fredag 19. oktober 2018

Når eg har krefter, er det er interessant å blogge og dele tankar. Skulle gjerne gjort det meir i real-life settings, men bloggen er også ein fin substitutt.

No vil eg dele denne tanken:

Så viktig det er å bli anerkjent. Wu-wei, seier Dao-de-ching. Det betyr: Minst mogleg energibruk, mest mogleg i flow med universet. Så det er viktig å bli anerkjent for den du er, at du kan uttrykke deg sjølv, din natur på godt vis, og anerkjennast for dette. Det blir gift exchange. Det er viktig for sjølvrespekten, for kjensler, for helse, for fellesskap.

Men alt dette er på ein måte i krise i vår tid, både fordi kultur ikkje står høgt i kurs, fordi det er mykje forvirring rundt og motstand mot å tale om menneskenatur, og fordi samfunnet blir automatisert, teknologisert etc. Og mange liberale politiske retningar, som naturlegvis har sine verdiar og styrkar, går imot naturlege strukturar, rammer etc. Så dette er komplekst og samansett.

Men, min "takeaway" frå dette, er at eg må hugse å anerkjenne menneske for den dei er, og det dei gjer. Ved å gje ei gåve, rose nokon, fortelje kva eg føler når eg møter nokon som påverkar meg positivt. Og eg må også lære å ta til meg andres anerkjenningar, og mine eigne anerkjenningar av meg sjølv.

For meir lesing kan Arthur Lovejoy vere bra. Eg vart også påverka av John Milbank i denne saka. Og naturlegvis han amerikanske professoren som skriv om Wu-wei, du finn det på amazon.