmaninoff.[6]
Because his parents often toured, Jones was sent to boarding school at a young age.[7] He was a student at Christ's College, Blackheath, London where he formally studied music. At the age of 14, Jones became choirmaster and organist at a local church...