torsdag 31. oktober 2019

Bilderesultat for queen vilnius midsummer


Relatert bilde

Festleg. Han som spelar orgel her, på festival i Vilnius - dei spelar Queen for fleire tusen folk - er altså: Organisten i Tokke og Vinje. Han fekk opplæring i det kommunistiske Aust-Europa, ikkje noko tull, mao. For nokre år sidan var eg vikar i Høydalsmo. Organisten hadde nokre unge musikarvener på besøk. Ein av dei spela fløyte. Han spela i kyrkja, før han reiste vidare til London, der var han solist med symfoniorkesteret. Organisten vår spelar, og snart skal han attende til Litauen og spele for tusenvis av folk på konsert.

mandag 28. oktober 2019

Bilderesultat for goethe life as art

I dag bestilte eg denne boka. Goethe var ein gigant. Han er imidlertid nesten ukjent i min kulturelle samanheng(!) Ein veit at han skreiv Faust, moglegvis Den unge Werther... Kanskje at han var romantiker. Men eg kom stadig innom han då eg las SH Buhner, og det viser seg at Goethe har veldig interessante tankar om natur og røyndom. Ikkje-materialistisk.

Uansett, Goethe levde i ei tid då det var moderne å vere ein "great man" som skulle vere danna, få til store ting, få mykje ære etc. Goethe var på mange måtar kvintessensen av ein "great man". Eg er ikkje nett på den linja, men eg trur det er interessante ting å lære her. Han var trass alt eit geni. Dessutan er han ein sentral person i tysk kultur, ein kultur som det er godt for meg å ha betre kontakt med.

Så det skal bli spennande. Kanskje eg skulle reise til ein by på ferie og lese den boka medan eg sit på ein hyggeleg og elegant cafe.


Om USA og Trump. Følsomt tema, eg veit. Så ta det for det det er. Fyrst ein analyse frå Anis Shivani som set dagens politiske situasjon inn i større idehistorisk perspektiv. Også her.  ein insider i GOP som forklarar, med psykologiske kategoriar, kvifor Trump vinn. Det handlar om den kapitalistiske, nyliberale orden, og det å setje ord på denne. "Populistane" gjer dette, ikkje minst ved å peike på behovet for å "høyre heime" i kultur, på ein stad, i fellesskap. Ein kan også kritisere globalisme, både militært og finansielt. Spørsmålet er imidlertid også om ein verkeleg vil rive ned avgudsaltaret, for å seie det slik. Og seie at kapital og marknad ikkje skal ha øvste prioritet (kva skal setjast i staden?)

søndag 27. oktober 2019

Trøyst: Familie og venner. Dyr, særleg hundar og husdyr og fuglar. Norsk folkemusikk. Tre! Og mange andre ting. Mitt liv er ikkje så fullkome. Kanskje kan det aldri vere det, unnateke kanskje når ein er barn. Vi får sjå. Men ein kan gle seg.

Eg kom over "Wooden books". Eg kjøpte ei bok om tre, av ein finsk biologiprofessor. Men serien som boka var gjeve ut i, var interessant. Blanding av mystikk, handverk, keltisk kultur, filosofi - og vitskap. Underleg bokserie HER.


Preus er profet og talar godt.
– Hvorfor skolen er bra ...? Alt er laget av tre! Det bare ser så fint ut ... Og det blir liksom så hyggelig å være her.
Ola Flesvig (10) sitter på bakerste pult i et trehvitt klasserom i Ydalir skole i Elverum og strever litt med å finne ordene. I to måneder har han og medelevene gått her i det ruvende «trepalasset», Norges hittil siste tilskudd til en regelrett boom av store bygninger i tre. Og han er allerede helt sikker på at det er bra.

lørdag 26. oktober 2019

Ein tur i Oslo. Mange vil bu der. Det skal dei få lov til. Eg vil helst ikkje det. Det er godt for ei lita stund. Men så er det nok. Takke meg til Vest-Telemark. "Takk". "Thank". Det er same ord-rot som "think". Å takke er å tenke på, å gje gode tankar.

onsdag 23. oktober 2019

Martin J på Dagsrevyen. Han er på Ansgar. Interessant at han avslører bokhylla si. 





Det er ikkje noko tull han har der. Interessant. Han er inne i ting, og norsk teologisk diskurs er relativt seriøs, også i frikyrkjelege miljø. Interessant å observere. Her er Hays, Lindbeck, Williams, Tracy, Ward, Jenson, Milbank, Nagel, Pannenberg. På mange vis den moderne systematiske MF-tradisjonen, v Henriksen og Søvik og co.  

Bøkene i hylla er innanfor sentral protestantisk, moderne teologi, med nokre innslag av katolsk og anglikansk. Så vidt noko ortodokst, ser det ut til. Det er innanfor teologisk diskurs, for øvrig. Når ein opnar seg opp for breidda, djubda etc. i det akademiske liv, og i tradisjonar og kulturar, blir det, hm, spennande. Og krevjande.



Og på pulten er då altså Williams, Christ - Heart of Creation. Det er på ein måte der...ja...brennpunktet er, kunne ein seie. I vestleg teologi og samfunn i dag. At kristendomen ikkje må bli "tribal", lukkande, fundamentalistisk.

Også underleg. Eg var også ein sentral av dette miljøet, og er det til dels enno. Mine innspel har nok også vore med her, og spela ei viss rolle. Dog spela vel eg mest rolle med å introdusere NT Wright, Dale Allison, Edward Feser, til dels DB Hart o. a.

Når det gjeld sjølve innslaget, er det naturlegvis mykje å seie. Men kanskje best å ikkje seie for mykje. Men dette: Skaparverket er verkeleg eit forunderleg mysterium med ufattelege djubder.
Fiksar bil. Eg hadde gjeve opp, var det ikkje for bror min som hjalp (og vener). 

Bremsa skrapa. Måtte gjere noko. 

Kloss var nedslite, var på metallet. 

Kalipper: Rusta nesten heilt fast.

Få tak i sett for å trykke inn stempelet. 

Få ut glideboltane - litt av ein jobb, sidan dei sat ekstremt godt. 

Kyrkjetenar sa: "Det kan vere ein fæl jobb. Dei kan sitje ekstremt hardt fast." 

Men vi fekk dei ut...omsider. 

Ein av boltane var øydelagt og hadde eit hakk.

Kjøpe nye glideboltar på biltema. 

Pusse kalipperen i hola for boltane. 

Setje på plass delane. 

Kalipper framme: Sat også veldig fast, masse arbeid å få ut. 

Glideboltar var øydelagte, gummi var løyst opp. Stål mot stål. 

Nye glideboltar spesialbestilt. 
Fyrst bestilte dei feil. 
Så bestilte dei berre eitt sett. 
Så kom det andre. 
Tre turar til verkstaden. 

Metallfeste for klossar øydelagt, måtte bestille nytt. 

Setje saman delane. 

Etc. 

No kan eg mykje meir enn før, om bil og bremser. 

I morgon får vi sjå om bilen går som den skal. 

Eg skjønar kvifor folk kjøper nyare bilar, og kvifor dei har dei på service :-s Eg skjønar at det er lurt å sjekke bilane årleg. Og det er lurt å jamnleg skifte skiver, klossar, glideboltar. Billig vedlikehald.

Ein kan spare mykje på å ha ein gamal toyota. Men ein må kunne mekke, og vere smart mtp. vedlikehald. Og noko anna: Det kan verke uoverkomeleg å mekke. Men når ein veit kva som må til, korleis ting fungerer, kvar skruane sit, korleis ein skal losne på ting, kvar ein skal bestille delar etc. etc., så er det mykje lettare. 
Bildet kan inneholde: 2 personer, personer smiler, sko og innendørs

Bildet kan inneholde: en eller flere personer, folk som står, fjell, utendørs og natur

Vi var på tur med frivilligsentralen i Tokke, det var ein liten og fin tur. Gode samtalar og tre og hundar og frisk luft.

tirsdag 22. oktober 2019

Borgund stavkyrkje, frå 1150-1200:

Relatert bilde






Fjågesund kyrkje, som er stavkyrkjeinspirert:

Bilderesultat for fjågesund kyrkja


Bilderesultat for fjågesund kyrkja

(Sml. til dømes Lomen stavkyrkje, eller andre:)
Bilderesultat for lomen stavkirke



Og så Kviteseid kyrkje, same arkitekt, og også stavkyrkjeinspirert/romansk stil:

Bilderesultat for kviteseid kyrkje


Og i dag var eg på Dalen hotel, og då ser eg at Dalen også er konstruert etter modell av stavkyrkja. Samanlikne:

Bilderesultat for borgund stavkirke



Bilderesultat for dalen hotel bygg

Og altså her:

Bilderesultat for dalen hotel

Og det viser seg at det er same arkitekt på hotellet, som i kyrkjene i Fjs og Kvs. Og det var verkeleg stavkyrkjer og vikingtid som var inspirasjon for hotellet. Det er jamvel glasmåleri i taket.

Bilderesultat for dalen hotel interiør


Det er fascinerande å tenke på, og å registrere.

Nyleg hadde dei Harry Potter-tema på hotellet.

Så det er lengsel etter "re-enchantment".
[Kaj Skagen. Den forseglede ordre. Kap. 68. Sjokkerande lesing. D. e. om korleis kristendomen - dvs. ein veldig spesifikk tradisjon av kristendomen - prega foreldra hans. I det heile er det interessant å observere korleis norske forfattarar har kome til rette med trua.]
Bildet kan inneholde: 2 personer, inkludert Monika Bakkan, personer smiler

lørdag 19. oktober 2019

Eg gjekk ein liten tur i dag, oppi Tveitgrend, med utsikt ned mot Bandak. Det er noko underleg lækjande og svalt med å gå der oppe. Flott utsikt. Heilt stille, berre vind og ein og annan storfugl. 









































































fredag 18. oktober 2019



Ein port i Heddal stavkyrkje. Eller, skulle vi seie, "portal".



Bilderesultat for fjågesund kirke

Fjågesund kyrkje er faktisk i stavkyrkjestil, og har også stavkyrkje-inspirert interiør.
-- At this point in human biological and cultural evolution, it is wildly premature to think that we could have justified religious beliefs or disbeliefs. The topics are too difficult. We simply don't have enough knowledge to have confident insight into ultimate things.

-- At the same time, it is wildly premature to think that naturalism is the last word on things. We have glimpses of mind, value, and deep beauty that suggest a transcendent reality behind the world of appearances and of natural science. Maybe these glimpses are illusions or projections -- but, again, maybe they aren't. We just don't know for sure.

-- In these circumstances, religious searching and experimentation is a legitimate project. Knowing and loving a transcendent reality, if one really does exist, could enrich our inner lives and lay the foundation for a better culture. The human race might be ignorant of such ultimate truths right now, but intelligent life on this planet has a long history ahead of it. We won't know what we'll discover until we look for it.




Schellenbergs argument i eit nøtteskal. Ein får tenke kva ein vil. Men det er nyansar her som ein def finn i GT, NT og særleg hjå greske kyrkjefedre. Og i religionshistoria. 




Eg var på sundagsskule. Dei hadde forming, og laga sauer og hyrde og gras av kitt. Det vart lima opp på ei tavle med filt og noko papir, og mange fargar. Den skulle henge på veggen.

Strekteikningar der ein skulle fargeleggje. Eg sa: "Trur ikkje eg har fargelagt på 20 år. Dette må eg prøve". "Då får du kose deg!" Det gjorde eg.

Så var det songar med rørsler, og tenning av ljos, truvedkjenning, og bibeltekstar og flanellograf. Det slo meg at flanellograf verkeleg gjer eit djupt inntrykk. Det var sauer i villmarka. Med eit vart det lagt på ein stor bjørn i åtak. Biletet var stille, men fullt av dynamikk.

Det var mat på eit langbord, og vi sat og åt og vi vaksne snakka om bygda og livet og kyrkja og planleggjing.

Legoklossar, nokre bygde. Foreldre kom og skulle hente. "No må du kome." "Jaahhhm." [Byggje, byggje, leike]. "No MÅ du kome" "Mmmhm." [Byggje, byggje, leike]. 10 minutt seinare. "Du, no er det på tide! Vi må heim!" "Ja, mmhm." [Byggje, byggje, leike].

Hm.

torsdag 17. oktober 2019

Exit. Det er ein serie med punch og intelligens og moralsk samvit. Verkeleg ein tankevekkande og interessant serie som reiser mange problemstillingar om dagens Noreg. Og med punch.

Thomas B sa eg måtte sjå det. Eg gjekk motvillig med på det, tenkte det primært var ein shocker-serie. Men den var veldig mykje betre enn eg hadde trudd.
Halldorf har forblitt pinseven. Men blitt ein slags ortodoks. Han har no eit sterkt gjennomslag i skandinavisk kyrkjelegheit, både i Dnk og blant frikyrkjelege. Blant unge og eldre. Underleg å observere. Han kunne ikkje fått det til om han hadde konvertert. Det må vere "heimskleg." Det er viktig for sosial, psykologisk, eksistensiell tryggleik. Kulturen og tradisjonen må få vere med. Og skjønt: Halldorf har gått frå eine ekstremitet til den andre, men ivaretek på mange vis båe tradisjonar. Så ei heilt gradvis rørsle er det dog ikkje. Vi får sjå korleis ting utviklar seg. I alle fall veldig spennande for meg å endeleg setje meg godt inn i ortodokse liturgiar og freiste å forstå både riter, symbolikk, liturgiske røter og ikkje minst teologi.

Men. Eg undrast på kva pinsevener tenker og seier. Eg meiner. About face. Når ein pinseleiar, den kanskje mest respekterte, går så til dei grader i ein annan retning enn mykje av praksisen og spiritualiteten i pinserørsla. Mange pinsevener har slutta seg til Bjärka Säby. Men dei andre? Halldorf har skrive bøker frå sitt pinsestandpunkt, om oldkyrkja etc. Men det er verkeleg rimeleg stor skilnad på pinseteologi og ortodoks teologi mtp. sakramentsyn, skapingsteologi, spiritualitet, kyrkje/politikk etc. etc. Det er nok rett, som han seier. At det er straumar som byrjar å røre seg på djupet. Som at...noko ikkje var berekraftig i den gamle pinseteologien. Den var i for stor grad eit "barn av si tid" (slik ein også kan seie om mange andre kristne tradisjonar).

I alle fall. I dag lærte eg kva som er den fyrste salmen som vi kjenner til, for den er ein del av den ortodokse liturgien til Johannes Krysostom, d. e. den guddomelege liturgi. Det er "Fos hilaron", d. e. "Glede-ljoset". Tilskrive Athenogenes, på tidleg 300-talet. Teksten seier noko om at inkarnasjonen er det sentrale i liturgiane, uttrykt framfor alt i nattverdssakramentet. Liturgien uttrykker samstundes "dramaet" frå skaping, til syndefall, til Jesu kome, hans død og grav og oppstode og den komande herlegdomen.

Inkarnasjonen, ja. Eg skal arbeide vidare med det, d. e. møtet mellom klassisk ortodoksi og moderne historieforskning.

Text

Greek

Φῶς ἱλαρὸν ἁγίας δόξης, ἀθανάτου Πατρός, οὐρανίου, ἁγίου, μάκαρος, Ἰησοῦ Χριστέ, ἐλθόντες ἐπὶ τὴν ἡλίου δύσιν, ἰδόντες φῶς ἑσπερινόν, ὑμνοῦμεν Πατέρα, Υἱόν, καὶ ἅγιον Πνεῦμα Θεόν. Ἄξιόν σε ἐν πᾶσι καιροῖς, ὑμνεῖσθαι φωναῖς αἰσίαις, Υἱὲ Θεοῦ, ζωὴν ὁ διδούς, Διὸ ὁ κόσμος σὲ δοξάζει.

English

English Lyrics - OCA
O Gladsome Light of the holy glory of the Immortal Father, heavenly, holy, blessed Jesus Christ. Now we have come to the setting of the sun and behold the light of evening. We praise God: Father, Son, and Holy Spirit. For it is right at all times to worship Thee with voices of praise, O Son of God and Giver of Life, therefore all the world glorifies Thee.
Bokmessa i Frankfurt. Eg blir tankefull. Bokmessa har gamle røter, attende til 1300-talet. Litteratur er viktig. Men marknaden har kolonisert det. Noreg har ein stand der. Det blir tala om å "slå gjennom", om at "flere titler må oversettes", om at "vi skal ikke bare leve av olje og laks", at "Noreg har blitt nemnt 800 ganger så langt i artiklar om litteratur" etc.

Litteraturen blir masseprodusert, og blir til konsum-vare. "Litteratur-junkfood", eller "litteratur-tyggegummi", eller "litteratur-popmusikk". Men kjem vi djupare, nærare livet, nærare sanninga då? Eg trur ikkje det - heller blir det å bylgje rundt på overflaten, og det blir "meir av det same", som H Rosa har tala om. Eller: Kulturelle inntrykk blir såpass fragmenterte at det er vanskeleg å kome djupt i røyndomen. Eller: Lesarar blir overvelda av stadig nye marknadsborne bylgjer av litteratur.

Men kva er den verkeleg gode og viktige litteraturen, som ikkje berre styrast av trendar og marknad? Då er det viktig med "klassikarar" og "tradisjonar" og "kanon". Så vi kan forstå oss sjølve, forstå vår historie, få visdom og livshjelp, ha ein rett visjon for livet. Kva er den rette kanon? Kva høyrer heime der? Hoi. Det er heller ikkje så opplagt. Men det finst nokre verk som har stått "the test of time", og som verkar mystisk, d. e. hjelper oss djupare i røyndomen.

Bloom, TB Eriksen o. a. har laga gode lister. Og så finst det naturlegvis "kyrkjelærarar" med sine klassikarar - Ireneus, Tertullian, kappadokiske fedre osb.
I biblioteket i Tokke er mange av veggane tapetserte med villmarksbilete, teke av J Hellevik. Ekorn, ugler, ørnar, gamle tre. Det er heilt herleg.

onsdag 16. oktober 2019

Du tek på treet. Treet tek på deg.


mandag 14. oktober 2019

In the essay ‘The Critic as Artist’ (1891), Oscar Wilde wrote that ‘to do nothing at all is the most difficult thing in the world, the most difficult and the most intellectual.’
The world would be a much better place if we could all spend a year looking out of our window.

lørdag 12. oktober 2019