tirsdag 27. november 2018

Bakteriar er visst meir intelligente enn menneske, på mange vis. Hu nu? Vi lever i eit hav av bakteriar. Mange er gode for oss. Mange er ikkje. Så det gjeld å leve sunt og vist, og på lag med natur, eigen og den rundt oss.

James Shapiro, Eshel Ben-Jacob, Pamela Lyon.

mandag 26. november 2018



Check it. Nixey har ein interessant bakgrunn, det er ein Times-artikkel om den som eg ikkje får lest pga paywall. Foreldre som var munk og nonne. NYT hoppar på denne boka, veldig interessant. USA står mellom fundamentalisme og sekularisme.

Men tematikken er viktig, gler meg til å lese boka. Det er ein kamp i historieskrivinga om den tidlege kyrkja. Gibbon var god, men veldig slanted. Seinare har RL Fox skrive ein veldig god studie også Wilkens' Christians as the Romans saw them, og naturlegvis DB Hart.

Jenkins har skrive ei god melding av boka i Christian Century. Men i alle høve veldig interessant tematikk, trur det er mykje å lære av "båe sider" i dag, spes. med tanke på at vi lever i ei anna tid enn rundt år 300.

fredag 19. oktober 2018

Når eg har krefter, er det er interessant å blogge og dele tankar. Skulle gjerne gjort det meir i real-life settings, men bloggen er også ein fin substitutt.

No vil eg dele denne tanken:

Så viktig det er å bli anerkjent. Wu-wei, seier Dao-de-ching. Det betyr: Minst mogleg energibruk, mest mogleg i flow med universet. Så det er viktig å bli anerkjent for den du er, at du kan uttrykke deg sjølv, din natur på godt vis, og anerkjennast for dette. Det blir gift exchange. Det er viktig for sjølvrespekten, for kjensler, for helse, for fellesskap.

Men alt dette er på ein måte i krise i vår tid, både fordi kultur ikkje står høgt i kurs, fordi det er mykje forvirring rundt og motstand mot å tale om menneskenatur, og fordi samfunnet blir automatisert, teknologisert etc. Og mange liberale politiske retningar, som naturlegvis har sine verdiar og styrkar, går imot naturlege strukturar, rammer etc. Så dette er komplekst og samansett.

Men, min "takeaway" frå dette, er at eg må hugse å anerkjenne menneske for den dei er, og det dei gjer. Ved å gje ei gåve, rose nokon, fortelje kva eg føler når eg møter nokon som påverkar meg positivt. Og eg må også lære å ta til meg andres anerkjenningar, og mine eigne anerkjenningar av meg sjølv.

For meir lesing kan Arthur Lovejoy vere bra. Eg vart også påverka av John Milbank i denne saka. Og naturlegvis han amerikanske professoren som skriv om Wu-wei, du finn det på amazon.

onsdag 22. august 2018

Test