mandag 30. september 2019






 Pad-lyd skaper kjensle av meditasjon. Nesten som vind og lyng og rislande vatn.

Romklang skaper kjensle av eit stort rom, så vi er små.

Songen går i moll. Noko er ettertenksamt og melankolsk. Noko er i ulage, og lengtar - det uttrykkast også i sologitaren sine "yearning" rop.

"Krangel og kiv, på død og på liv", heng lyrisk saman, allitterasjon og uttrykk om absolutt alvor. Musikken går opp og ned, opp og ned, som om kranglane aldri tek slutt.

Lengsla går mot dur, stabilitet, harmoni. Som kjem i refrenget. "Prøve" - uttrykkast fyrst etter stegvis progresjon mot duren og tonika.

Sekundær-dominant kjem som andreakkord i refrenget. "Being painfully, greatly moved", er den harmoniske funksjonen til sek. dominant. Og der kjem ordet "tru".

Og koret i bakgrunnen minner om ei kyrkje, eller om eit fellesskap, om liturgi.

"Du skapte oss Gud, til kjærleik", og kjærleik er på ein høgare tone, som at kjærleiken stig mot himmelen, som ei bøn.


Etc. Det er veldig fascinerande å analysere musikk på dette viset. Dette er jo berre å skrape overflaten, for det er ei mengd med lag her, som spelar saman. Musikarane går inn i seg sjølve og uttrykker ei verd.
Da Lystrup var på besøk i Russland, ble møtet med den russisk-ortodokse kirken spesielt.
- Lukta av røkelse, blafrende lys og korsang på uforståelig språk ga sanselige inntrykk. Miljøet snakket til hele meg. Den protestantiske kirken er derimot rettet mot hodet og tanken.
In 2004, having received the John W. Kluge Prize for Lifetime Achievement in the Human Sciences, an honor he shared with the French philosopher Paul Ricoeur, Pelikan donated his award ($500,000) to Saint Vladimir's Orthodox Theological Seminary, of which he was a trustee. At the ceremony, he quoted a leitmotif passage from Johann Wolfgang von Goethe that had moved him all his life: "Was du ererbt von deinen Vaetern hast, Erwirb es um es zu besitzen" ("Take what you have inherited from your fathers and work to make it your own.").

søndag 29. september 2019

Creation as Sacrament


“Long before the current ecological crisis, the theology of Eastern Christianity had developed a sophisticated and harmonious picture of the interweaving of spiritual and material reality in a universe animated at every point by the radiant, creative agency of God. For human beings to flourish as God intends, they need to learn how to see and attend to this mystery; the contemplation of the divine can grow in us only as we learn to recognise this uncreated act as reflected in all we encounter.

Rowan Williams





Mange perler i Kviteseid. Ute ved Strauman, ville sjekke ut ein stad eg ikkje hadde vore på før, den går i retning mot Bandaksøy.

lørdag 28. september 2019

...and underneath all of the apparent [news] frenzy a huge sense of ennui, that this is nothing more than theater--a dance of turkeys. All this frenetic activity hides a terrible Void, and it is deeper and deeper into that abyss that we are sliding, slowly but surely, on a daily basis.


What we are going thru is the disintegration of neoliberalism and globalization, basically the capitalist regime of the last 500 yrs. Macron said as much in a speech he gave a short while ago, talking (amazingly enuf) abt the end of Western hegemony. (Of course, he himself is a representative of that dying order.) Immanuel Wallerstein anticipated this, as did I, along with many other thinkers. 

As we shift from one large-scale system to another type of formation, we are going to live thru a very dark period; that's how it always is. 50 yrs down the line, however, things will start to stabilize. As what? is the question.



Sjølv er eg glad for at eg bur der eg bur, med gode menneske rundt meg, og natur og kultur. Det er ikkje "void" her då. Men kvar går "the rabbit hole", kvar ender det opp? Hm. 



Kom over dette. Den musikken. Det er ein rimeleg disturbing song, men den er interessant. Musikken, ja.

"Mye av det som jeg har med meg fra Vinje i Telemark, der min far var prest, dukker nok opp når jeg som forfatter skriver saker og ting, sier Geirr Lystrup.
Men jeg har nok vært det noen vil kalle for "rabulist". Jeg har ønsket å ta avstand til det. Av og til har jeg følt kristendom som en klam hånd over ego og mitt frie liv.
Men nå er jeg blitt voksen. Nå kan jeg komme tilbake. Jeg kan banne ved bordtennisbordet, og jeg kan be en stille bønn, sier Lystrup. Og jeg har lov til å gjøre begge deler, for jeg er en fri mann!"

Eg var på konsert med Lystrup i kveld. Tokke Songlag var der, Ågapet også. Eg beit meg merke i: Tango og vals, med gitar, kontrabass og trekkspel. Ein type musikk eg ikkje kjenner mykje til. Men det skapte god stemning, det er gode vibber, så å seie. Positive outlook. Folk dansa i lokalet, dei andre klappa med. Det var god stemning. Tekstane handlar om fortida i Vinje, om bygdesituasjonar, om solidaritet, og mykje ispedd bibelske motiv og språk. Dans er godt. (Vart så glad då eg såg det. Eg har nesten aldri opplevd dans. Det er noko forløysande ved det. Blir rørt innvendig når eg tenker på det som skjedde i lokalet.)




Ein bør heller lytte til eldre menneske enn yngre, når det gjeld livsvisdom, inkludert "teologi". Når eg les ei bok, kan den vere fagleg sterk og fylgje logiske reglar. Men innimellom "den tidlause vitskapen" lurar det masse premiss. Data-val. Ordval. Argumentasjonsrekker. Temaval. Prega av kultur, livserfaring, bakgrunn. Alt slikt "uvitskapleg", som freistast dekkast over, men som vi likevel aldri kan unngå.

Og då kjem visdomen inn. Eldre menneske som kjem seg gjennom det, som når "de modne år" utan å lide skipbrudd i livet. Eg er var no, for å lese bøker av yngre menneske. Klart det kan vere viktig og bra. Men nokre ting. Dei kan ha sterke meiningar, men manglar gjerne sjølvstendet og motet til å gå imot ting dei eigentleg ser som vanskelege eller usunne. Dei kan mangle vidsyn og horisontar og kompleksitet og nyansar - alle menneske utviklar seg gjennom livet. Visdom er "grå hår", i mytologien. Også skjegg.

Eg ser det når eg no høyrer på Åge A sin jubileumskonsert. Mange artistar er med for å feire han. Mange av dei eldre som syng, ser gjennom det som ikkje er verdt noko, og legg fram det som verkeleg er verdt noko. Åge sjølv lærte raskt, fordi han vart utsett for mishandling som barn. Så kom han seg så vidt i live gjennom ungdomstida. Då visste han noko om livet, og han fekk familie og vart ikkje nihilist. Andre norske artistar er også slik. Preus, som nemnt. Paus. Dei har alle turbulent fortid, men har blitt vismenn og vis-damer, så å seie. Også andre, eldre norske artistar.
Så langt må ein seie det: I jødedomen på Jesu tid, og i Bibelen sjølv, særleg tydeleg i NT, så er den kristne bodskapen innvevd i gresk kultur og metafysikk. Denne påverknaden vart utvikla sterkt i dei fyrste århundra. Men den er der allereie i NT. Og spørsmålet er kva implikasjonar som fylgjer av dette, for kristendomen (truskjelder, systematikk, spiritualitet, metafysikk, kunst og kultur).

fredag 27. september 2019

1.2.17 An overview of the emotional nature of harmonies

Major tonic: a feeling of sober-minded contentment.

Minor tonic: grief (when played quietly), anger (when played loudly). Also communicates all other emotions which involve a sense of discontentment.

Natural minor: courage, adventure, tension, danger, severity, a challenging situation.

Dominant: a feeling of motion, aspiration, liberation.

The dominant of the minor tonic takes on the character of the minor and expresses stasis.

Seventh chord: resistance, protest, defiance, weepiness, weakness, braking, a walking motion.

In the minor tonic, it takes on the character of the minor and expresses stasis.

Secondary dominant chord: a very adaptable character with multi-facetted uses. Telegraphs the nature of the anticipated new tonic. Can express bitter disappointment or being painfully, greatly moved. If the anticipated tonic is major: full of hope, a feeling of heading out to something new.

Major subdominant: lightheartedness, ebullience, joy, drunkenness, victory, solemnity, an emotional climax, rejoicing, satisfaction.

Major subdominant with a major seventh: like the subdominant, but with a touch of bitterness: a wistful goodbye, a final embrace, yearning, a longing dream, an awareness of the fleeting nature of joy.

Added sixth in a major chord: comfort, coziness, fidelity, warm-heartedness, warmth, togetherness, love, friendship.

Added sixth in a minor chord: loneliness, separation, abandonment, heartbreak.

Neapolitan sixth chord: disappearance, death, abandonment, immutable pain, saying goodbye forever.

Diminished seventh chord: fear, despair, panic, dismay, broody downheartedness, melancholy.

If the anticipated resolving chord is a major chord: feigned despair, coquetterie.

Augmented chord: astonishment, amazement, surprise, magic, transformation.

Whole-tone scale: being weightless, under water, in space, in a dream.

Minor sixth: threat, danger, fear, feelings of anxiety


torsdag 26. september 2019

Håp.

Håp i kvardagslivet
er mykje overlappande med håp i den teologiske trua
er mykje overlappande med håp i lokalkulturen og bygdesamfunnet
er mykje overlappande med håp i nasjonalkulturen.

Dei påverkar kvarandre. Sosiologane talar om mikro- og makronivå. No er det "disruptions" på fleire nivå. Mykje som er usikkert. TF skal ha konferanse snart, om "korleis forkynne håp i ein desperat situasjon." Ein kan også merke det i mykje populærkultur og faglitteratur. Apokalyptisk stemning, til dels. Kva gjer ein med dette?



Eg har skjøna at Preus talar om Gud heile vegen, men ho brukar ord som "håp", "vegen", "handa som rører" og anna. Og ho er veldig eksplisitt i bruken av "negativ teologi" ved at ho talar om den "navnløse gåte".  Stundom seier ho at ho syng ein salme for dei som ikkje har ein Gud (eit paradoks), og at ho kan kjenne att det heilage utan at det står skrive i ei heilag bok (også eit paradoks). Det er fascinerande å fundere på. Ein veldig interessant artikkel om dette HER, denne må eg visst lese ganske nøye når eg tek meg tid til det. Det er verkeleg veldig tankevekkande for meg at Preus endte opp som fast kyrkjegjengar og med ei uttala kristen tru - men då som ein "fruition" av alt som gjekk føre, ikkje sant. Ikkje som oppgjer.




Dette var ein god video for meg. Eg kan ikkje skrive så mykje ope på bloggen om mine indre funderingar om teologi, "spede spira lyt få stå."

onsdag 25. september 2019

Åsgrend i Kviteseid
HJEMSTED: Her i Åsgrend i Kviteseid bodde Maren Ramskeid. Hun var kilden til det som trolig er den mest originale versjonen av Draumkvedet.
FOTO: ROBERT HANSEN / NRK

– Et evig mysterium

Salmedikteren M.S. Landstad baserte sin versjon på fortellinger fra Maren Ramskeid fra Kviteseid. Dette ansees for å være den mest originale utgaven. Olav Grasberg og Jørgen Moe skrev ned en annen versjon i 1847 etter Anne Lillegård fra Eidsborg. Denne har 24 strofer, og regnes som den nest beste.

Nokre bilete frå ein liten tur. Veldig fint her, nedover mot Bandak, men eg var litt for seint ute, sidan eg arbeidde med noko som tok tid. I alle fall - ein kjem høgt opp her, og har strålande flott utsikt. Og ein ser langt ned mot vatnet. Veldig fridomskjensle. Tek 10 min å køyre opp, 10 min å gå dit.














Her ser ein fyrst opp mot Kassen, ovanfor Sinnes og Ljosvatn. Så vestover mot Dalen. Austover mot Kviteseid. Og så eit lite bål eg nett tente på. Ein kan høyre kor stille og fint det er der, også. Berre sval vind.
































Ein tanke til slutt

Analogy carries a literal meaning (Soskice calls analogy a “stretched” literal predication), whereas metaphorical speech is “a figurative 'speaking about' that generates new perspectives.”

Eg forstår no kvifor Preus var så viktig for det norske folket. Ho var ein mystisk terapeut. Ho bruka poesi til å setje ord på ting som vi føler og opplever, men ikkje har språk for - fordi språket er "kyrkja sitt", på ein måte. Preus var ærleg og sårbar. Damn, altså. Den musikken. Ho hadde også med seg dei beste musikarane, og mange av dei hadde også mykje fartstid med "kristenmusikk", så å seie. Jo, Preus er veldig interessant, altså. Og eg merkar at det er "godt" å høyre på den musikken. Preus fann elles meir ro dei siste åra, og ho gjekk fast til gudsteneste i Uranienborg. Det er på mange vis ei tradisjonell kyrkje, med vekt på liturgi og kultur.




mandag 23. september 2019




Det var fullt og god stemning. Fin musikk og gode vibber. Lokale artistar også, frå rundt omkring i Vest-Telemark. Så her kom også folk frå Rauland og Vinje og Kviteseid og Morgedal og Bandaksli og Vrådal og Skafså og Dalen og Øyfjell. (Såg eg).

søndag 22. september 2019




Vikingånd og fregdardåd Um det er denna songen Ut av Stord har detta hendt Og Håkon han var kongen 0:22 Kongen satt i Holmagard  og hadde ikkje mange menn Stilt så leika bylgjene Ut ved holma strendin 0:40 Ser då kongens sendemann Ut ved dei ytste båar Mange skip med stripne segl Og innafjord dei roar Skjott så samlast kongens menn For ufred ikkje dølgjast kan Kongen spør kven råd kan gjev Fly eller verta slegne? 1:05 Svara det inni kongens hird Han Torolv "Sterke" Skolmsson Niding stor det er å fly for urettvise valdsmenn Kongen veit at me har vunnet over overmakti før svara då den heile hird: "Me vil gå med kongen!" 1:30 Tok då alle brynjer på Og kongen sverdet Kvernbit Fylka dei seg skjold i skjold Under Håkons merke Då åtakfolket på dei kom Dei var eit tal som seks mot ein I hjelm og sverd på soli skein Som havet sine bylgjer 1:56 I brodden av dei åtaksmenn  Fór viking Øyvind Skrøya Med åtakfolket gjekk han hardt Til nid mot Håkons merke Ropa høgt han Øyvind "Eg Nordmannkongen finna vil!" Gøymer han seg, er han redd? Kven kan seia til ham?" 2:19 Kom det over kongens menn Ein voldsom kraftig styrke I harme full sprang kongen sjølv Frammanføre merke Sa "Hald du fram som du gjer,  um du Nordmann kongen finna vil!" Svinga Håkon kvernbit i, Toralv sverdet Fimreid 2:43 Striden vart då veldig kvass Med mannefalli store Håkon og hans menn dei [var] råast Striden avgjorde Øyvind bær(?) sørgfrei(?) for sverdet kvernbit lagt i vollen ned Kom det frykt i åtakfolket, flydde ut or landet

Musikkens transcendens

– Du har sagt noe utrolig fint om korsang: «Alle stemmene, alle sjelene forenes i klang, i ett utrykk som er noe mer enn hver enkelts uttrykk. Det er et samvirke, en sjelenes forening. Den menneskelige stemmen har denne evnen til å bevege hjertet hos folk, selv om de ikke forstår teksten. Jeg har opplevd det i mange land.» 
– For å få til det, må jeg gå helt inn i musikken, og jeg må være helt ærlig. Jeg pleier alltid å si til koret før vi går inn, at «Nå skal vi ikke vise hvor flinke vi er. Nå skal vi gi noe. Ut fra våre egne hjerter. Fra oss selv.» Hvis vi gjør det, rører musikken oss alle. Men vi må alle sammen være ærlige, og åpne, ikke hovmodige eller selvopptatte. Vi må gi kjærlighet.
– Vi må være et medium, på en måte, for musikken, for klangen, for komponistens realisering av teksten. Gjør vi det, så skjer det. Da står rommet og tiden plutselig stille, mens musikken beveger seg. Musikken griper inn og lever sitt eget liv. Da blir vi rørt, både tilhørerne og vi som synger og dirigerer. Dette øyeblikket er mitt mål i enhver konsert. Til og med spedbarn som ligger for seg selv i en barnevogn merker det når dette helt spesielle øyeblikket inntreffer; når musikken overtar rommet. Det hendte senest nå i mai da vi holdt konsert i Os kirke.

– Da begynner jeg å gråte

– Du skal selvsagt øve deg teknisk, slik at du blir flink. Men det er først når du er dedikert og går inn i musikken på komponistens og tekstforfatterens premisser – det er først da du kan oppleve dette. Og når du opplever dette i kor, da er det veldig sterkt. Veldig sterkt. Når jeg opplever dette når jeg dirigerer, kan jeg begynne å gråte. Jeg blir så engasjert at jeg får tårer i øynene og kroppen min skjelver.
– Dette kan ikke læres. Du må hente det fra ditt eget liv, fra din egen kropp, fra din egen erfaring. Du må gi kjærlighet, og når du gjør det, får du den tilbake.
– Kjærlighet er å gi seg selv helt over. Og det er når du i musikken gir deg selv helt over, at dette skjer.
– Det er det. Og det må vi søke. Men jeg husker at det kom uforvarende på meg den første gangen jeg opplevde det, på scenen i et teater i Arezzo, under en konkurranse. Det var et stykke av Poulenc som heter Vinea Mea Electa. Plutselig begynte kroppen min å skjelve. Jeg ble veldig rørt og tårene begynte å renne nedover kinnene. Og det varte ikke bare ett øyeblikk. Det varte i noen minutter.  Etterpå tenkte jeg: Hva skjedde nå? Og: Hvordan kan jeg få det til igjen?

– Vi er på oppdrag fra høyere makter

– Grex-sangeren Sean Kjartan Iversen skriver at grexere er «mennesker som har evnen til å enhetliggjøre seg selv»? Er det det vi er inne på her nå? At man gir seg selv så helt over at man går opp i en høyere enhet?
– Ja, det tror jeg. Han vet det også. Man må gi av seg selv. Og det musikalske mennesket kan det. Det er en oppgave, en misjon, som vi sangere har. 

lørdag 21. september 2019



På Dalen, Skafså, altså. Eg var på andre sida av Bandak i dag. Hadde gløymt kor dramatisk utsikta er når eg ser ned på Bandak. Og det var så godt å vere der. Stille, vind, grashopper, gras, utsikt, sol. Stille. Stille. Harmonisk.





Sånn.




















Rundt 21 sek. ser ein Bandaksli. Der er det også veldig fint.

onsdag 18. september 2019



Min veg
Tekst: Stein Versto

Klår er min tanke,
stille mitt sinn,
varmt er mitt hjarta
for vegen min.

Nokon gjekk før meg,
det lyser i spor.
Ei stille røyst kviskrar
eit vandrarord.

Frå fjell ned til hagar
med angar av vår.
Dér blømer blomar
i grodde sår.

Klår er min tanke,
god er mi tid,
varmt er mitt hjarta
for jordi mi.

Landet er ope,
jordi er ei,
ho sviv som ein dansar
i himmel-lei.

tirsdag 17. september 2019



Eg meiner berre, eg såg denne filmen på ny. Den har ein djupare kritikk av "late capitalism" enn eg visste. Dvs. korleis alle såg bort, valte grådigheit etc. Meklarar, seljarar, bankfolk, "rating agencies", politikarar. Og korleis systemet var rigga slik at det uansett ikkje ville hjelpe dersom ein "stod imot" og gjorde det rette. Kva måtte vere annleis? Eit samfunn som ikkje er bygd opp rundt individualistisk vinning, pengar som status, evig vekst. Tydelege samfunnsmessige og politiske rammer rundt det økonomiske. Erik Brofoss, Noregs sosialdemokratiske sjeføkonom: Vi skal styre økonomien, den skal ikkje styre oss.

Filmen er interessant fordi Pitt i filmen her, har sett innsida av systemet, og har valt å trekke seg ut, flytte til Colorado, dyrke sine eigne grønsaker, leve i ro og fred med sine nære. Steve Baum har jødisk oppseding, har studert Talmud, og freistar å vere "righteous" inni Wall Street-systemet. Han ser kor vanskeleg den oppgåva er. Noja, livet er kort, det gjeld å plassere seg sjølv på ein sunn stad, tenker eg.

søndag 15. september 2019



Det er interessant med denne musikken. Veldig god musikk, veldig djup. Denne melodien bryt alle slags grenser for "temperert skala", moll/dur-systemet etc. Veldig underleg, på ein måte. Ein hardingfelespelar eg høyrde om, fekk høyre kyrkjeorgel for fyrste gong. Det gjorde vondt i sjela, sa han då. Det er kva ein er van med, naturlegvis. Men det er nokon veldig interessante "mentalitetsskilnader" her.

Og så er det interessant å utforske ting. "Middelalderuka" skjer i Numedal kvart år - slik også det skjer middelalderfestivalar og dagar rundt om i Noreg. Men eg har ikkje nett brydd meg så mykje om det før. Men det er der, altså. Slik også det er folkemusikkfestivalar og anna rundt om i landet.



Monsen er på Lindmo. Han fortel om at faren hans var veldig strikt med han. Fem minutt for sein heim --> husarrest i ein dag. Er det bra, tru...? Monsen lærte å sove ute, å klare seg med lite mat om naudsynt, å fryse om naudsynt. Var det bra, kanskje...? Bror til Monsen vart rusmisbrukar og døydde. Monsen vart alkoholiker og klarte seg så vidt.

Berre han kom ut på tur. Der, sa han - hadde han ikkje behov for rus. OG: "Brikker fall på plass". Kva er det for ein metafor? Lause brikker ligg. Puslespelet er uferdig. Det kan skape disharmoni og indre uro og frustrasjon. Kan...kanskje særleg for oss nordmenn? Men når brikkene fell på plass, kjem det større biletet fram. Det blir vakkert, fyldestgjerande. Ein kan kvile, kjenne indre ro, på eit vis. Meistring. Harmoni.

Monsen snakka mykje om meistring i det å vere ute med sterke naturopplevingar, oppleve mange spennande og vakre ting i naturen, klare seg sjølv åleine. Han snakka særleg om: Soloppgang og solnedgang. Om at mørket er skremmande, men at ljoset er godt.

Alt dette er jo djup spiritualitet.

Meir også: Monsen fekk vite at mor hans hadde bakgrunn i kvensk og samisk kultur. Ho hadde bøker om draumetyding, om sjamanisme. No, seier Monsen, er han fast overtydd om "det overnaturlege", og at han kan ha kontakt med mor si.

Det reflekterast ofte i Monsen sitt språk. Han tyr til "andelege ord" ved sterke naturopplevingar, og sterke turopplevingar.

Det er ting Monsen har opplevd i naturen, seier han, som gjer at han har ein slik spiritualitet og ei slik tru. Nordmenn vil lett avfeie det, eller, ville det kanskje før. No er også forskninga med på laget. Naturen er mysteriøs og djup, ikkje noko vi forstår eller kan kontrollere på nokon heilskapleg eller endegyldig måte. Here be dragons.

Men skjønt, Monsen er ikkje redd for naturen, han lever i den og nær den. Som 9-åring hadde han skjelsetjande oppleving av å overnatte åleine ute. Det gav ei svært sterk meistring som var vanskeleg å forklare, seier han. (Kva er det for ei erfaring??) Då ljoset kom, seier han, vart frykta borte.

Monsen kjenner naturen - og respekterer den. Det har eg ofte sett. Han spelar på lag med den, veit korleis han skal finne sin veg. Men han respekterer den. Der han ser krefter, farer, backar han off, så å seie. Om det så betyr å gå ein lang omveg eller det vil koste han mykje. Han veit at "jegern er liten og vidda stor."

Monsen har kontakt med døde, og er oppteken av draumetyding. Norske kristne kan fort sjå dette som heidenskap etc. Men så kan ein lyfte blikket og sjå at kristenheita utanfor Nord-Europa jo driv med nettopp desse tinga, jamvel i sjølve liturgien og i dei heilage tekstane.

Nei, det er rart med Monsen. Han er på nokre vis ein "unlikely hero", men "hero" er han. Han er heile Noregs turkamerat, vart det sagt. Ja - og ein andeleg veileder og ein "onkel" for folk som vil lære friluftsliv. Og han tek med handikappa folk ut for å oppleve meistring. Eg gløymer jo ikkje ein av dei som var med der. Som sat mykje åleine i bustaden sin, utan håp. Men etter serien opplevde han at livet var meiningsfullt og godt, jamvel om han var multihandikappa.

Noko lærte nok Monsen av far sin og mor si og kulturen sin. Og eg meiner nok at Jesus også har vore ein veileder for Monsen, anten direkte eller via-via. Eg er no glad for at Monsen har funne saman med Tr Rein også, dei synest å vere bra for kvarandre.

Ja - det er sikkert ei god og interessant bok.

Lars Monsen; mitt liv
I dag var eg på tur, på ein heilt utruleg fin stad. Det er på den langstrakte åsen som strekker seg vest mot aust frå Tveitgrend mot Spotsjodd, med Bandak og Sundkilen nedover på kvar side. 



Det var mange kantarellar ute i skogen. Eg tok ikkje noko med denne gongen, har allereie sopp å ete. Men veldig fint, ja.


Dette er noko slags lav på trea. Det skein så fint i sola. 







Noko fascinerande som eg har skjøna, er at eg elg faktisk likar utsikt. Det har eg sett gong på gong. At elgar kvilar seg på utsiktsplassar. "Elg i solnedgang." Ja. Ganske tankevekkande, nok eit døme på at korleis ei menneskeleg lengsel eigentleg er noko som ligg djupt i mange andre dyr, og kanskje også har noko med naturen å gjere, eller, uh, Gud. "Det vakre" etc. 




Det var mykje vind i dag, veldig også. Her med utsikt ned mot Bandak brygge, der Breidalen og Skarprud bur + at det er hytter der nede. 





Noko slags mose eller sopp som eg ikkje kan hugse å ha sett før, men som var fin. Liknar sjø-anemone:


Bilderesultat for anemone sjø







Eg kosa meg med eit bål, lukt av brennande tyrived, djup grøn mose som var mjuk, utsikt mot Roholtsfjell og Hurrung, furutre rundt meg.












Opp på toppen.


Hm. Det er noko i dette. Denne plata vart gjeve ut for to veker sidan i fjor. Folk trekkast til skogen, som også meg.

lørdag 14. september 2019

Teknologi er ikkje nokon stor interesse for meg, men utviklinga går jo fort i vår tid, og ein fordel med det, er at dersom ein legg seg sånn fem år på etterskot, kan ein få bruka teknologi veldig billig. Til dømes eit kamera på Finn. Så det har eg kjøpt no, og eg håpar å få teke veldig fine naturbilete og leggje dei ut på bloggen her. Fylg med, fylg med, så skal vi sjå.


I dag eit bilete frå gamleveg. Der er det veldig fint. Teke for nokre veker sidan. No er det haust. Det er våtare, mørkare, friskare, kaldare. Haust! Mot død. Den store søvnen. Det er godt vi har ljosfesten - jol - midt i mørkret. 
Ser gjennom katolsk salmebok. Eigentleg interessant. Det er mykje liturgiske melodiar. Det har også Dnk fått no, m. a. med bibelsk salme for kvar sundag i kyrkjeåret. No har eg sett gjennom dei to fyrste salmeseksjonane, for "Gud Fader" og "Treenigheten". Salmane er i det store og det heile nett dei same som i Dnk-salmeboka. Nokre fleire salmar frå "embetsprestar" som Zetlitz, og frå folk som Welhaven og Grundtvig. Men salmar av Landstad, Bjerkreim og Brorson er der. Blir spennande å sjå vidare etter kvart. Men godt at salmeboka og liturgien på mange vis er økumeniske, og eg håpar at dette held fram, steg for steg.

fredag 13. september 2019

"Vi legger'n død". Seier nordmannen Jon Almaas. Og inviterer ein vitskapsmann.

End of discussion.

Vi har kunnskap.

Vi har relasjonell "fred".

Vi har litt mindre eksistensiell angst.

Vi har praktisk kunnskap.

Vi har fylt ut litt meir av puslespelet (vi veit rammene)

Veldig godt, så langt det rekk!


Men.


"Vi kan ikkje leggje han død". Vi inviterer ein vitskapsmann. Og lyttar, og funderer. Og held fram diskusjonen.

Viss vi vil.

Eller vi lever i "suspense". (Det er lov! Hjarta/kroppen har sine grunnar som fornufta ikkje forstår, og slik må det vere).

Vi har feilbar og reviderbar kunnskap.

Våre relasjonar er alltid dynamiske, prosessuelle, "in flux", ein del av eit scenario som alltid er i rørsle, alltid påverka av ein ekstremt kompleks (men kanskje likevel simpel?) røyndom

Eksistensiell angst vil det alltid vere. Korleis stille den - korleis finne fred? Å puste ut det vonde og vanskelege. Å puste inn det guddomelege mysteriet. Kanskje ete det. Kanskje ta det imot i ein klem. Eller skog. Leve praktisk i røyndomen og kome i kontakt med guddomeleg visdom. ("En arche æn ho logos", ikkje sant. Jesus kroppsleggjer den praktiske visdomen, tenkte ein).

Vi praktiserer vår kunnskap, men erkjenner grensene. Vi må respektere, ha ærefrykt. Vi er små. VI FORSTÅR SÅ LITE, OGSÅ OM OSS SJØLVE.

Vi er ei bylgje på det guddomelege havet. Las eg her om dagen.

Nei - vi kan også manipulere, ta del, men det gjeld å spele på lag. Med røyndomen. Om vi vil leve lenge i landet, og få ekte visdom.

Verda er ikkje eit puslespel, berre innanfor mindre kontekstar som blir vilkårleg avgrensa. Når ein går djupare, inn i dimensjonane, ser vi ikkje grensene, kjenner vi ikkje kompasskursen, veit vi ikkje nett opp eller ned.

Lenge trudde ein at Jerusalem var sentrum i verda, på ein disk med ein kuppel over, og stjernene gjekk rundt jorda.

Men noko kan vi jo spore og erkjenne, av naturen. Skjønt, kva? Når eg går i naturen no, så forstår eg at...eg kan ein del biologi. Eg kan lære mykje meir, fordi mystiske vitskapsmenn har arbeidd godt og hardt. Men kor djupt går mysteriet? Ingen veit, og overflatefenomena er framleis gyldige, så å seie.


Ja - eg meiner berre...Almaas norske modell og framgangsmåte har mykje godt ved seg, det er sikkert. Men den er også moderne-protestantisk, på godt og vondt. Vi kan aldri "legge'n død" (aldri - og det vil også vitskapsfilosofar vite godt; vitskapleg kunnskap er under kontinuerleg revisjon, og ingen veit nett korleis dette vil slå ut når nye paradigmer slår inn. Visste vi det sentrale eller visste vi det perifere? Etc. John Dupre, Disorder).


Bør ein så vere grunnleggjande platoniker, tru?? Eg lurar på noko slikt, men kven veit. Det er vanskelege problemstillingar overalt når ein freistar å tenke teologisk og filosofisk.


Bildet kan inneholde: 1 person, står og innendørs

Her på galleriopninga førre laurdag. Kjempebra arbeid dei driv i Vrådal, heilt topp. Kunst og kultur, eit "ope rom" med fellesskap, samlingar, livshjelp, uttrykk.

På biletet er Toralf M Hansen, som er ein primus motor, i gult. Heidi N. heldt foredrag om eigen kunst, og så er det Anna MH, og MEG og Ketil og Tove og ms. Lund og min far og Skipars som var mine lærarar i mine formative år, og så fleire statue vrådølar og kviteseidingar og fyresdølar.

torsdag 12. september 2019

















I dag var eg her, og eg hadde ikkje det blikket før, at eg såg kor vakkert alt er her. Dvs. ikkje så tydeleg som no.

Dei fyrste lauva fall mot bakken i dag. Det er haust.
På éin måte ikkje så vanskeleg å sjå kva ein må campaign med for å topple Trump.

Ein må tale til arbeidarklassene, betone deira verdigheit, viktigheit. Tale om gode velferdsordningar, betre fordeling. Sanders gjer langt på veg dette. Men han blir sett på som for radikal, for desse tinga går verkeleg imot grunntankar i amerikansk mentalitet, om fri marknad. Trumps "svar" til desse problemstillingane, er meir hawkish frimarknad. Det kjem antakeleg ikkje til å fungere på sikt. Det vil nok skape berre større skilnader. Dermed er USA in a pickle.

Det andre er å betone at ein vil attende til meir tradisjonelle verdiar, meir tradisjonelt samfunn. Mange ser 50-talet som idealet, blant Trumps veljarar. Tradisjonelle samlivsverdiar, eit rolegare liv, meir sivilsamfunn. "Make America Great Again!" Problemet er at liberal ideologi har drive utviklinga vidare til heile feminisme/pride komplekset, og natur sjåast som sosialt konstruerte hinder. Det er vanskeleg å snu klokka attende, gjeve denne ideologien.

Den same ideologien er moderne. Den vil ha meir effektivitet, meir pengar, meir "fridom", høgare hastigheit, fleire valmoglegheiter. Dette kan eit stykke på veg sameinast med det fylgjande. Men så seier det STOPP, og ein må velje, dvs. revidere ideologi. Eg meiner slikt som ro, meditasjon, fellesskap, venskap, kunst, kultur, sivilsamfunn og ikkje minst familieliv.

Så økonomisk liberalisme og verdimessig liberalisme er ein del av det same komplekset, og USA er bygd på desse verdiane, bank i bordet. Og heile ideen sprang ut av den splitta kyrkja, og det splitta "polis" i Europa.

Atwood peikar på diktaturet som endestasjonen for "the crunch" (eg har ikkje lese Handmaids). Det synest som at det trengst ein stegvis revidert ideologi, i alle fall, og eg trur Berman har rett: Den må finnast ved å gå attende i historia, ved å hente fram andre typar samfunnsformer og verdihierarki og ideal. "Slik vi var før". USA vil attende til "the 50s", men det er diverre ikkje langt nok, antakeleg, fordi dette var ei tid som var svært kapitalistisk og moderne, og såleis kan sjåast som ein slags mellomstasjon på veg til der vi er no.

Vi har noko av det same problemet også i Noreg. Antakeleg, trur eg, må vi attende til vår middelalderhistorie, og våre middelalderband til resten av Europa. Men revolusjonen på 1500-talet var djup, og kutta over mange av desse linene, og det er vanskeleg for oss å finne attende, både intellektuelt, teologisk, emosjonelt, sosialt. Vel - det er nok på ein måte uansett noko bra med det; endringar bør skje sakte. Utfordringa er vel å i det heile få dei til å skje.

Og altså: Katolikkar som Br Gregory opptrer som om dei katolske problema i seinmiddelalder ikkje var "essensielle", dei var berre ein del av tida, og kunne prinsipielt sett blitt ordna og reformert. Så enkelt er det diverre ikkje, sjølv om Vaticanum II gjorde mange steg i veldig rett retning for å møte moderne protestantisme og moderne vestleg tenking. Men eit perfekt samfunn og ei perfekt kyrkje får vi aldri. Det blir kompromiss.

Når alt dette er sagt, tenker eg også ein god del på forholdet mellom det å kvile, og vere til stades, i sin kultur - og det å vere på vandring, på reise. Ingenting er perfekt. Men mykje i Noreg er verkeleg veldig godt, spesielt på bygda. Også i kyrkja! Mykje er verkeleg veldig godt. Og det blir viktig å anerkjenne dette, glede seg over dette, leve i det. Kanskje før ein i det heile tenker på endringar. Tenke at Dnk også er ein "ståstad", noko å byggje på, noko å byggje vidare på.




Eg ynskjer å vere økumenisk katolsk/ortodoks/luthersk. Men også med erkjenning av det breiare moderne og liberale. Det er krevjande, så stundom er det godt å "miste seg sjølv" i konkret kultur og konkret natur og konkret fellesskap.

Hume sa: Når eg er lei av å tenke og berre har køyrd meg fast, så tek eg eit slag kort med vener, og når eg er ferdig, er alt gløymt.

onsdag 11. september 2019

På tur i Strauman. 

Det regna. Var vått. Eg fekk ikkje fyr. 

Eg tenkte: "Er det tre her, til fyring, kan det ikkje vere så vanskeleg å finne det. Kor mange moglegheiter er det?"

Eg tenkte på Roger, som hadde fått til å lage bål i regn. Han fann skjørtegran. Så det gjorde eg. Der var det omsider tørt. Eg fann vegen under stammen og sat der. I ly for regnet. 

Glør frå bålet kan skade tarpen. 

Under grana var det nesten tørt. Eg fann ein flaskepost(!) Eg opna den. Tre personar hadde funne, skrive, lagt att posten. Eg hadde ikkje penn. La den att under treet. 

Det var ein liten edderkopp der. Det var ein fugl eg høyrde, veit ikkje kva. Såg fisk som vaka. Det var glitrande vakkert, kameraet gjer det diverre ikkje rettferd. Skyer, sol, skugge, fjell og skog. 

Eg tenkte på treet, og var takknemleg, og lurte på kva det tenkte og følte om at eg skar av greiner og fyra bål rett under det. Trur det gjekk bra. 

Så gjekk eg heim, og fann kantarellar, som eg no et til kveldsmat. 






tirsdag 10. september 2019



Ein fyr som heiter Erik Normark lagar filmar frå naturen, med berre lydane derfrå, stort sett. Det er terapeutisk film, og gjev meg også inspirasjon til å stikke ut meir. Bålet er litt langt unna her, men. Kan ikkje blir varm av det der. Han vil vel ikkje skade tarpen.

Hausten er elles også herleg. Fargane, luktane, fuktigheita, den klare utsikten.

mandag 9. september 2019



Dette er veldig emosjonelt og tankemessig vekkande. til dømes minutt 26 og 35.

Mange artistar har kyrkjebakgrunn, og lagar musikk med høg kvalitet, men med ei slags håpløyse. Dei som har ein fot innanfor kyrkja framleis, er ofte dei mest interessante, og dei mest "håpefulle". Ein kan tenke Springsteen, som nyleg gav ut ei salmeplate. Han er "battlescarred", men han seier: "Once a catholic, always a catholic." Og det er sanneleg på godt og vondt.

Sundfør, ein artist eg verkeleg set høgt, har mista trua heilt, og ser ikkje vegen attende. Tekstane hennar er ofte håplause. Kva skulle ho gå attende til? Vestlandskristendom? Det passar for nokre, men ikkje for alle. Og det manglar jo "bruer" i den kristendomen, ofte, som kan leie til andre tradisjonar og spiritualitetar. Men dette er idehistorien vi alle er ein del av, som nordmenn, og det skjer mange gode ting, også i lågkyrkjeleg setting. (Dette er, og blir, også ein stor del av meg også, heile dette komplekset).

Skjønt - Sundfør har "mista trua" - men å miste trua går jo ikkje an, om ein ser vidt på det. Ein kan ikkje heilt miste trua på framtida, på medmenneske, på at skaparverket er trufast, på seg sjølv. Og ser ein vidt på det, er dette også å tru på GUD. (Gud er den som eksisterer, kjelda for alle ting, og vi kan kalle han for godleik, sanning, venleik, ljos, kjærleik). "Gud er ljos". "Gud er kjærleik". "Eg er sanninga". "Berre éin er god, Gud". etc. Men interessant nok talar tekstane til S om at ho har mista trua på båe delar. Det er interessant å tenke på kor nært dei to er knytte saman. Personleg røynsle og det store livsbiletet.

Men mange har kyrkjebakgrunn, ja. Så det er interessant. Uavhengig av kva ein måtte tru om sanning, så er det sosiologiske tradisjonar her. At kyrkja vekker kjensler, talar til djup, fostrar kulturuttrykk. Den gamle "religious/secular"-dividen bør ikkje bli for "policed", og dei som vågar å krysse grensene, bør få fridomen til å gjere det. Det krev at kyrkja er "trygg nok i seg sjølv", på ein måte. Har røter.

Nei - dette er vanskeleg når ein går inn i det, og kanskje bør ein ikkje for ofte gjere det. Ting er så komplekse, og det er grunnar for at vi har samfunnet som vi har. "Sanning" er vanskeleg å finne, eintydig. Prosessar er uforutsigbare. Godt med sunn kultur og sunne tradisjonar, religiøse og andre. Som ein kan kvile i. Eg ser no i alle fall ikkje noko "heile sanningi", så å seie.

søndag 8. september 2019

Gjekk pilegrimsvandring langs steinute strand ved Totak, mot Rauland kyrkje. Bylgjene slo inn mot land. Eg høyrde det, dei tala til meg, inn i meg. Steinane var runde og vanskelege å gå på. Folk var foran meg og bak meg. Eg var ikkje åleine. Eg tenkte, at, dette er godt. Dette opplevast godt. Kanskje pilegrimsvandring er noko eg bør gjere meir.

Eg tenker stundom på det. At eg kjenner på kall til å reise i fjell. Men kvifor? Ta insta-bilete så eg kan bli populær og kjenne sjølvrespekt? Få trening for å få god helse og musklar? Få eit klarare sinn og ein klarare livsveg? Eller? Finne Gud? Kanskje det er noko her, som manglar, som ikkje finst i norsk kultur. Men det er godt å gå i naturen uansett. Det er liksom ikkje feil.

Eg sat på båten Fram, det var godt. Det var betre enn eg hadde trudd, å sitje i frisk luft, kjenne på vatnet og sjå på skogen. Og hyggelege og fine folk rundt meg.

Eg høyrde munnharpe, det var også godt. Det var meditativt, eg ville ikkje at han skulle stanse, eg kunne ha site der lenge, kanskje 30 minutt og høyrd på og slappa av. Med familie og vener og sambygdingar rundt. God og djup og tradisjonell musikk. Eg tenkte på at eg kan bidra med slike ting med gitar, i kraft av å spele musikk frå hjarta, og ta musikken i bruk. Kanskje trengst det jamvel berre éin tone. Eller berre nokre få.

Vi sat ved bålet, det var også godt. Lenge. Såg på flammane, på solnedgangen, på fjella, og var i lag.

Vi spela brettspel. Når ein spelar spel, blir ein kjent med kvarandre, og eg får lyst til å synge. Det er aktivitet som gjer at ein gløymer seg sjølv, jamvel om ein har alle "benefits" av å vere i lag. Når spelet er ferdig, kjenner eg dei andre betre.

Det var nokre tankar for i dag. Ein god dag.

torsdag 5. september 2019

For example, if we start looking at neoliberalism it argues that any political or social issue that we encounter today must be seen through the lens of the market, the free market. It turns all problems into individual ones that can be solved in the market. If there's contamination of the water table, for instance, we should buy bottled water. That kind of attitude, that we should solve problems with the market and through individual activity and indivdual transformation is ultimately the same message that Oprah Winfrey sells to us.


Det er rett. Preus forstod det. Det er guddomeleg kjærleik - og vår kjærleik har den guddomelege kjærleiken som kjelde, får vi tru.

 

Også interessant. Ho gjev ein analyse av "festekulturen" ho var med i som ung, med mykje alkohol og seine netter. Det var ikkje noko bra, sa ho. Ikkje nyskapande; ho fekk ikkje det ut av livet som ho ville. Ho måtte også finne seg ein måte å vere på som kombinerte sosial radikalisme med eit ope og sunt livssyn.

Janei, Preus er ein "sekulær mystiker". "Det mest radikale jeg kunne gjøre," seier ho ein stad. Å våge å gå inn i seg sjølv. Ho fann nok attende til ei tru, men det som er mest tankevekkande for meg, er dei vasstette skotta som har vore mellom teologi/tru og poesi/litteratur/mystikk. Ikkje alltid - men i lågkyrkjeleg luthersk kristendom. Novel - det har vore mykje poesi, litteratur, mystikk også der. Men innanfor strengt regulerte rammer.

Det det har skorta på, trur eg, er skapingsteologien - dvs. å ha eit språk og ein teologi for å vurdere det komplekse som kjem frå "breiare kultur" som godt og guddomeleg, trass i alt anna komplekst og grumsete som måtte finnast der.

Men også å ha ein slags tradisjon og ein slags kyrkjestruktur som kunne tillate desse tinga. Skjønt, kanskje er det dette Dnk faktisk har gjeve.




Eg tenkte på dette i dag. Noreg er i randsona. Vi er det reint fysisk, ikkje sant. Vi er ut mot havet, ved enden. Vi er langt unna både Moskva, Paris, Roma og London. "Fra det høye Sverre talte Roma midt imot."

"Fra det høye".

Dette er ei viktig årsak til at Noreg er protestantisk, rett og slett. Den katolske biskopen freista å mønstre motstand frå Sunnmøre, men vi låg for langt unna Karl V si makt, og måtte difor overgje oss til Danmark. Vi låg dermed langt unna paven også, i fleire hundre år, på godt og vondt.

Kristendomen og livssynet i Noreg er radikalt - radikalt kristeleg og radikalt sekulært. Vi er ein utkant, ikkje sant. Det skaper mange interessante moglegheiter. Radikal dugnadsånd, radikal deltaking, radikal bibellesing, radikal tru, radikal kritikk, radikal utforsking. Det er intenst, så vi må nordmenn må halde avstand til kvarandre og gå opp vidda.

USA er jo også ein utkant av Europa. Reint geografisk. DIT kunne dei radikale rømme for å sleppe unna maktsentra. Dei mest radikale rørslene i USA finst i ytste vestlege utkant: SF, California, LA.

P Fjågesund har skrive ei bok om "nord". Kanskje eg må lese den også.

onsdag 4. september 2019




So it's happening. MF og religionsfeltet overtek som premissleverandørar, også i Noreg. (Eller kva?? MF-programmet om religion og politikk HER). I kjernen av kulturen finn ein teologi og kyrkje og eksistensiell tematikk. Sekulære demokrati vil gjerne at det IKKJE skal vere slik, og dei "tildekker" dei eksistensielle og religiøse røtene. Men det er det det er, trur eg, når ein berre går djupt nok ned. Ikkje som at "religion er alt", men som at våre livstolkningar og verdsbilete - og etterfylgjande politikk og verdiar og levemåtar etc. - har røter her.