fredag 27. desember 2019

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

tirsdag 24. desember 2019

No kjem sola. Halleluja, pris Gud i himmelen, amen, TAKK!

mandag 23. desember 2019

Om ein skal fylgje kyrkjeåret, kan ein seie at vi går inn i festtid og høgtid. Då er det tid for å berre slappe av og gle seg over alt positivt, og ikkje tenke over alle slags forpliktingar, alt som ikkje er som det skulle vere, alle puslespelbrikker som ikkje passar, alle konfliktar som er uløyste, alle ideala som vi aldri når. Dette er også ei veldig god øving, har eg skjøna. Veldig zen. Livet er fullt av paradoks og vanskar, og stundom må ein lyfte blikket og seie "whatever". Men godleik og fellesskap må ein jo ikkje gløyme.

søndag 22. desember 2019

Not many foods are worthy of the title "superfood." However, liver is one of them.
Once a popular and treasured food source, liver has fallen out of favor.
This is unfortunate because liver is a nutritional powerhouse. It's rich in protein, low in calories and packed with essential vitamins and minerals.

Bilderesultat for beef liver
Every artist is a cannibal, every poet is a thief. All kill their inspiration and sing about the grief.

The Roots Of Led Zeppelin (CD, Compilation, Remastered) album cover

Men kanskje noko meir tydeleg i visse tilfelle enn andre. Jo meir eg undersøker, jo meir ser eg at LZ i ganske mykje, særleg i tidleg periode, lagar reviderte og transformerte versjonar av gamle blues-tradisjonar. Det var veldig "in" på denne tida, naturlegvis, i Storbritannia. British invasion-band ville vere "svarte" og amerikanske. Det var også ein "folk revival" pågåande på denne tida, der Page kopierte både gitarstilar og songar(!)

 Ein kar sa dette nyleg, i eit foredrag eg høyrde. Oppgåva er å ta kulturen som finst, foredle han, gje han attende til folket. Var på ein måte det LZ gjorde. På nokre vis er det vel det all kultur gjer, i varierande grad. Men det kastar jo mykje ljos over dei tradisjonane som har prega meg så mykje. LZ var eit helteband for meg då eg var ung, og er det på mange vis enno, sjølv om, eh. Ja. Eg er eldre no. Men no skjønar eg noko meir av det. Blues er sjel og røynsle og djubde. Det var dette LZ "tappa" inn på.

Uansett gjorde no LZ sine kopierte/reviderte versjonar i regelen mykje betre enn originalane.








torsdag 19. desember 2019

Habermas gjev ut sitt verk om tru og viten. Novel. Usikker på om det er interessant, eigentleg. Ein må djupt ned, djupt!, om ein skal kome til rette med dei vestlege utfordringane. Er vestleg filosofi i rasjonalistisk-logisk form i det heile den primære arenaen for å forholde seg sunt og rett til røyndomen? Eg tvilar på det.

Og om ein så gjev seg i kast med denne arenaen, kva skal ein gå for? Det er jo verkeleg eit spørsmål. Dette feltet er uansett ikkje primært, men sekundært, som ein etter-tanke, eit forsøk på å systematisere og søke forståing.

Interessant. Berman peikar på at logisk rasjonalisme og systembyggjing er ein primær tradisjon i vesten. Platon, Aquinas, Descartes etc. Men det finst mot-tradisjonar. Som kan betone det mystiske og ekstatiske. Eller: Det materielle og kroppslege. Eller: Væren, eksistens, livet i seg sjølv.

Dvs. som vegar til forståing og djubde og "det guddomelege", så å seie. Og eg forstår sjølv meir og meir at alle desse vegane er viktige på sine vis.

Vel, eg er nok på eitt eller anna nivå antikk platoniker. (Antikk filosofi var også mykje mystisk-religiøs, i sine røter). Men faste system har eg ikkje så mykje trua på, unnateke som "forsøk". Og "tanke" og "logikk" og "rasjonalitet" er nok langt mindre viktige for livet og den eksistensielle forståinga enn vestleg modernitet har tenkt. Skjønt, når vi fyrst talar og søker forståing, kan rasjonalitet og logikk i det minste halde oss nokonlunde på sporet, og luke ut åpenbart feilaktige forståingar og påstandar.

Om no presten skal tale, så er det klart at den antikke, greske bakgrunnen er svært viktig for NT og for kristendomen i det heile. Den er heilt vevd inn i jødedomen og kristendomen, sjølv om det pågår ein kritisk dialog i tradisjonane (berre les Paulus, ein "hellenist" som også stadig må avgrense seg mot "verdsleg visdom").

Jamvel Jesus Kristus vert i sterk grad forstått ut frå gresk teologi. Som altså på mange vis heller ikkje berre er "gresk", men som er del av ein breiare kulturstraum i antikken. Kristus er "logos spermatikos", Gud under vesen av det levande og strukturerte og skapande, kan ein seie. Det er såleis "logos" som sameinast med menneskeleg natur - "Jesus" - i inkarnasjonen. Dvs. slik går den teologiske refleksjonen i NT.

Dette løyser mange problem, og skaper også mange andre problem. Men meininga med livet er no uansett ikkje primært å tenke, eller å forstå, men å: Leve, "til Guds ære". Ens et verum convertunter; ens et bonum convertunter. Så - væren og sanning og godleik (og sanning) er ord for det same.


Og noko veldig vakkert er koringa i denne songen. Frå 3 minutt til 4 minutt. Steel-gitaren er naturlegvis også veldig fin, og den akustiske travis-pickinga. Sundfør, ja. He.
HALLO ROGER OG JOAKIM!!!!!!


Bilderesultat for yeah yeah yeah book

Har fått denne i posten. Gler meg til å lese. Musikk er godt. Blir spennande å lese om den kulturelle bakgrunnen til mykje av musikken som har prega sjela mi så mykje. Så har eg også noko å fortelje om musikken når eg framfører han.

fredag 13. desember 2019

Noko veldig tilfredsstillande. "Ignorance is the worst kind of prison", seier JD Vance i Hillbilly Elegy. Kunnskap gjev makt, tryggleik, sjølvtillit. Det er også sant. Og eg har mykje kunnskap no, bank i bordet. Eg har ofra så mykje tid og krefter på å lese og lese og lese, og meistre vestleg tradisjon. Eg har sett meg inn i mange perspektiv, og vore ein læresvein i møte med røyndomen. ***** skremmande kan det også vere. Eg er ingen herre over røyndomen, men kjenner meg mykje også som Jesus sa: Ein som har gått i lære som svein, og så sjølv vert ein slags meister. Jo, det er veldig tilfredsstillande. Når eg møtar andre perspektiv og horisontar, eller livsskjebner, veit eg noko om kvar eg skal plassere det, kva rammer eg skal forstå det ut frå. Eg vippast ikkje av pinnen så lett som før. Men ein herre over røyndomen er eg ikkje. Jo, takk, frukta frå visdomstreet er ikkje for mennesket å ete.

 Jeg har fått min sjel til å være stille og tie

1En sang ved festreisene. Av David.

Herre! Mitt hjerte er ikke stolt, mine øyne er ikke overmodige. Jeg gir meg ikke av med ting som er for store og for underlige for meg. 2Sannelig, jeg har fått min sjel til å være stille og tie som et avvent barn hos sin mor. Som det avvente barnet er min sjel hos meg. 3Vent på Herren, Israel, fra nå av og til evig tid!
I dag var det ljosmesse på Vinjehuset. Mykje å stelle til, men med staute og positive konfirmantar går det veldig bra. Etter ljosmessa var det ei som sa: "Eg elskar ljosmesse!!" Jo, det var ei god tilbakemelding å få.

torsdag 12. desember 2019



"Gje av hjartet for ei signa jord". Russisk folketone. Tokke songlag song denne på jolekonserten i Mo.

tirsdag 10. desember 2019



Det er eit spørsmål om korleis ein skal og kan bruke krefter og energi. "Frie energibanar". "Chi". "Be like water". "Wu Wei". Mikrokosmos og makrokosmos heng saman. Konfliktar på makronivå i kulturen manifesterer seg på mikronivå i sinnet. Blokkerer energi.

Energi og krefter er som eld. Vakkert, varmande, brennande, dynamisk, skremmande, fascinerande, skapande, øydeleggjande. Det er kanskje difor eg eg er så glad i musikk. Der kan energien flyte. Som i dei siste minutta av songen ovanfor.

Noko guddomeleg er det ved det. Musica Universalis. Kanskje også noko "djevelsk". Altså, noko som riv ifrå kvarandre, diaballein. I alle fall noko som kan vere veldig djupt. Eg tenker på dette. Når eg spelar musikk, til dømes. At eg er medviten om at eg vil føre lyttarane over i ein annan dimensjon, ein mystisk dimensjon.

Men eg undrast stundom over det der. Korleis kyrkja kan vere ein slik stad. Der forhenget trekkast til side, og musikk blir apokalyptisk, altså at. Ein ser inn i djubdene. Om ein kjenner etter i hjarta sitt, kan ein oppleve om musikk fungerer slik eller ikkje. Å drive med det der, er også risikabelt, ein opnar rom.

Bilderesultat for musica universalis
Bildet kan inneholde: 2 personer, inkludert Thomas Bentsen, folk som sitter, bord, drikk og innendørs

Og Joakim bak kameraet. Vi har det bra.

søndag 8. desember 2019

Faktisk kan det krevje disiplin å teie i staden for å tale. Ein kan kjenne at det pressar på for å dele noko. Men bør ein? Kvifor vil eg dele? Kva driv meg? Kanskje - behovet for å KONTROLLERE. For at "brikkene fell på plass". For at andre tenker det same som meg. Eller: Behovet for å bli sett og anerkjent, respektert, akseptert, lika. "Hei, det er meg!"

(Prepple seier at det er den beste songen dei laga)


Men om ein staden held munn? Ventar. Lyttar. Let røyndomen vere som han er. Let andre famle og ta feil, eller kanskje dei ikkje gjer det - kven veit. Så kanskje nokon spør i staden, når dei vil at eg skal tale. Eller kanskje sinnet mitt er meir ope for å møte den andre. ELLER KANSKJE EG BERRE MÅ SEIE NOKO LIKEVEL.

Liknande: Ein kan ha ei vanskeleg problemstilling i hovudet. Eg kjenner ei mørk bølgje skylje over hovudet mitt. Tenke: "Dette let eg berre gå. Eg har ikkje svar. Eg orkar ikkje leite heller. Til he****e med det." 1 minutt etter, er ein gladare og lettare til sinns. Det fungerer faktisk. Eg blir gladare og lettare til sinns av det.




Det er buddhistisk visdom i dette, eller også "austleg," for ein finn mykje av det same i ulike tradisjonar med austleg islett. Det er også relevant for teologien, og i kva grad røyndomen kan gripast med tanken. Men naturlegvis, ein finn mykje av det same i Bibelen - Gud bur i eit ljos ingen kan koma til, eller "legg din veg i Herrens hand", eller "Gud er skya" etc.

lørdag 7. desember 2019

Ang. musikk, er det interessant. Det er gøy å arbeide med musikken eg kjenner så godt, analysere, lære å spele den, finne ut meir.

Eg har bestilt bøker om musikkhistorie, og eg lærer klassisk teori og jazzteori. Øvar på "fingerpicking" og folk-tradisjonar. Og eg får utøve det også. I gravferd, på quiz, i konfirmanttimar, på eldresamlingar, i gudstenester.

Noko eg lærer, som er interessant.

At ting går i tradisjonar. Innan musikk lærer folk gjerne å spele stykke. Dei får "læremeisterar", anten det er Bach, Beethoven, Chet Atkins, Beatles, Pat Metheny. Ein lærer det denne personen kan, og kan så gå vidare og utvide - om ein vil.

Men tradisjonar kan ha rikt jordsmonn, eller skrint. Svært interessant for meg. Jazz frå 60-talet, er avansert. Dei henta inspirasjon frå både blues og swing og klassisk, ikkje sant. Rike tradisjonar. Det slår sjeldan feil også. I rock og pop når det er interessante og komplekse harmoniar, så har artistane på eitt eller anna vis kontakt med rike kjelder. Anten ved sjølve å ha seriøs musikkutdanning i noko form. Eller at dei har lært ved å spele artistar som har slike rike forråd.

Som får meg til å tenke på musikken no for tida, i vår kultur. Piano har ofte kontakt med rike kjelder, men gitar...? Ofte ikkje. Ein kan lære å spele artistar, men ein lærer ofte ikkje den harmoniske logikken i musikken. No er musikk meir enn harmoni og logikk, men desse tinga er jo verkeleg viktige. Og mykje musikk i dag er ganske "devoid" for interessante ting på dette området. Det er ei slags kulturell utarming. Som ein kjent norsk, ung artist sa: "Det er lett å lage musikk i dag. Ein treng berre datamaskin og program, då går det fort."

Det er musikk, det er klart. Men...hm...det er ikkje djubde - inn i røyndomen, ned i det menneskelege. Så, mange vegar ein kan frå denne erkjenninga. Komplekst felt, det er sikkert. Og eg tenker stundom på dyra, at dei også må lære oss noko om musikk. Musikk kan vere "dyrisk" og autentisk utan nødvendigvis å ha masse teori i botnen. Men, det er jo viktig at born som lærer musikk, faktisk lærer ordentleg teori, og kjem i kontakt med musikalske kjelder som gjer bruk av desse tinga, og forstår det. Jaja - ting er lettare når ein er eldre og forstår meir av verda!!

Beato er god, og oppsummerer mykje, og set det i kontakt med pop og rock. Excellent!




onsdag 4. desember 2019

Millions heard the sound of freedom in the Beatles’ music. Elijah Wald hears a death knell. In the songs of the Fab Four, he argues, pop music completed its decades-long transformation from a kingdom of democratic dance and authorless song to a lonesome land of private pleasures and isolated audiences. The result was segregation along lines of race as well as taste: In the late ’60s, as white rock sought introspection in albums and black pop chased good times on singles, an “increasing divide between rock and soul, listening music and dance music,” developed. Wald writes that the Beatles destroyed rock ’n’ roll by leading “their audience off the dance floor, separating rock from its rhythmic and cultural roots,” and “point[ing] the way toward a future in which there need be no unifying styles.”

mandag 2. desember 2019



Cory Henry byrja å spele keyboard og orgel då han var 2 år(!) Men han elska det visstnok, og ville spele så mykje han kunne OG han gjekk til kyrkje laurdag og sundag, og då var det full konsert der, med masse korsong og improvisasjon. 30 år seinare:

(4:18-->)

søndag 1. desember 2019

Ska sei. 550 på bibelundervisning i Misjonssalen kvar måndag :-s :-s Dei såg for seg rundt 15 stk., i byrjinga. Joda, eg veit, fordi eg sjølv har arrangert tekstgjennomgang i Misjonssalen, eg gjekk gjennom Romarbrevet, med top notch kommentarar, i alle fall kva historisk eksegese angår. Det kom rundt 15 kvar gong. Dog ihuga folk. Men åndsklimaet er veldig annleis no :-s Underleg, underleg. Kva skjer, liksom.