tirsdag 25. juni 2019

[Bateman] was crazy the same way [I was]. He did not come out of me sitting down and wanting to write a grand sweeping indictment of yuppieculture. It initiated because of my own isolation and alienation at a point in my life. I was living like Patrick Bateman. I was slipping into a consumerist kind of void that was supposed to give me confidence and make me feel good about myself but just made me feel worse and worse and worse about myself. That is where the tension of American Psycho came from. It wasn't that I was going to make up this serial killer on Wall Street. High concept. Fantastic. It came from a much more personal place, and that's something that I've only been admitting in the last year or so. I was so on the defensive because of the reaction to that book that I wasn't able to talk about it on that level.[8]
— Bret Easton Ellis

Er sånn. Det er lett å "slip into the consumerist kind of void" i dagens samfunn. Ein treng kultur og fellesskap som vernar. 

mandag 24. juni 2019

I dag var ein god dag.

Fyrst i Brunkeberg i samband med noko musikkengasjement. Eg fekk omvisning på ein verkeleg rikhaldig gard der det bur veldig trivelege folk. Det var høner der. Eg var med og henta egg. Eg høyrde hanen gol. Ein hund var der, som var kjempe-imøtekomande. Ein katt som sneik seg rundt.

Eg såg det største og mest imponerande furutreet eg nokonsinne har sett. Eg vart heilt slege av det.

Etterpå såg eg eit tre som var meir fylt av usnea, "gubbeskjegg", enn eg nokonsinne har sett. Det var veldig spesielt å sjå det. Det spela på djupe strengar. Det var daudt, men nesten som...det var kledd i spøkelsesklede. Det likna på det kvite treet i Gondor.

Relatert bilde

Vidare til Vrådal - ut og besøke kunstgalleriet til Straumsnes i Vrådal i lag med born i familien. Vi såg på Louis Moes merkelege og mørke bilete, som har symbolikk og mytologi og natur frå Vrådal. Dei er verkeleg merkelege.

Vidare ut og fiske ved kanalen i Vrådal. Fullt av liv der. Oter. Fuglar. Eg bada. Lukter og lydar, og borna elska å fiske.

Så til kor i kyrkja, vere i lag med menneske. Synge.

Heile dagen hadde eg verken nett-tilgang eller mobiltilgang.

Det var ein magisk dag. Eg forstår ikkje kva som skjer med meg.

søndag 23. juni 2019

Det er noko eg tenker på med hundar. Hundar har psykologi som ein kan lære mykje av. Dyr generelt, meiner eg. Vi kan sjå oss sjølv i dyra. Lære om korleis vi "eigentleg" er, naturleg sett, på ein måte. Det at vi ser dyr som veldig annleis, som "dyriske" etc., har jo noko å gjere med den kulturelle perioden som vi lever i. Mennesket er eit særskilt dyr, naturlegvis, eit "rasjonelt" dyr. Men instinkta, kjenslene, nervesystemet, biologien - også mykje av tankane - har vi jo.

Det er interessant med ein hund. Ein hund som er sosial, ynskjer å vere trygg, vil vere i midten av folka han har rundt seg. Vil vere nær. Søker kontakt. Det er interessant.

Særleg tenker eg på dette med truskap. Ein hund likar IKKJE når nokon i gruppa forlet han. Han likar IKKJE å vere åleine. Han likar IKKJE å bli teke ut av rommet. Stundom er det naudsynt, naturlegvis.

Noko av dette har å gjere med tryggleik, forutsigbarheit. Eg meiner, hm. Ein kan snakke om verda på metafysisk og naturvitskapleg vis etc. Det er vanleg i moderne kultur. Men oftast blir det oversett at "verda for meg" også raskt blir "den metafysiske verda". For eit barn som gjennomgår eit vanskeleg familiebrot, dvs. at foreldra skiljer seg på vondt vis, blir SJØLVE VERDA ei ganske anna. Ikkje berre: "Åja, verda er god, dette er berre noko eg personleg opplever."

Stundom føler eg at moderne, sekulære, kapitalistiske protestantiske samfunn er spirituelle og kjenslemessige analfabetar (for å sitere I Bergman). (Dei kristne miljøa er ikkje unnatekne, diverre). "Idiotæs", for vi talar ikkje vårt eige språk, vi kjenner ofte ikkje ein gong orda og grammatikken for kjensler, det indre livet. Ja! Det tenker eg. Vi må til dyra og til karmelittar og urinnvånar-befolkningar for å lære å bli kjent med oss sjølve att, på ein måte. Eller til sunt bondevett hjå menneske som lever heile liv.


Og eg tenker på dette med tryggleik og truskap. Kor mykje godt som opnast når eg seier: "Eg blir her. Eg forlet ikkje denne staden, dette fellesskapet, desse venene." Det er som det seier "klikk!", og så snuast ein nykjel om, og dører opnast.

"at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –"

Eg tenker på det når eg går på tur:

Kor ubehageleg det er når eg må stoppe og knyte skoa. Og dersom dei eg går på tur med, seier: "Vi går berre vidare, vi." Det er faktisk nesten smertefullt. Men om dei seier: "Vi har god tid. Vi blir her og tek litt og drikke, og ventar på deg, for vi vil vere eit fellesskap" så er det godt.

Eller små nyansar eg kan spore i energien og andletet og kjenslelivet hjå menneske eg kjenner berre litt. Når eg seier: "Eg flyttar no, til ein annan stad." "Åh...ja vel, ja...ja, du må ha lukke til... :-( :-(" Eg tenkte: "Huh, kva skjer her - har det noko å seie for DENNE personen kva EG gjer?"

Så kjenner eg att den same kjensla inni meg, når nokon som eg kanskje berre kjenner litt, seier det same. "Eg skal ikkje bli her." ("Kvifor kjenner eg ei lita sorg inni meg for dette? Har EG noko band med denne personen?")

I miniatyr skjer det same når ein møtast, har eg tenkt. Den flyktige merksemda og livsstilen skaper uro. "Blir eg forlatt?" Blomar vil ikkje opna seg, kroppar vil ikkje opna seg, hjarta vil ikkje opna seg. Ein blir sårbar, og kan bli såra, når ein opnar seg. "Vil også de gå bort?"

Men å ha god tid, å gje god merksemd - er lækjande. Då kan ein våge å vise kven ein er, våge å bli avvist - for ein blir ikkje forlatt.

Men eg funderer på dette. At eg har vore, og framleis er, ganske unskilled i desse tinga. Det er vel slik det er å leve.


torsdag 20. juni 2019



Chakra etc. er frå ein austleg tradisjon. Eg trur nok at ein bør halde seg i sin tradisjon - og så varsamt hente inn impulsar frå andre. Ein må høyre heime ein stad. Men dette ovanfor gjev god meining for meg.
Ja, det er eit spørsmål om korleis ein skal forholde seg til kristendom og religion. Få seier dette - men dei fleste tek ting med ei stor klype salt, utan dermed å gje avkall på trua. Ein kunne seie at Vest-telemarkingar, til dømes, eigentleg er teologar. Det finst ein "sensus fidei" i V-T. Men den er skjult, uuttala. Ein må lytte nøye for å forstå den. Og eg undrast på dette. Om ikkje eg bør vere meir open for å la meg forme av denne delen av økumenet. "På fruktene skal de kjenne dei", sa Jesus. Og det er mange gode frukter i V-T. Slett ikkje berre på bedehuset eller i kyrkja. Der det er gode frukter - kjærleik, truskap, glede, skikk og bruk, offervilje, arbeid, familie etc. - der er det lurt å leite nøyare, trur eg. Uansett kvar i V-T det er. Der kan også kristendomen påverkast, for der vil det nok vere sunn spiritualitet.
Moderniteten er noko for seg sjølv. Mykje å seie om den moderne liberale ideologi. Men den vart til for å avgrense seg frå ei felles forståing av det gode, frå ei felles forståing av religion. Målet i moderniteten er for ein stor del at kvart menneske skal vere eit sjølvstendig individ. Det som fyller livet, er teknologi og marknadsoppfyllingar av oppdikta behov.

Men sunne menneskelege og naturlege behov blir motarbeidd. Behov for natur, for fellesskap, for ro og meditasjon, for mystikk, for tradisjon og kultur, for å høyre heime. Difor er det noko ganske "sjukt" over moderniteten, og den kjem ganske sikkert ikkje til å vare. "Sjukt", sjølv om det også er mange gode intensjonar bak den, og mange gode verdiar som bør vere med i eit større og sunnare rammeverk.

Med tanke på kristendomen, er det også grunn til å poengtere at kristendomen automatisk har dårlege odds i moderniteten. Det er heilt sant at moderne vitskap har funne ut mykje som set kristendomen i eit ganske anna ljos, og gjer visse ting ikkje moglege å tru lenger. Men det er også sant at den moderne mekanistiske røyndomsforståinga, som utelukkar kristendom, ikkje held mål. Verda er og blir "enchanted", sjølv om moderniteten fornektar det.

Så det er forvirrande tider. Best å halde seg til det som ein kjenner er ekte, meiner eg.

onsdag 19. juni 2019

https://www.dissentmagazine.org/online_articles/an-interview-with-jean-claude-michea

Svært interessant analyse frå Jean Claude Michea. Eg vil nok markere meir avstand til Marx, som eg ser som for sterkt forma av moderne dynamikk. Men elles mykje interessant sosial kritikk av den moderne nyliberale ideologi og elite.



The problem is that it strikes me as very difficult to speak of “value neutrality” without reintroducing all the assumptions of political, economic, and cultural liberalism! Lurking behind all these constructions of liberal philosophy is the idea (born during the traumatic experience of the awful seventeenth-century wars of religion) that since human beings are naturally incapable of agreeing on a definition of the “good life” or the “salvation of the soul” (moral and cultural relativism being logically inherent in liberalism), only a complete privatization of all the moral, philosophical, and religious values that allegedly divide us—and simultaneously imply the creation of a new kind of state, which is minimal and “value neutral”—can guarantee to each individual, in a pacified political framework, the right to choose the way of life that best suits them.

 On paper, such a program seems very appealing (particularly when one believes, with Marx, that “the free development of each is the condition for the free development of all”). The problem is that the imperative of “value neutrality” (or, if one prefers, the ideology of “the end of ideology”) always compels political and cultural liberalism to rely sooner or later on the market’s “invisible hand” to ensure a minimal common language and some social bonds, without which society could not reproduce itself in a lasting way.

tirsdag 18. juni 2019

Ein hund har kjensler. Den blir lei seg når nokon forlet den. Engasjert når den ser andre dyr og menneske. Aggressiv når den blir truga. Varm og glad når den får fysisk kontakt. Trygg når den får vere i lag med andre menneske i ro. Uroleg når den kjenner andres uro. Forvirra når ein prøvar å snakke til han utan at han forstår. Etc. Planter og tre har kanskje også liknande kjensler :-s I alle fall har dei mange av dei same kjensleregulerande kjemikalia i kroppen sin.

Eg tenker på dette, for natur er på mange vis "korrektiv" til crazy kulturar. Descartes sa trass alt at dyr ikkje hadde sinn i det heile teke. Filosofar kan seie at alt berre mekanikk, byggjeklossar og at kjensler er illusjonar etc. Illusjonar er det mange av. Naturen kan lære meg. Eg går i skogen, der det er vakkert, og tek av meg på beina. Eg tek inn inntrykk, lukt, lyd, fargar, figurar. Og seier: "Dette er ekte. Dette er ekte. Dette er ekte. Dette er ekte."

Korleis skal vi vere i kontakt med, og uttrykke kjensler? Det kjennest veldig godt å vere i kontakt med dei, som at livssevja og den indre dynamikken sakte glid inn. Og som at eg kan finne diamantar på ukjente stader. Som då eg var på kor, og ein god ven som eg ikkje hadde sett på lenge, sette seg ned, spøka og lo. Det skjedde kjensleting inni meg - glede og energi - ting eg ikkje hadde kontroll over. Men ein må vere open.

Eg ynskjer denne boka, men det kostar pengar :-s Kanskje eg berre skal bruke av prestepengane eg tener, og kjøpe likevel.

Bilderesultat for buhner secret teachings pdf

lørdag 15. juni 2019

"Vere på bylgjelengde"

Kva betyr det? At dine bylgjer har same lengd og frekvens som andres.

Ein svaiar med same rytme, litt som tre i skogen. Når vinden blæs.

Eller som bylgjer som slår inn mot stranda.

Det er også noko seksuelt i det. Eller også sensuelt, som ein dans.

Det er også å hengje seg til noko ein ikkje nett kan forklare - "rommet" mellom menneske. Som i ein mystisk, musikalsk dans, ja. Eller også ein open hjarteopen samtale.

fredag 14. juni 2019

Las om Japanese Knotweed. Skal vere bra for borreliose og visse kroniske infeksjonar. Kjøpte på ebay, tørka planter. Laga tinktur.

Eg lukta på det. "Det der har eg lukta før". Det lukta godt. Det lukta som på feriestaden i Larvik, der eg var kvar sumar frå eg var barn.

"Har vi verkeleg denne planta i Noreg?"

Eg googla den. Den heiter "Parkslirekne" i Noreg. Eg såg på bileta. "Den stengelen har eg sett før! Og ikkje langt unna heller."

Eg gjekk ein liten tur utanfor bustaden min, langs grusvegen. Nokre hundre meter oppi vegen såg eg den plutseleg, in all its glory. Ein stor og frisk busk: Japanese knotweed. Ein av dei sterkaste plantemedisinane vi har.

Det er ikkje fyrste gong dette skjer - altså. Sei, 70% av plantene eg ser er anten sunne å ete, eller medisinelle på ein eller annan måte. Eg trudde dei fleste planter var uetandes eller giftige. Slik er det ikkje (nokre er det).
Eg les "Classics". Shakespeares Hamlet og Macbeth. Snorre og Homer. Tenkte eg skulle gje meg meir i kast med Platon.

Men det er ei utfordring å passe dette inn i livet. Uttrykke det. Leve det. Ritualisere det. Diskutere det. For det trengst kultur.


torsdag 13. juni 2019

Livet i Kviteseid er godt, meiner eg.

Her er fin natur og venlege menneske. Her er rimeleg sunn kristendom. Masse lag og foreiningar. Her er festivalar og arrangement. Her er masse moglegheiter for å utfalde seg. Her er ikkje så mykje marknadspress og drit. Her er ikkje så mykje statusjag og drit. Her er rimeleg tradisjonelle verdiar, men likevel rom for å skilje seg ut (eller?)

Det er mykje å vere takknemleg for. Når ein fyrst ser etter, og fyrst er viljug til å jenke seg litt etter kulturen, ser ein at det er veldig mykje moglegheiter også. For å delta, utfalde seg, oppleve. Anten i Kviteseid, eller Seljord eller Bø, eller Rauland. Jo, her er godt.

Mørke ting også, kanskje. Alkoholisme og einsemd. Sår frå barndom og ungdom. Spenning knytt til tru og kristendom. Litt for snever kultur, stundom? Festekultur som kan gå over stokk og stein. Ting eg ikkje kjenner så godt.


Det er lett å hoppe på ein trend. Anten det er evangelikalisme, PRIDE, høgrepopulisme eller whatnot. Det er lett å la seg rive med, og gå heilt inn for noko. No har eg levd lenge nok - eg har hoppa på fleire slike trendar sjølv. Eg veit at eg kan ta feil. Og vil måtte revidere ting. Eg veit i alle fall noko om korleis også vitskap og forskning og bøker er vevd inn i større rørsler, større trendar. Så kva gjer ein - for å leve vist?

Klostertradisjonen seier at ein bør trekke seg noko unna. Det er visdom der. Å finne det som verkeleg betyr noko, det som er verdifullt, det som er nært. I fellesskap. Leve sakte, leve over tid. Forutsigbart og stabilt. Men i fellesskap. Kloster kan også bli kvelande, undertrykkande, ufrie. Men noko er det å lære der for alle, vil eg meine.
Ein kunne seie: "Vi skal vere vitskaplege i våre liv, våre røyndomsforståingar" Ikkje dumt. Kva er vitskap, anna enn erfaring, refleksjon, meditasjon? Novel, så enkelt er det ikkje. Men kanskje - ideelt sett.

I vesten vil ein fort då tenke at ein kan ende opp med eit puslespel, eit bilete. Det er ein tanke som berre kan haldast oppe med makt og vald. Ved å få brikker til å passe i det ein skjer dei til. Ved å la masse brikker liggje att i boksen.

Kva er "puslespel" no i det heile for ein metafor? Eit bilete. Biletet er mogleg å finne. Det er enkelt, som med eit barn. Vi har avskorne brikker å forholde oss til. Alt passar. Det er ein "ting", ikkje noko levande og dynamisk.

Etc. etc.

Nei - vitskap må vi ha. Kva liv vi har, kva vi trur, kva spiritualitet vi har. Det er noko ganske anna og langt meir fyldig (men ein gjer lurt i å lytte til vitskap der den er relevant).
Noko fascinerande med å bli eldre.

Ein ser kva livet dreier seg om. Dei viktigste livssfærene, dei viktigste livshendingane. Ulike måtar å vere menneske på. Til dels, då. Og til dels ulike kulturar.

Så ser eg meir kva som verkeleg er viktig i livet. Kva livsmønster som gjev visse konsekvenser. Kva som er vise levemåtar, kva som ikkje er det.

Det er godt å vere vaksen, må eg seie. Eg ser lettare gjennom ideologien, og ser kva som er ekte.

Det krev dog mykje i vår tid - den liberale ideologi, som jo har mange gode grunnar for seg, vil ikkje favorisere visse verdiar, livsmønster etc. Marknaden set profitt høgast, og tek veldig gjerne i bruk lygn og manipulasjon for å selje meir. Ein må ha nokre gode kjelder som er i kontakt med røyndomen, liksom. Sunn kultur.

Og freiste å halde seg i denne kulturen. Det er for mykje å halde alt inni hovudet som eit system. "Hugs på dette. Ja, og hugs det." etc. Det gjeld å få leve det ut, å leve i røyndomen, så å seie.

 

Før tykte eg denne songen var kjip. Eg var prest, og spela den for eldre menneske. "Jaja, om dei vil synge den, så kan vi godt det." No likar eg den mykje betre, for eg har levd den.

onsdag 12. juni 2019

Og nå.

Kulturuttrykk. Eg høyrer musikk, ser film. Fylgjer med, trur eg, nokonlunde, på kva som skjer i vesten. Her er eit spørsmål:

Kvar finst varme, håp, glede, ein positiv "outlook"? Eg meiner ikkje sånn "hahaha" sitcom. Eg meiner verkeleg heilskapleg varme og glede og håp. Som at: "Det kjem til å gå bra, til slutt. Vi har kvarandre. Vi har håp. Vi har mykje å gle oss over. Gud er med."

Kva kulturuttrykk?


Lese så mykje som mogleg på kortast mogleg tid. Kartleggje, lære. Puslespelet må fyllast ut for at eg skal få tryggleik, og ingen skal overfalle meg frå ein mørk stad. Civ, få bort dei mørke flekkane for å få eksistensiell tryggleik.

Kanskje var det naudsynt, kanskje var det godt.

Men no forstår eg meir og meir kva ein "classic" er. For. Røyndomen er ikkje språk, er ikkje fyrst og fremst logikk. Kanskje er røyndomen på botnen logisk, kva veit eg, men eg tvilar. Logikk er abstraksjon av språk, og er "fattigsleg", vil eg meine. Røyndomen er fyldig, mysteriøs, botnlaus, svimlande. "Vesle vitet strekk ikkje til - ei tru lyt stydja under." Vit og vitskap er bra. Men.

Ein klassiker. Noko ein kan kome attende til, attende til. Eg forstod det ikkje før. Eg gjer det meir no. At eg kan finne likesåmykje røyndom i ein liten patch i Kviteseid, eller i nokre få bøker, eller i eit lite fellesskap av vener og familie - som om eg las titusen bøker og reiste verda rundt og snakka med nye menneske kvar dag. Ja - det er meir enn dette. Det nære kan gje MEIR innsikt i røyndomen.

Eg har skjøna dette, med musikk, til dømes. Med natur. At det er viktig å vere heilt nær dei minste tinga. Skal eg bli ein god musiker, så må eg verkeleg lytte, med hjarta. Til små nyansar, til små rørsler. Eg har nok tid, meir enn nok tid - dersom eg prioriterer det som er verkeleg viktig.


Du skjønar. Roholtsfjell er mitt heilage fjell. Eg har mange gonger fått eit bilete inni hovudet mitt. Av at eg går til fjellet oppe ved Såtedalen og heller olje og vin som eit takkoffer. Kanskje eg faktisk kan gjere det, så lenge eg gjer det i Guds namn. Det er trøyst i fjellet. Fjellet er heimsleg. Stort. Trygt. Bestandig. Naturen er levande. Også stein? Neimen om eg veit. Men planter er det. Og vinden og veret? Ja, mon det.

Eg likar biletet - det viser ulike vegar til det heilage fjellet, der ein kan møte




Til sundag er det familiegudsteneste som eg skal ha. Eg skal freiste å dramatisere Rublevs ikon, sidan det er treeiningssundag. Kva kunne vere betre?
USA går kanskje til hulivøll, men kva skal ein så gjere? "The monastic option" blir relevant - å trekke seg attende i mindre fellesskap borte frå destruktive straumar og påverknadskjelder. Ta vare på djupe og sunne tradisjonar. Halde rett fokus på det gode liv.

Hm. Eg føler nok at Kviteseid er litt slik. Holy moly. Det er viktig å vere klar over farane ved eit slikt liv også - dei er ikkje så reint få. Dvs. fare for alle slags andelege feilsteg, så å seie. Den fyrste klosterrørsla gjekk i mange av desse fellene, og dei fyrste seriøse klosterreglane var svært medvitne om dette.

tirsdag 11. juni 2019

Det er vanskeleg å vite kva som er meininga med det korte livet.

Men ein veit no noko om kvar ein bør gå for å få meir ljos. 

Stilllheit. 

Natur. 

Ekte relasjonar. 

Det vakre. 

Teikn på godleik. 

Indre liv. 

Nokre gonger vil eg at kristendomen skal vere sann. Nokre gonger vil eg det ikkje. Nokre gonger er det tru som søker forståing. Nokre gonger er det tvil som søker forståing.



søndag 9. juni 2019

Kapitalismen slepp unna altfor lett. Marknadskapitalismen gjer enormt med skade - ENORMT. Men den er fundamentet for velferdsstaten, individualismen, konsum som livsprosjekt. Så politikarar vil ikkje kritisere den.
Er kristendomen "sann"? Vel - vanskeleg å seie. Noko må ein tru, nokon slags visjon må ein ha. Og tolka i beste meining er kristendomen eit betre alternativ enn det meste. D Cupitt sa at dei metafysiske påstandar i kristendomen ikkje kan bli trudd lenger, og at vi må bli buddhistiske kristne. Det var mykje rett og sant i hans refleksjonar. Men den var til sjuande og sist for dikotomisk, trur eg. Anten sant eller usant, så å seie. Som om vi "veit" at moderne, sekulær, vitskapleg fornuft gjev oss eit truverdig verdsbilete. Men det er ikkje tilfelle, og då er things up for grabs. Skjønt, kva meiner ein med "kristendom"? Open, økumenisk, tradisjonell, kanskje. Hm.
Two weeks later, I’m back home in Washington, DC. It’s about 9 a.m., and I get on the elevator in my building. There are three other people there, and I say, “Good morning!” as I walk on. They just stare at me, as though I had spoken in Urdu, or was initiating the opening phase of some bizarre and dangerous ritual. Normally, I just give up; nonresponse is pretty common in the land of Edward Hopper, where the citizens are so stressed out that they wall off the world as a reflex. But this morning, still carrying the glow of “Venus” inside me, I don’t want to throw in the towel, I don’t want to accept this profoundly antisocial value system. “What?” I exclaim; “nobody says ‘Good morning’?” Embarrassed, they fall over themselves now to reply to my greeting. For a brief moment, I shocked them into base-level civility. But as I and they well know, it’s not going to last.

 There is no doubt about it: I am home!

lørdag 8. juni 2019

Vanskelege tider ligg foran, for det liberale hegemoniet går antakeleg mot anten ein slags ende eller ein slags radikal transformasjon. Og ingen veit eigentleg kva som skal overta.

https://unherd.com/2018/10/deluded-liberals-cant-keep-clinging-dead-idea/?=refinnar

Sjølv tenker eg nok tentativt at det gjeld å finne attende til røter, tradisjon, sivilisasjon. Men spørsmålet er då om vi alle bør bli katolikkar, liksom. Kor vist vil det vere?? :-s I VL har eg gjort meg til talsmann for varsam økumenisitet, og det står eg for.

Noko er også slik: Har vi mat og klede skal vi vere nøgde med det. Kva treng eigentleg eit menneske, for å ha eit godt liv? Familie, vener, lokalsamfunn, sunn og brei kultur, sunn mat og klede, eit meiningsfullt arbeid, leik og fest. 

fredag 7. juni 2019

 How did the American Empire persuade so many people around the globe for so long that it wasn't a racist violent ugly corrupt and hideously unequal sh1thole? People laugh at The USSR and Communist Chinese propaganda films, music etc, but they are dwarfed by the scale of dishonesty and lies that the US empire vomits out under guise of 'entertainment'. Thus, many Non Usians really believe that All Americans are slim, muscular, drive sports cars, live in condos by the beach etc. Slavoj Zizek has a good piece dissecting the movie "La La Land" where he reads it as a type of communist propaganda where the two protagonists sacrifice their happiness, their love for each other etc, in service to State Ideology. But instead of the glorious motherland, they sacrifice their humanity in order to become 'successful' in their 'careers'.

http://thephilosophicalsalon.com/la-la-land-a-leninist-reading/

Many non Usians I know who have emigrated to the states did so under this brainwashing, and were also young, driven and pretty selfish at the time: prime US fodder. However, as they have aged, they have realised what a terrible mistake they have made, but unfortunately many feel stuck there.
Eg set meg inn i planter, urter, medisin etc.

Eg har eit fint lite jordfelt nedanfor der eg bur.

Eg rydda det tidleg i vår. Det var masse greiner og stash her.

Det eksploderte med flotte planter, gras, buskar.

I dag tok eg kantklypparen og "desimerte" det. Medan eg gjorde det, tenkte eg "men i helvete, kva driv eg med? Vil dei kunne tilgje meg for det her?"

Jaja - kva verd er det vi lever i? I går sat eg på Rokk cafe og kosa meg storleg. Eg snakka med nokre der, fekk god kaffi og te, og las bøker.

M. a. Bellahs Religion in human evolution. Der blir religion definert som symbol som fører oss inn i ei ny verd, så å seie. Kva verd lever vi i? Vel, denne, obviously. Men kva verd er det? Sjå, det er eit stort mysterium. Nokre seier: "Vitenskapen fortel oss", men det er naivt. Andre vil seie: "Vi har berre vitskapen til å fortelje oss", men det er nok også naivt.

Kva er planter? Ja, sei det.

Neida, ein må kunne rydde planter, men eg er betenkt. Plantene er der av ei årsak, økosystemet ser at det er godt. Menneskesinnet vil ha det reint og feia og fjelga (for å gje ein allusjon). Rein plen utan løvetann. Men kvar plante spelar ei rolle, mistenker eg.

Rart med det. Eg les om kva planter som er godt for meg når eg har svak helse. Dei fleste av dei er rett utanfor døra mi! Meir enn dette: Før trudde eg at få planter var etelege, og at det blant dei ikkje-etelege var mange giftige. Det er omvendt. Nokre få er giftige, og dei fleste er etelege.

Ein kan prise og vende seg til ei plante - og samstundes seie at Gud er Gud. Dvs. dette er innanfor ortodoksi. (Les Newman om Arius)
"Hugsar du den vesle dvergen i Grimms eventyr, Rumleskaft, han som kunne spinne strå så det vart til gull? Det er det vi er her på jorda for å gjere, meiner eg. Igjen, når alt kjem til alt, så dreier dette seg om kva du ynskjer at livet ditt skal handle om.

Livet ditt kan ikkje handle om å trakte etter makt *og* på same tid å lækje sjela di, samfunnet ditt, kulturen din, eller verda (på hebraisk: Tikkun Olam). Desse to tinga er gjensidig utelukkande.

Det same gjeld det å nære, eller det å konkurrere. Det er ikkje berre to ulike måtar å oppføre seg på. Dei to er også ulike slags sinnelag, to motstridande måtar å vere i verda på. Den sistnemnde vil til sjuande og sist gjere at sjela di rotnar, den vil øydeleggje deg innanfrå.

Det gjeld å kjenne ditt eige, løyndomsfulle ord, det ordet som gjer det mogleg å gjere strå til gull. Nøyaktig kva dette ordet, og gullet, er for kvar einskild av oss, er ikkje så viktig. Det som betyr noko, er at du har gullet inni deg."

Morris Berman, Spinning straw into gold. Straight talk for troubled times.



Bilderesultat for rumpelstiltskin


torsdag 6. juni 2019

U know - det er vanskeleg med emosjonar.

Emosjonar er jo viktige. Livspuls. Energi. Chi. Seksualitet. Sinne. Sorg. Glede. Kjærleik. Humor. Spenning.

"Jo viktige". Dei er sjølve livet, på mange vis.

Men dei er også uregjerlege, eller som eit kaos - kan vere.

Tradisjonar har søkt å sløkke dei ut, eller halde dei under kontroll. Vi lever i eit slikt samfunn, jfr. Taylor og stoisismen, i Secular age.

Kulturen treng utløp for kjensler. Ritualiserte, kanskje. Tradisjonsbundne.

Kjensler skaper band, og kommuniserer. Det er også vanskeleg. Kva skjer då? Kva skjer no? Kva gjev eg meg ut på?

Men å stenge kjenslene inne, har også konsekvenser. Dobbelkommunikasjon, såra kjensler, daude relasjonar.
Eg gjekk til tarot-lesing hjå ein druide. Han sa at eg hadde to val. Eg kunne gå ut i verda og bli som biletet av ei kreativ dame. Eller eg kunne bli på heimstaden og bli som biletet av den autoritative og mektige far. Underleg. Dame er eg ikkje. Autoritetsbiletet var skremmande for meg - og for andre (?) Ein kunne seie at tarot er bull, og at det leier til usunne band. Men det var noko uncanny med analysen. Han las meg godt.

Jo. Kreativitet er i sjela mi. Kreativitet er også avvæpnande, fritt, emosjonelt styrt. Intellektuelt arbeid, særleg innan tradisjonar, gjev valdsam makt. Det har eg. Det er også ei problemstilling - korleis ein skal forholde seg til autoritet og makt. Bruke det godt og rett.
Ein kan gå inn i kulturen. Bli ein del av den. La kulturen lære ein korleis ein skal leve, og kome i harmoni med andre menneske. Det er nok det beste.

Men om ein vil endre kulturen? Vil søke sanning? Vil bli ein profet? Eller ein som freistar å finne ut kva som er sunt? Ikkje alle har eit val. Ein må bli ein trailblazer, skal ein overleve.

Men ein kan bli ståande i spenning til andre menneske då. I strid. Det er ei sentral konflikt i livet, på ein måte.

Ei vis dame i Vrådal sa: "Slik er det av og til. Du må trekke deg attende, og så finne styrke, finne deg sjølv. Så kome attende til fellesskapet."


“Those friends thou hast, and their adoption tried,
Grapple them to thy soul with hoops of steel;
But do not dull thy palm with entertainment
Of each new-hatch'd, unfledg'd comrade.”

søndag 2. juni 2019

Pinker is part of the desperation of a dying empire and, more comprehensively, an entire way of life. I'm certainly not saying that modernity doesn't have its benefits, but like any huge socioeconomic/political system, it also has its down side. The same can be said, for example, of the Middle Ages. But modernity carries its own propaganda, designed to mask its down side and to also mask the up side of premodernity (some of the stuff I discuss in the Reenchantment bk, for example). Now that the dark side of modernity is becoming obvious, now that modernity is starting to fray at the edges and not look so hot, defenders like Pinker come to the fore to rescue it--with poor scholarship.

It all reminds me of that fleet of thick bks of the 90s and after, about the Founding Fathers--trying to show how great America really is. If it *were* really great, there wd be no need to try to prove it.

lørdag 1. juni 2019

Alt er nær - for den som opnar seg opp. Alt er eit mysterium. Alt kan ein lære av. Alt kan ein la seg prege av. Men mest natur - menneske - møte - musikk - resonans. For meg.

Bilderesultat for alt er nær meg

Bilderesultat for hartmut rosa resonanz