fredag 29. november 2019



Yessir. Veldig interessant, som blir sagt her. At songen reflekterer 30-talet på USA, og at James også er metodistisk forkynnar. Dette er røtene til den rocken som eg er flaska opp på, og har spela så mykje, og som eg jamvel lærte på kulturskulen i Kviteseid i årevis.





Hard time here and everywhere you go
Times is harder than ever been before
And the people are driftin' from door to door
Can't find no heaven, I don't care where they go
Hear me tell you people, just before I go
These hard times will kill you just dry long so
Well, you hear me singin' my lonesome song
These hard times can last us so very long
If I ever get off this killin' floor
I'll never get down this low no more
No-no, no-no, I'll never get down this low no more
And you say you had money, you better be sure
'Cause these hard times will drive you from door to door
Sing this song and I ain't gonna sing no more
Sing this song and I ain't gonna sing no more
These hard times will drive you from door to door




Yeah. Texas-blues, det her.
Eg høyrde veldig mykje på Led Z, Eric Clapton og anna 70-talsrock då eg var yngre. M. a. også Cream, Who, Smashing, Soundgarden etc. Fyrst no i seinare tid eg forstår kor mykje dei var "indebted" til svart blues frå fyrste halvdel av 1900-talet. Heile den kulturen, mentalitet etc. er også ein djup del av meg. Det er fascinerande.

Eg høyrde gjennom ein del plater frå Rolling Stones 500 (ja, merk namnet på bladet). Skumma. Masse kjent. Men det som greip meg mest, av det eg ikkje hadde høyrt før, var Aretha Franklin. Veldig tankevekkande for meg. Det var djup autentisitet i stemma, som om ein kjem på djupet av noko, kjem nær noko.

Same med ein konsert av BB King som eg høyrde på. King er ingen god teknisk gitarist. Har aldri hatt interesse for han. Så eg tenkte: No må eg høyre for å sjå kva det er som appellerer. Og det er det same. "Feeling", og menneskeleg kontakt. Han har mykje av kulturrøtene i kyrkja frå barndomen, slik så veldig mange av dei tidlege bluesartistane.

Det er noko interessant her, noko viktig. Ei mengd med kultur og erfaring pakka inn i eit musikalsk uttrykk. Også interessant. Bluesen spring ut av kjensle, av røyst og kropp som uttrykker. Det er glidande overgangar mellom, ja, vanleg bruk av røyst og kropp - og musikk. Det er det som gjer uttrykket så autentisk. Alle som brukar røyst, er musikarar :-s Det er sånn. Alle som talar, er kreative. Men ein kan uttrykke seg på ulike måtar.

Yes. Det er legendarisk.



søndag 24. november 2019



Nick goes to the woods to recover from war trauma by fishing instead of thinking, and it sort of works, except everything in the woods reminds him of war. Even the grasshoppers he uses as trout bait act like angry little warriors.
When recovery succeeds, it comes from Nick’s ability to recreate the conditions he knew before the war by following simple instructions, like setting up a tent. Danger, in the form of thinking, arises when he runs out of things to do with his hands. And on the flipside, Hemingway craved engagement with the material world so keenly that he actually wrote instructions into the abstract world of fiction.


Det er ein underleg tekst, Big Two-Hearted River. Underleg trøystande.

fredag 22. november 2019

Coldplay tek fram trua

Er visst ikkje så in å vere sekulær lenger :-p Kanye West gjev ut "Jesus is king", Dawkins seier at vi treng religion, og Coldplay gjev ut ei slags gospelplate. Whuda known.



Everyday Life is wildly uneven, held together only by its thematic obsession with religion: disc one (Sunrise) literally ends with a hymn, disc two (Sunset) with Chris Martin singing “Alleluia, alleluia”. You lose count of the references to God, church and prayer in between. What this signifies remains a mystery: has Chris Martin, a lapsed Christian, rediscovered his faith? Is it intended more in the vein of Nick Cave’s recent line about how “it doesn’t matter whether God exists or not – we must reach as if he does”?

torsdag 21. november 2019

tirsdag 19. november 2019



Jeff Buckley var "a troubled soul", og sikkert ikkje heilt, hm, i fysisk og psykisk balanse. Men han var ein stor musikalsk inspirasjon. In-spirasjon. Puste inn. Eit ord med djupt teologiske røter. I Bibelen er det ofte ikkje skilnad på Ande, pust, vind.

Eg lyttar til Buckley att fordi eg ser på harmonilæra, og det er mykje å hente hjå han, gitarmessig. Men live at Sin-é hadde eg aldri høyrt. Det er frå då han spela på cafe før han vart ordentleg kjent. Veldig autentisk opptak. Eg tenkte eg ville lytte. "Kva gjer han? Korleis framfører han?" Eg har høyrt songane, mange av dei, før. Hundre gonger, på Grace.

Men denne songen, altså. Kun tramp, klapp og vokal. Oi. Kva er det han gjer, som gjer at det fungerer så bra? Kunne eg framført songen på liknande vis? Ja, eg trur det. Ikkje nett like bra, kanskje, men heller ikkje så langt unna. Men det krev: Mystikk, å gå inn i seg sjølv, at kjensler og kropp og sinnelag blir "eitt".

Noko anna. Kor mykje god framføring er avhengig av energi. Frie energibanar, som ein seier i austen. Kan kyrkja ha frie energibanar? Eg er ikkje så sikker på kor mogleg det er. Kyrkja er ofte oppteken av å hemme og binde, og ofte med god grunn. Mystikk og ek-stase kan vere i motsetning, men ikkje nødvendigvis.

Når Buckley blir "ein", så kjem det fram at han var ganske deprimert. Så eg orkar ikkje så altfor mykje av musikken no om dagen, litt for "tungt." Noko er trass alt betre i dag enn då eg var ung :-s

Buckley gav ut Grace, før han døydde. Slik han så ofte hadde sunge om i songane sine :-s Men Grace er eit meisterverk. Både pga. Buckleys virtuositet og framføring, men også pga. folka han hadde rundt seg, topp musikarar.

I det heile svært tankevekkande for meg når eg les om dei beste musikarane. Ingen kjem seg opp der åleine. Fellesnemnaren er oftast at dei har kome i miljø med svært gode musikarar, og har blitt inspirert (ja) og arbeidd knallhardt for å bli gode.

Underleg, ja.




Bridge rundt 03:00 er, ja, skal vi seie: Inspirert.
NRK med eit interessant og godt program om stavkyrkjer. HER. Heddal og Eidsborg. Tankevekkande: I Notodden er det rundt 90-95% av dåp og bryllaup som går føre seg i stavkyrkja. Naturlegvis. Det er tradisjon, kultur, heimekjensle, kunst, trusuttrykk, naturmateriale etc. Det er verdig, djupt, mystisk. Det er vel eit memento for Dnk? Kor stor rolle eit kyrkjerom kan spele for å inspirere folkekyrkjelivet. Eg meiner det er viktig signal i høve til moderne kyrkjebygg - som kanskje ikkje bør vere så altfor moderne.

søndag 17. november 2019

Dagens tekstar. 1 Tess 4, Matt 24. Teologen får prøvd seg.

fredag 15. november 2019





Min bror på ferie i Sør-Afrika.
Kva treng ei bygd for å overleve, for å få unge menneske til å ville bli, og stifte familie?

Husvære, skule, matbutikk, arbeidsplassar.

Aktivitetar for born og voksne.

Natur.

OG:

Kjensle av tryggleik, fellesskap, rituale, tradisjonar, kultur.

Slik at ein kjenner: "Her er det godt å vere. Her er folk gode. Her kan eg bidra. Her høyrer eg heime. Her kan eg bli."

Det må vere nokre slags rammer, og det må vere ein slags fylde som gjer at det er noko å "trå inn i", noko å "vere ein del av".

Kva med:

"Det må vere økonomiske ressursar og økonomisk vekst!"

Kanskje - men då blir jordsmonnet skrint, er eg redd, og røtene blir ikkje djupe.

Men desse tinga har også å gjere med "makro-trendar", ikkje sant. Ideologi, politikk o. a. på eit større plan.

torsdag 14. november 2019

onsdag 13. november 2019



Veldig interessant, dette her. Eg lærer piano. Det er så mykje lettare no enn før. Eg veit mykje meir kva eg bør øve på, og kvar eg finn lærestoffet. Det er svært mykje meir effektivt enn før. Eg er på sett og vis min eigen lærar. Det fungerer greitt når eg berre er amatør.

Genesis ovanfor elska eg som ungdom, særleg då Selling England og Lamb lies down. Ein kan tenke at ein skal lære å spele Genesis på piano ved å "pugge" noter, lære songen utanboks. Sikkert ikkje så dumt. Slik må gjerne pianistar byrje.

Men i dag veit eg jo at det går langt betre når ein verkeleg forstår harmoniane, forstår kvifor den og den akkorden høyrer i lag, kvifor melodien går hit og dit. Øve opp gehøret til å kjenne att intervall, progresjonar. Eg såg eit foredrag med ein profesjonell pianist. Ho sa det var slik ho arbeidde med stykke. Spele, studere, gruble, forstå, arbeide seg gjennom. For kvart stykke hadde ho "covered more ground".

Og dette er ikkje berre enkelt, med Genesis. Banks er verkeleg klassisk skolert. Allereie som 11-åring, seier han her, spela han Rachmaninoff og Ravel :-s 11 år. Seinare Vaughan Williams, Elgar, Holst. Ikkje for alle. Men for dei som likar det, og er motiverte, er det veldig viktig å pøse på med seriøse musikktradisjonar.

Banks nemner også moderne musikk. Kinks, Beach Boys, Zombies, Animals, Emerson. Interessant! Brian Wilson i Beach Boys var autodidakt, han lærte musikk ved å transkribere barbershop musikk, dvs. kompleks kor-jazz. Ting går i tradisjonar, ofte langs kronglete vegar.


 

søndag 10. november 2019

Aage Borchgrevink skriv interessant om "89-arane".

Mellom 68erne som pensjonerer seg i disse tider og millennials-generasjonen (født etter 1980) som driver den grønne revolusjonen, er det et svart hull. Det er min generasjon. De som ikke ville være med.
Hvorvidt vi i det hele tatt er en generasjon er diskutabelt. «Vi»? Det pronomenet er avleggs. Det heter ikke vår kamp, det heter Min kamp. Og det skal faen meg være seks bind av den.

...
Siden vi ikke hadde andre fiender, ble hykleri den store satan. Aktivister fremsto som autoritære personligheter som bare lot som om de brydde seg. Slik som Kjetil Moslet, programlederen fremstilt av Bård Tufte Johansen på NRKs «Lille lørdag». Moslet skal være «vaktbikkje», men blir servil hver gang makta snakker.

...

Ironiens mørke tvilling var inderligheten hos forfattere som Hanne Ørstavik og Karl Ove Knausgård. Skepsisen til et språk infisert av reklame og andre maktstrategier preger hovedpersonene til Ørstavik i den grad at de lurer på om de selv er virkelige. «Ute av verden», het Knausgårds debutroman.


Både ironi og inderlighet handlet om å trekke seg tilbake, fra politikk og samfunn. Det finnes ingen sosial dimensjon i 89-ernes bøker

...
68-erne hadde studentopprøret, millennials-ene streiker for klimaet. Men det er ingen massebevegelser eller demonstrasjoner assosiert med 89-erne. Det er i realiteten utenkelig. «Jeg reiser alene», sto det på lappen åttitallets skilsmissebarn hadde om halsen. Ekte 89-ere kjører ikke kollektivt.
...


Høyrer lydbok i bilen. Monsen på tur, Noreg på langs. Gjev god kjensle. Han fortel om naturen, opplevingar, friluftsliv, knowhow, psykososialt samarbeid med turkameraten.

I kveld høyrde eg om tida i Troms. Dei var i ei koie og "overvintra." Tankevekkande. Dei sov 15-16 timar i døgnet. Trond hadde eit verkande sår i tåa som hadde plaga han konstant i fleire månader. No tok dei to veker fullstendig fri, og såret vart lækt. Veldig godt å høyre om det at dei sov så mykje. Det er godt å kvile. Spesielt på vinteren, kanskje. Eg trur - at også vi menneske eigentleg er meint til å gå litt i dvale på vinteren. Dyr gjer det, planter gjer det. Kvifor ikkje også vi?
Kva er det sunne og gode liv? Temaet aktualiserast i dag, når Jesus fortel om den miskunnsame samaritanen, og Jakob fortel om at ein ikkje må gjere skil på folk. Gud har valt ut dei fattige til å arve evig liv.

Dei radikale tekstane er ikkje moglege å leve etter, på bokstaveleg vis. Heller ikkje meininga; tekstane og forteljingane talast ut frå kultur, historie, sosial setting - dei er ikkje "direkte openberra". Men dei peikar i rett retning, må ein tru.

Nordmenn gjer godt, har eit godt samfunn. Men lever "for seg sjølv", i ikkje så liten grad, og brukar rikdomen på eiga nyting. Skjønt, skatten går til fellestiltak. Men elles. Korleis vere miskunnsam samaritan i dag?

Nordmenn passar på kvarandre, som godt er. Men vi øydelegg klima og utnyttar dei fattige i andre delar av verda. Det er systemisk. Korleis leve rettferdig oppi dette?

Det er det ikkje så lett å svare på. Fullt av konfliktar i livet, og her er nokre. Men "lat tekstane tale", tenker no eg. Livet er ei vandring, så får ein freiste å unngå dei verste avvegane, og freiste å vandre som ein rettferdig, "med Gud", slik ein ser det rett.

Korsvei seier:
- Leve enklare
- Søke rettferd
- Fylgje Jesus Kristus
- Vere i fellesskap.

Just about right.

Djupare lurar spørsmål om sjølve sivilisasjonsforma vår. Eg høyrde på radio. Ei dame var heimeverande mor. Ho fortalte om det. Ho elska det. Ho angra ikkje. Ho vart lukkeleg av å bruke hendene til å lage mat, handverk. Ein repr. frå næringslivet gav ein freudian slip. "Vi må hugse på at når vi her snakker om 'rotteracet', så er det jo sånn at en del folk faktisk liker dette livet." Ei djupt tankevekkande innrømming.

fredag 8. november 2019

Så det er ikkje bra å drikke seg full. Alkoholisme er forferdeleg. (Verkeleg)

Men.

Vi har også noko i kroppen og hovudet som gjev oss glede og nyting. Det "passar" med ting i verda, i tankar og kjensler, handlingar og erfaringar. Altfor reduksjonistisk å kalle det "dopamin".

Rus er faktisk noko sunt, naudsynt, naturleg - i rette rammer. Trur det er viktig å poengtere det også. Det kan vere godt å jage etter det som gjev gode kjensler. I rette rammer, altså, i harmoni, liksom.

("Rammer", "harmoni". Kva metaforar er det? Meiner eg det eg seier - er det gode og sunne metaforar? Harmoni - ja. Men til harmonien høyrer også dissonante intervall, som skaper spenning, som driv framover, som vekker djupe kjensler. Rammer - ja. Men rus er også knytt til det grenseoverskridande, hengivande, ek-stase - dvs. ut av ro)

Ein kan ruse seg på TV eller big macs, det er ikkje bra. Men ein kan ruse seg på natur, fellesskap, spel, dans, musikk, seksualitet, måloppnåing, utforsking. Det er menneskeleg, naturleg. Best å halde seg til det naturlege, trur eg.

Han her lærte meg mykje om det:

Bilderesultat for hacking of the american mind

Også dyr og planter "rusar seg" i denne forstand. Dei har dei same kjemikaliene, så å seie, dei same mekanismane. Språket mitt er altfor reduksjonistisk no! "Kjemikalier". "Mekanisme". Fysj og føy. Vi har ikkje godt språk for desse tinga, har vi det? Kva er det språket? Kan hugse frå tredje klasse at J Gaarder skreiv noko om det i Jolemysteriet.

Eg las i går om jeger-og-sanke samfunn. At dei ofte kunne leve så nær naturen, og vere så untainted av moderne materialistisk metafysikk, at naturen hadde ein eigen "glow" i seg sjølv.


Eg hadde ikkje fått med meg at tekstane som heilskap er tekstar av Børli.

torsdag 7. november 2019

I dag var eg på tur.

I eit tre fem meter unna, fem meter oppi lufta - eit grantre - var det ein flott hakkespett. Den hakka, og var trygg. Hadde fine fargar, klare konturar. Eg såg på den, den heldt fram.

Eg snur meg, går vidare, over eit ståltrådgjerde. Ser bort på ein kolle. Fem fjellsauer ser på meg. Stille. Eg set meg ned. Vi ser på kvarandre. Dei har brunspraglete, tjafsete pels. Dei er som dyr henta frå gamal tid.

Grantreet har konglar, dei skin. Eg har sett dei mange gonger i haust. Dei var rosa og lilla før, tidlegare i vår. No er dei gull. Eg vil gå borttil, plukke ein ned. Dei heng for høgt. Nokre har falle ned. Stor og tung og tjukk. Eg tek av nokre frøblad. Så slik er det. Vår såmann Vind er tru mot gamle vanar. Mange frø, men dei kastast ikkje langt.

Hundre meter lenger nedi bakken kjem ein eg kjenner. Han luftar hundar. Tre stykker. Eg joggar ned for å helse på han. Hundane spring mot meg, hoppar opp, leikar, bit i genseren min. Dei har slett og kort og stri pels å ta på. Dei leikar sisten med kvarandre. Den som har ballen i kjeften, spring; dei andre spring etter. Dei leikar av seg sjølv. Leikeslåss litt.

Vi talar saman, min ven og eg. Han er venleg. Når eg seier noko kritisk om turisme og kultur, vil han ikkje snakke meir. Vi skiljast åt, venleg, og eg går vidare.

Eg stoggar og ser på utsikten. Roholtsfjell er synleg, mykje synleg. Eit mektig fjell, ein ser brystkassa.

Eg går med godt tempo. Eg har beige og grøne klede og sko. Eg går nesten i eitt med fargane på vegen og i naturen.

Nedi bakken, på sletta, høyrer eg lydar frå langt oppi treet. Kva er det? Eg snur meg sakte og går stille attende, og ser oppover i treet. Eg ventar. Har god sikt. Mykje lydar, ja. DER! Eit ekorn spring rundt stammen, er synleg for meg, står stille. Så kjem eit ekorn til etter. Dei leikar visst sisten, dei også. Spring ut på ei grangrein, hoppar over på ei ny.


– Europa har glemt at det er et samfunn, ved å tenke på seg selv først og fremst som et marked. Utvidelse av markedet har vært målsetningen. Dette er en fundamental feil, sier Macron.
– Et marked er ikke et samfunn. Et samfunn er sterkere: det har en følelse av solidaritet og samspill, som vi har mistet, og av politisk tanke.
(Macron oppsummerer sin analyse av Europa)

onsdag 6. november 2019

Relatert bilde

Tolkien sat og skreiv under dette gamle treet. LOTR er mykje inspirert av treet.

tirsdag 5. november 2019

Kva er djupstrukturane for at sunn kommunikasjon skal vere mogleg? Kva "verdiar", "premiss", "sams skikkar" etc. må vere der, for at vi kan opne våre indre rom for kvarandre, og kome kvarandre i møte? At vi kan vere ærlege og sårbare med kvarandre? Ein kjem raskt inn på det eksistensielle. Dei djupaste spørsmåla og temaa. Ting som kan vere konfliktfylte og smertefulle - men også ting som kan vere potensiale for at noko djupt og inderleg og trygt kan vekse fram. Religionen er i hjarta av kulturen, og sjølvsagt gudsbiletet. Så kva skjer i ein kultur der det religiøse og guddomelege blir såpass "fraught" og vanskeleg at kulturen i staden heller mot å isolere det eksistensielle komplekset?

Det er tematikk i Fosse sine verk. Eg skjøna nyleg at NRK Fjernsynsteatret har eit vell av gode produksjonar liggjande på sine nettsider. Alt frå Antigone til Kong Lair til...ja - Fosse. Fosse sitt spel "Namnet" er tankevekkande. I ein forstand er spelet "berre tull", for deltakarane snakkar ikkje med kvarandre. Dei "bryt av" konstant, og fullfører ikkje setningane når dei kjem inn på noko faktisk viktig. Eller: Dei avbryt kvarandre, når nokon er i ferd med å seie noko verkeleg viktig. I ein annan forstand drøftar spelet i kva grad reell og djup kommunikasjon er mogleg i moderne kultur.

HER, og analyse HER.

Det er ein viktig og spennande tematikk, og eg har respekt for problemstillinga, for å seie det slik. Sjølv tyr eg ofte til song og musikk for å "tale det useielege". Metafor, analogi, poesi, kunst. Dermed er ein også raskt inne på det eksistensielle, det "religiøse", og moderne norsk positivisme-erkjenningsteori er god så langt det rekk, men den rekk ikkje langt nok, by far. Eg har også skjøna kva eg ikkje har skjøna før, at det er ei tid for å tale, ei tid for å teie, og at det krev visdom og skjelning å vite når ein bør gjere kvart av dei. Berre "fools, madmen and prophets" - eller "barn og fulle menneske" - kan alltid seie det dei trur er sant. Men ikkje det- profetar trengst også. Og borna kan lære vaksne menneske å - bli born att.

Fosse-intervju att, HER.

mandag 4. november 2019

søndag 3. november 2019

Bildet kan inneholde: 1 person, sitter, bord og innendørs

Diakonidamene steller til triveleg samling i Kviteseid. Eg fekk mange gode samtalar, og eg song nokre songar der. Det er godt å vere saman. Eg følte ikkje det før.

lørdag 2. november 2019

Det er underleg. Verda er på mange vis "out of whack", tenker eg. "Out of joint". Ting går fort, verdiar endrast, dei politiske frontane er harde. Det er mykje "spin" der ute. Kva som er rett og gale, sunt og usunt, er ikkje så opplagt.

Ein kunne seie at desse tinga berre skjer i subkulturar, og at hovudstraumen i samfunnet har ein god kurs. Men no er kaoset og frontane der: I Washington, i det britiske parlamentet, i kulturen (litteraturprisen, t. d.), i natur og klima. 

Dei vise menneska, og dei tunge tradisjonsinstitusjonane, er ikkje så tydeleg på banen. Dei vert også desavuert av rådande ideologi (nyliberalisme). Kva som er rett og gale, sunt og usunt, er ikkje så opplagt.

Det er nok rett: I slike tider kan ein hente inspirasjon frå dei gamle klostertradisjonane. Det er i utkantane ein har fridom og ro til å ivareta og foredle kultur og tradisjon, og byggje sunne fellesskap, og leve eit normalt og godt liv.

Dei som er i sentrum og freistar å gjere det rette, treng stønad og verdsetjing. Men der rår også - i mangt, ikkje i alt - ein ideologi som ikkje kan overleve, og som ikkje vil overleve. "The centre cannot hold". Kva som er rett og gale, sunt og usunt, er ikkje så opplagt.